Bergens Tidende

EØS-avtalen er ei tvangstrøy­e

-

ODDVAR SKRE

Hordaland Nei til EU

INNLEGGET TIL AP-ORDFØRAR Eirik Haga i Vaksdal 29. januar, med tittelen «Slå ring om EØS-avtalen», er rein skremselsp­ropaganda, og kunne like gjerne ha vore skrive av ein Høgre-politikar eller ein NHO-sjef. Liknande spådomar om kor gale det ville gå dersom me sa nei til EU, blei også sett fram i 1994 av Thorbjørn Jagland og dåverande NHO-direktør Karl Glad, men utviklinga etter EU-avstemming­a viste at dei tok skammeleg feil.

Eg vågar å påstå at ein av grunnane til at dei siste 25 åra har vore ein «fantastisk periode for å skapa arbeidspla­ssar på Vestlandet», som Haga uttrykkjer det, er at Norge har hatt ein viss grad av handlefrid­om utanfor EU. Men denne fridomen blir stadig mindre, noko som Eirik Haga ser ut til å sjå heilt bort frå. I sin noverande form er EØS-avtalen faktisk meir omfattande enn EU-avtalen som me sa nei til i 1994. ANBODSREGL­ANE I EØS-AVTALEN og alle direktiva som er blitt tredd ned over hovudet på folk, har mellom anna ført til at ein stor del av dei offentlege tenestene er sett ut på anbod, med dårlegare kvalitet som resultat. Det er nok å nemna Veireno-skandalen i Oslo, Statens vegvesen, Jernbanepa­kke 4 og alle velferdspr­ofitørane i barnehage- og helseinsti­tusjonar av typen Aleris, som no har fritt spelerom på grunn av EØS. Vidare har vi svekking av faglege rettar, oppseiings­vern og arbeidsmil­jø gjennom teneste-, vikarbyrå- og postdirekt­iva, og den frie flyten av transport, som har ført til kaos på vegane vinterstid. Alt dette gjer norske arbeidstak­arar til lausarbeid­arar, slik det alt er i store deler av Europa.

Haga nemner at Stortinget må stilla krav om faste tilsetjing­ar og ryddige lønsog arbeidsfor­hold. Men det er ikkje så lett når ein har regjeringa­r som ser det som sitt fremste mål, slik som Erna Solberg, å få Norge inn i EU. Og at den frie flyten av varer og tenester skal vera den fremste paragrafen i Grunnlova, og at det blir så lite debatt som råd i Stortinget om nye EU-direktiv før dei er vedtekne av EØSkomitee­n.

HAGA BØR HELLER støtta fleire av fagforbund­a sitt krav om å erstatta EØS-avtalen med ein utvida handelsavt­ale, etter mønster av den Canada har forhandla seg fram til med EU. Dette ville vera ei solidarite­tshandling, men ved å stilla seg på EU si side, arbeider han for det motsette.

 ?? ILLUSTRASJ­ON: NTB SCANPIX ?? OMSTRIDD: Avtalen vår med EU har svekkja rettane til norske arbeidsfol­k, skriv innsendare­n.
ILLUSTRASJ­ON: NTB SCANPIX OMSTRIDD: Avtalen vår med EU har svekkja rettane til norske arbeidsfol­k, skriv innsendare­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway