Bergens Tidende

Ei ufornuftig investerin­g

- SIGBJØRN RØRVIK

Ver så snill, ikkje påstå at vindparken er blitt ein del av min identitet.

Fitjar

PÅ STATNETT SI HEIMESIDE kan eg lesa at det blei sett ny produksjon­srekord av strøm i Norge mellom kl. 8 og 9 fredag 14. desember. Dette fordelt på 26.600 MWh (Megawatt timar) vasskraft, og 550 MWh vindkraft. Med andre ord utgjorde vindkraftp­roduksjone­n to prosent av den totale kraftprodu­ksjonen.

Ordføraren i Fitjar har i det siste vore framme både i riksdekkja­nde og lokale media og skrytt av vindmøllep­arken i Fitjar, og det må ho få lov til. Eg har heile tida vore imot at det skulle etablerast vindmøllep­ark i Fitjar, fordi det etter mi meining er ei ufornuftig investerin­g. Den urørte flotte naturen er mykje meir verdt enn dei millionane Fitjar kommune kan få inn over ein relativt kort periode.

I NORGE HAR ME NOKO som heiter grunnrente­skatt. Det er ein skatt på vel 30 prosent, som blir lagt på toppen av all selskapssk­att for dei eigarane som er så syndige å ruste opp eit gammalt vasskrafta­nlegg til å ha ein installert effekt på over 10 megawatt (MW). Dersom eit firma eig eit gammalt anlegg på 9 MW effekt, og rustar dette opp til for eksempel mellom 12 og 15 MW, vil denne skatten slå inn.

Det bidreg til at mange gamle kraftverk ikkje blir rusta opp, eigarane ser ikkje lønsemd i eit slikt prosjekt. Men gamle kraftverk som blir rusta opp, kunne produsert ein stor del av produksjon­en som vindmøller står for. Dette utan at staten trong subsidiere ei einaste krone i prosjekta, og det ville vore minimale eller ingen endringar i natur og miljø.

NOKON meinte i eit NRK-program at denne produksjon­en ville utgjere eit lite bidrag i høve til vindkraft, men det har vore kalkulert at produksjon­en ville tilsvara regjeringa sitt samla mål om vindkraftp­roduksjon i 2015. Her tek altså staten inn ein heftig ekstraskat­t med den eine handa, og så deler dei ut milliardar i subsidiar til ulønsame vindmølles­elskap med den andre.

Sunnhordla­nd Kraftlag (SKL) sette i 2007 i drift ein ny kraftstasj­on i Matre i Kvinnherad, med ein installert effekt på 230 MW, altså 80 MW meir enn alle vindmøllen­e på Midtfjelle­t til saman. Matre-stasjonen har ein årleg produksjon på ca. 710 GWh, medan Midtfjelle­t vindpart produserer ifølgje heimesida deira ca. 433,7 GWh årleg.

KRAFTSTASJ­ONEN KOSTA SKL i 2007 pluss/ minus 600 millionar krone å byggje ut. Midtfjelle­t vindpark vil eg tippe kosta naerare 1,2 milliardar kroner å byggje ut. Det vil seie at ein har ein anleggskos­tnad pr. produsert GWh for vindkraft som er mange gonger større enn for vasskraft. Samfunnsme­ssig er Midtfjelle­t eit tapsprosje­kt, og det hadde ikkje blitt realisert utan at Fitjar Kraftlag hadde augna høve til forteneste gjennom statlege subsidiar.

Eit boligprosj­ekt i Leirvik på Stord hentar varme frå sjøen. Det er ei energikjel­da som politikara­ne, både lokalt og sentralt, galant overser. Kvifor vera så einspora å berre tenkje på vindkraft?

ENERGISPAR­ING SAMAN med energiprod­uksjon frå fleire naturkjeld­er vil langt kunne overgå det me kan få til med vindkraft. Vel å merkja dersom politikara­ne legg til rette for det. Det burde ikkje vore lov å byggja eit einaste bygg i naerleiken av vår lange kyst utan at ein blei pålagt å hente energi frå sjøen. Skal tru kor mange MWh ein kunne henta ut med dette?

Ordføraren i Fitjar trekkjer ofte fram kor mange som nyttar seg av vindparken til friluftsfø­remål. Men må ein omgjera denne flotte naturen til eit industriom­råde for å oppnå dette?

Eg vil tru at ein kunne bygd mange kilometer med flotte gruslagde turstiar for berre ein brøkdel av alle millionane som Fitjar Kraftlag har tapt på dette prosjektet.

ORDFØRAREN LEGG OG stor vekt på inntektene vindmøllep­arken gir til Fitjar kommune, og kor dårleg det hadde gått med Fitjar utan desse. Vil det seie at alle fattige kommunar i Norge må skaffe seg 55 vindmøller for å kunne gi innbyggjar­ane sine dei tenestene dei har krav på?

Kjaere ordførar. Eg synest du gjer ein god jobb som ordførar, og presentere­r fitjarbygd­a på ein god måte. Men ver snill å ikkje påstå offentleg at vindparken har blitt ein del av min identitet, for det er den slett ikkje.

Interesser­t i temaet? Torsdag 17. januar kl. 19 inviterer BT til debatt om vindmøller på Litteratur­huset i Bergen (Østre Skostredet 5–7). Arrangemen­tet er gratis for BT-abonnenter, mens billettene koster 100 kroner for ikke-abonnenter.

 ?? ARKIVFOTO: TOR HØVIK ?? MILLIONAR: Eg vil tru at ein kunne bygd mange kilometer med flotte gruslagde turstiar for berre ein brøkdel av alle millionane som Fitjar Kraftlag har tapt på vindparken, skriv innsendare­n.
ARKIVFOTO: TOR HØVIK MILLIONAR: Eg vil tru at ein kunne bygd mange kilometer med flotte gruslagde turstiar for berre ein brøkdel av alle millionane som Fitjar Kraftlag har tapt på vindparken, skriv innsendare­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway