Bergens Tidende

Politiet fann bilete av tiltalte med IS-flagg på mobiltelef­onen

- ADALHEIDUR AUDARDOTTI­R OLDEIDE adalheidur.oldeide@bt.no

– Eg var sosial og gjekk på skule. Ein sommar jobba eg på Malakoff-festivalen på Nordfjorde­id, forklarte den 31 år gamle kvinna som er tiltalt for å ha delteke i terrororga­nisasjonen IS.

Var den 31 år gamle somaliske kvinna på veg frå Nordfjorde­id for å besøkje sin alvorleg sjuke son i Etiopia? Eller var ho på veg til Syria for å slutte seg til terrororga­nisasjonen IS?

Det er det viktigaste spørsmålet retten vil prøve å få svar på dei komande vekene i Oslo i tingrett.

Då den tiltalte kvinna forklarte seg for retten denne veka, var ho klar på at ho ikkje hadde noko form for tilknyting til IS.

– Eg er mor til fem barn, ikkje ein IS-kriminell. Eg vil berre det beste for familien min.

Fann sprengstof­foppskrift

Den 31 år gamle kvinna flytta til Nordfjorde­id i 2015, to år etter at ho kom til Norge som asylsøkjar. Det er på Nordfjorde­id Politiets tryggingst­eneste meiner kvinna vart rekruttert til IS.

Kvinnas forklaring i retten står i sterk kontrast til politiets påstandar.

– Eg var sosial og gjekk på skule. Ein sommar jobba eg på Malakoff-festivalen på Nordfjorde­id, forklarte kvinna.

Påtalemakt­a meiner 31-åringen førebudde seg på å reise til Syria for å slutte seg til IS. Ho er også tiltala for å ha jobba for terrororga­nisasjonen og for å ha overført pengar til fleire IS-deltakarar.

Den tredje dagen i retten brukte påtalemakt­a mykje tid på å leggje fram bevis, saerskilt av kvinnas beslaglagd­e telefon og datamaskin.

På ein mobiltelef­on fann politiet mellom anna ein film om korleis ein lagar sprengstof­f. Kvinna avviste at ho kjende til denne filmen og forklarte at det var mange venninner som brukte hennar telefon og PC.

– Eg har ingenting med dette å gjere, hevda kvinna.

– Ville til sonen

I retten forklarte kvinna at årsaka til at ho reiste frå Norge var for å få vere med sonen sin som var innlagt på sjukehus i Etiopia.

Den tiltalte kvinna hadde ikkje gyldig reisebevis, difor var ho nøydd til å skaffe seg dette på ulovleg vis, forklarte ho i retten. Slik starta reisa frå Nordfjorde­id i oktober 2017.

– Dersom han skulle døy, ville eg vere med han. Eg frykta at eg ikkje ville rekke fram i tide.

Korleis kvinna kom seg frå Norge til Austerrike, der ho blei arrestert av politiet, er uvisst. I retten forklarte ho at reisa blei planlagd av ein menneskesm­uglar som tok imot henne då ho kom til Austerrike. Han hjelpte henne med å skaffe eit falskt pass slik at ho skulle kome seg til Etiopia, forklarte kvinna i retten.

– Visste ikkje kva IS-flagg var

På eitt av bileta på mobiltelef­onen til tiltalte, kan ein sjå tiltalte posere med eit IS-flagg på hovudet. På spørsmål frå aktor om kvifor ho hadde biletet, forklarte kvinna at ho ikkje visste at det var eit IS-flagg.

Ho forklarte at ho var blitt frakta av menneskesm­uglaren til ein liten bustad i Wien i påvente av at ho skulle reise ut av Austerrike. I bustaden var det fleire andre somaliske kvinner. Medan ho var der, kom det ei kvinne som selde slike hovudplagg, forklara tiltalte.

– Eg var på toalettet, men då eg kom tilbake såg eg dei andre jentene prøve hovudplagg­et. Eg bad dei gi meg det og ta eit bilete av meg, men eg la ikkje stort i det. Eg visste ikkje kva det var.

På spørsmål frå statsadvok­at Marit Formo om ho hadde sett IS-flagget tidlegare, svara kvinna nei.

– Eg kjenner ikkje til dette flagget. Eg kjenner til det somaliske flagget. Eg er glad i svart og kvitt, difor tok eg det på.

– Googla «kvinner i IS»

I retten viste aktor til søkehistor­ikken på kvinnas beslaglagd­e telefonar og PC. Mange av nettsøka handla om IS og kvinner som har reist til Syria.

Fleire av søka skjedde etter at ho var arrestert av politiet og enno ikkje blitt fråteken telefonen sin.

– Eg søkte for å få meir kunnskap om dette. Politiet hadde spurt meg om dette, difor søkte eg.

Mange av søka skjedde likevel i perioden 2016 til 2017, altså før ho vart arrestert, ifølgje politiet.

– Eg har ingenting med desse søka å gjere.

Tiltalte viste igjen til at venninner ved fleire høve hadde brukt hennar telefon og datamaskin.

Arrestert på flyplassen

Den tiltalte kvinna kom seg aldri frå Austerrike. Ho forklara at ho i to netter overnatta i ein bil like ved flyplassen i Wien medan ho venta på å få fly til Tyrkia.

Der skulle ho treffe mor si, før ho skulle reise vidare til Etiopia, hevda ho.

På flyplassen vart ho arrestert av politiet. Sidan blei ho sendt til Norge der ho har sete varetektsf­engsla.

– Det er ingenting her som beviser at eg var på veg til Syria.

Den somaliske kvinna er den første terrortilt­alte kvinna i Norge. Saka har ei strafferam­me på tolv år.

Rettssaka vil halde fram til 1. februar.

 ?? ILLUSTRASJ­ON: ESTER MARIE BJØRNEBOE ?? TERRORTILT­ALT: Denne veka starta rettssaka mot ei 31 år gammal somalisk kvinne i Oslo tingrett. Kvinna nekta for å ha hatt noko med terrororga­nisasjonen IS å gjere.
ILLUSTRASJ­ON: ESTER MARIE BJØRNEBOE TERRORTILT­ALT: Denne veka starta rettssaka mot ei 31 år gammal somalisk kvinne i Oslo tingrett. Kvinna nekta for å ha hatt noko med terrororga­nisasjonen IS å gjere.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway