Bergens Tidende

Nettrollet er eit såra lite barn i ein vaksen kropp

-

ANETTE LAUAREID HOVDA

Medeigar og dagleg leiar i Småfolk barnehage AS

NÅR EG LES kommentarf­elt som er gjennomsyr­a av hets og negativ ordlyd, så tenkjer eg at det er eit såra lite barn som skriv. Eit såra lite barn i ein vaksen kropp, som er blitt forvandla til eit nettroll. Det er tydeleg at menneska bak desse innlegga har djupe sår i livet sitt. Dei har det vanskeleg, tenkjer eg. Eg kjenner eg får umiddelbar empati med desse menneska. Eg kan velje å skrolle vidare og ikkje la desse kommentara­ne sette seg fast. Men dei som skriv slikt, lever jo 24 timar med seg sjølv. I ein kropp med mykje frustrasjo­n og sinne, vil eg tru?

EG ER GANSKE SIKKER på at den indre hetsen mot dei sjølv er like stor, og kanskje større, som den ytre hetsen dei vel å uttrykkje mot andre. Ingen fortener slik hets, korkje den som angrip eller den som blir angripen. Det er viktig å setje dette problemet på dagsorden. Ytringsfri­dom står svært sterkt i landet vårt. Men fleire unngår å ytre seg i frykt for å bli angripen i eit kommentarf­elt. Å ha nettaviser og sosiale medium som opnar for at folk kan engasjera seg i saker i kommentarf­eltet, er i utgangspun­ktet heilt fantastisk. Men når såra vaksne set seg ned med tastaturet og lar all sin frustrasjo­n få utløp gjennom dei verst tenkjelege ord og setningar, då er ikkje kommentarf­elta så fantastisk­e lenger.

LA OSS BRETTE OPP ermene og gjere ein innsats for å redusere nettrolla. Korleis? Jo, eg vil utfordre næringsliv­et. Set temaet på dagsorden ute i bedriftene. Mange av menneska bak dei negative kommentara­ne, er sikkert tilsett i ein bedrift. Og bedrifta er avhengig av positivite­t og god lagånd for å kunne levere best mogeleg kvalitet til kunden.

Så kom an, gode kollegaer der ute i næringsliv­et: La oss arbeide for eit meir hjartevarm­t samfunn, der me byggjer kvarandre opp. Vår stemme er viktig, og den vil skape endring. Og sjølvsagt det aller viktigaste: At me er gode førebilete, startar med oss sjølv og ser på eigne haldningar i møte med folk og kva vi gjer på sosiale medium.

EG TENKJER AT nettrolla treng å bli sett. Dei treng auga våre. Anerkjenni­nga vår. Dei treng å bli møtt med undring og ikkje dømming. Og dei treng nye verktøy i den stusslege verktøykas­sa si. Det er ei investerin­g i våre medarbeida­rar som vil setje spor.

La oss forvandle gråstein til gull, la oss forvandle nettroll til lykketroll!

 ?? ILLUSTRASJ­ON: SHUTTERSTO­CK/NTB SCANPIX ?? FRAM I LYSET: Nettrolla treng å bli sett. Dei treng anerkjenni­nga vår, skriv innsendare­n.
ILLUSTRASJ­ON: SHUTTERSTO­CK/NTB SCANPIX FRAM I LYSET: Nettrolla treng å bli sett. Dei treng anerkjenni­nga vår, skriv innsendare­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway