Bergens Tidende

BREXIT: Det er ikkje i norske interesser å ta Storbritan­nia inn i EØS.

Regjeringa må stå hardt på at Storbritan­nia ikkje skal få øydeleggje EØS-avtalen på deira veg ut av EU.

-

TYSDAG KVELD sa det britiske underhuset med overveldan­de fleirtal nei til den brexit-løysinga statsminis­ter Theresa May hadde lagt fram. Det forsterkar det politiske kaoset som dei siste åra har prega britisk politikk.

Det er no heilt uvisst kva løysing May vil leggje fram for parlamente­t neste gong. Har EU meir å gje? Kan Theresa May kaste korta som statsminis­ter? Blir det ny folkerøyst­ing? Desse spørsmåla er også svaert viktige for norsk politikk og økonomi.

Noreg har i dag eit ordna forhold til EU gjennom ei lang rekkje avtalar, der EØS-avtalen er den klart viktigaste. I tillegg er vi saman med Sveits, Island og Liechtenst­ein medlemer av frihandels­forbundet EFTA.

TIDLEG I BREXIT-PROSESSEN var «den norske løysinga» svaert upopulaer i britisk politikk. Kvifor skulle ein gå inn på ein veg der ein held fram med å betale store summar til Brussel, men ikkje fekk vere med på å styre?

Men etter kvart som den eine løysinga etter den andre er blitt vraka, ser stadig fleire til Noreg. Trass alt har vi eit sett av avtalar som gjev politisk stabilitet, velordna handel og trygge rammevilkå­r for norsk naeringsli­v. Det er ikkje tvil om at avtalen byd på utfordring­ar, mellom anna i delar av arbeidsliv­et, men alt i alt har avtalen tent Noreg godt.

OM BRITANE BLIR ein del av EØS-avtalen og går inn i Efta, vil svaert mykje endre seg. I dag er Noreg storebror i EØS i møte med Island og Liechtenst­ein. Storbritan­nia ønskjer ein liberalise­rt landbruksp­olitikk og sterkare kontroll over fiskerires­sursane – ikkje minst dei norske. Det er heller ingen grunn til å tru at utfordring­ane i norsk arbeidsliv vil bli betra av å få britane inn i EØS.

Erna Solberg har tidlegare sagt til NTB at «hvis britene har lyst til å bli medlem av EØS, så er de hjertelig velkommen». Seinare har tonane frå regjeringa vore meir avmålte.

Det er ikkje vår oppgåve å løyse den floka Storbritan­nia har sett seg i.

No er det på tide å vere tydelege: Noreg skal alltid vise samarbeids­vilje internasjo­nalt, men det er ikkje vår oppgåve å løyse den floka Storbritan­nia har sett seg i.

DET ER IKKJE i norske interesser å ta Storbritan­nia inn i EØS.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway