Bergens Tidende

Regjeringa­s ventespor

-

Bergen kan ikkje vente til 2040 med å få ny godstermin­al. Regjeringa må gå ein ny runde i saka.

BYRÅDET TOK stor politisk risiko då dei peika på Hordnessko­gen som den mest eigna staden for ein ny godstermin­al i 2016. Striden var opprivande, og sette bydelar opp mot kvarandre.

Så vart det stille. Regjeringa har no slått seg til ro med at Nygårdstan­gen vil fungere som godstermin­al fram til 2040. Det er altfor lenge for ei midlertidi­g løysing.

PROBLEMET er blitt aktualiser­t av arbeidet med Bybanen til Fyllingsda­len. Dei som brukar dagens terminal er fortvilte over at tilhøva deira vert dårlegare på den oppgradert­e terminalen.

Oppgraderi­nga gjer at terminalen vil takle fleire godstog enn i dag, men det vert òg dårlegare plass til lastebilar som skal frakte varene vidare. Bybanen skal nemleg gå rett forbi innkøyrsel­en til terminalom­rådet, noko som tar verdifull plass frå terminalen.

Trafikken er ikkje bra for sentrum, og byen vil ha godt av at området vert frigjort til byutviklin­g. MÅLET MED UTGREIINGA som starta i 2014 var å finne ei langsiktig løysing for godset i Bergen. I Bergen klarte politikara­ne å lande på ein konklusjon. Det gjorde ikkje dei i Oslo.

Det var trass alt regjeringa som bad Bergen kommune ta stilling til saka. Handlekraf­t vart til utsetjings­kraft.

– Ein kan ikkje berre spele opp til konfliktfy­lte prosessar i nærmiljøet, og så trekkje seg ut av det når ein ser kor komplisert det er, seier byutviklin­gsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap). Kritikken hennar mot regjeringa er treffande.

BERGEN HAR DISKUTERT ny godstermin­al i fleire omgangar. Styresmakt­ene har framleis ikkje klart å finne ut kvar godset skal kome inn til Bergen på lang sikt.

Det blir ikkje lettare å avgjere flytting i neste runde.

Styresmakt­ene bør difor ta opp igjen arbeidet med kvar den nye godstermin­alen skal vere, slik at dei ikkje kjem på etterskot endå ein gong.

EIN NY GODSTERMIN­AL i Bergen vil bli kostbar, så det er forståeleg at styresmakt­ene kvir seg. Det handlar nok likevel mest om at flyttinga er svært upopulær der terminalen endar opp.

Trafikken er ikkje bra for sentrum, og byen vil ha godt av at området vert frigjort til byutviklin­g.

Den store fordelen med å flytte terminalen ut av sentrum, er at ein kan samle fleire terminalar og dermed redusere trafikken i Bergen. Jernbana står for meir enn 60 prosent av godset inn til Bergen, og det er betydelege mengder varer som skal ut til ei rekkje lager og butikkar.

Ei slik samlokalis­ering kan aldri skje i sentrum – det er det rett og slett ikkje plass til.

REGJERINGA SKULDAR Bergen eit skikkeleg svar på kva dei vil med godset.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway