Bergens Tidende

JUBILANT 80 ÅR

-

Aase Hessen, Sikthaugen 23, Fyllingsda­len, fyller 80 år i dag.

Aase Austgulen Hessen er fødd på Furenes i Gulen. Ho er den tredje yngste i flokken av åtte. Saman med dei yngste søskena var vart ho med med i forretning­sdrifta på Furenes og med filialen på Fivelsdal etter at faren døydde i 1954, berre 55 år gammal.

Seint på 1950 talet gjekk ho på Fløksand Husmorskul­e. Ho reiste seinare til Bergen og jobba i forretning­a til bror sin Ingolf, på Landås.

Etter mange år der, gifta ho seg med sjømann Dagfinn Hessen. Dei fekk tre barn saman.

Som sjømannsfr­ue vart Aase mykje åleine med barna under oppveksten. Etter ein del år skilde Aase og Dagfinn seg. Då barna vaks til, byrja Aase i Pleie- og Omsorgseta­ten i Fyllingsda­len. Der var ho i 25 år, ein del år som tillitsval­t

Som pensjonist har ho arbeid som frivillig for eldre på Pleie- og Omsorg pluss i Fyllingsda­len. Saman med fleire andre frivillige, laga ho til bingo med servering. Aase styrte på med baking av kaker, vaflar og sveler heime. Det kunne verta over 90 sveler kvar gong. Dette heldt ho på med kvar fjortande dag i elleve år, og det var eit saert populaert opplegg for brukarane på Fyllingsda­len sykehjem.

Aase er arbeidsam, omsorgsful­l, ryddig og ein sosial person. Ho likar seg godt på hytta si i Sellevågen i Gulen, der ho får ho grave i mold og styre med blomster. Helsa er god, og ho køyrer framleis bil.

Jubilanten har tre barn, åtte barnebarn og fire oldebarn.

Dagen vert feira hjå dotter hennar på Bønes, laurdag den 19. januar.

Me fire attlevande søsken, ynskjer henne hjarteleg til lukke med dagen og dagane som kjem!

FOR SØSKEN, SOLVEIG JOHNSEN

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway