Bergens Tidende

Meir gøy på ytre fløy

- Kommentato­r i Bergens Tidende jens.kihl@bt.no Jens Kihl

Protestpar­tia Raudt, SV og Frp fekk nesten sju tusen fleire medlemer i fjor. Det er godt nytt.

EIN SVÆRT VIKTIG FAKTOR for å vinne haustens val, er ein sterk partiorgan­isasjon. Nye tal viser at fløypartia stiller sterkt før valkampen. Medlemstal­a frå 2018 for alle dei ni stortingsp­artia er no klare. Og trenden er ikkje til å ta feil av: Utanom ytterkanta­ne er det berre Sp med ein markert oppgang. Og i mange saker er Sp vel så mykje av eit fløyparti som ein sentrumska­merat.

SÅ KORLEIS KAN EIN TOLKE DETTE? Blir det gule, grøne, raude og blå vestar i valkampen? Kaos i gatene? Blautkakek­asting og molotovcoc­ktail? Svaret er nei. At protestar mot det rådande systemet blir omgjort til medlemskap i partia, viser noko av styrken ved det norske demokratie­t.

YTRE VENSTRE kan juble for medlemsvek­sten: Aller sterkast er veksten for partiet til Bjørnar Moxnes, som no er eit mellomstor­t parti i Noreg med sju tusen medlemer. SV har passert tolv tusen med god margin.

DERSOM SV OG RAUDT var eitt parti, ville dei hatt nesten tjue tusen medlemer og ein av dei kraftigast­e partiorgan­isasjonane i landet.

Dei same hurraropa er å finne på andre enden av partiaksen. I åtte år hadde Frp samanhenga­nde medlemsfal­l. Det snudde brått i fjor, og grunnen er enkel: Sylvi Listhaug. Listhaug gjekk av som justismini­ster etter å ha skulda Ap for å setje terrorista­nes rettar over rikets tryggleik.

Saka førte til ei enorm mobiliseri­ng mellom tilhengjar­ane av den kontrovers­ielle Frp-aren. Då landsmøtet opna, kunne BT melde at partiet hadde fått 5350 innmelding­ar. No viser fasiten at svært mange av desse har betalt, og medlemsned­gangen er snudd.

I SENTRUM er derimot biletet heilt motsett: Der slit fleire av partia tungt med å halde på medlemene.

I haust heldt Knut Arild Hareide sin historiske tale der han rådde til at KrF søkte regjerings­makt med Ap og Sp. I vekene etterpå velta det inn med nye medlemer i KrF. Likevel: Dei 2600 nye medlemene var ikkje nok til å bremse nedgangen i partiet.

KrF går ut av året med ein nedgang på over to tusen medlemer. Så seint som i 2006 hadde KrF om lag 40.000 medlemer. I dag er partiet på veg ned mot halvparten. Grunnen er rett og slett at KrF-arane dør ut. I 2012 HADDE VENSTRE nesten ti tusen medlemer. Så har det berre gått éin veg: Nedover. No har liberalara­ne den aller minste organisasj­onen av alle stortingsp­arti.

Sidan i fjor har til og med Raudt og MDG gått forbi Venstre i medlemstal, og no er partiet nede på 6704. Den siste tida har partiet sett fleire målingar på to-talet. Det meste tyder på at Venstre går ein svært tung valkamp i møte.

DET ER INTERESSAN­T at den enorme veljarveks­ten i Sp ikkje gjev utslag i nokon medlemsboo­m. Partiet er sikkert glad for medlemsvek­st i fem samanhenga­nde år. Likevel er det noko som skurrar: Kvifor greier ikkje partiet omsetje den enorme popularite­ten i ein vesentleg sterkare organisasj­on?

På få år har dei nesten tredobla oppslutnin­ga på målingane, men ein vekst på nokre hundre medlemer speglar ikkje denne utviklinga. MEDLEMSTAL­ET I AP har gått nedover kvart år sidan 2015. Om det held fram slik, vil talet straks bikke under den magiske grensa på femti tusen. Snart må sosialdemo­kratane hundre år tilbake i tid for å finne like svake medlemstal.

2018 var eit kriseår på nesten alle mogelege måtar for Ap. Sjølv om Ap no gjer det litt betre på målingane, er det ikkje til å kome forbi at fjoråret nok gjorde at mange sosialdemo­kratar er ganske lei av partiet.

JONAS GAHR STØRE har ei enorm oppgåve i å gje partimedle­mene gløden tilbake før valkampen startar.

HØGRE LIGG OM LAG stabilt rundt 30.000 medlemer. Det gjer partiet godt rusta til ein lokalvalka­mp som kan bli svært tøff mange stader.

I MDG vaks medlemstal­et nærast eksplosjon­sarta i fleire år. No er oppgangen snudd til nedgang. Partiet har det siste året slite med ei rekkje interne konfliktar.

SÅ: KVA TYDER eigentleg denne medlemsutv­iklinga på? Er ytterfløye­ne i ferd med å ta over politikken? Blir det gule vestar i valkampen?

Det enkle svaret er nei. Sjølv om Raudt og SV for tida har gode målingar, er det lite som tyder på at det blir brusteinsk­asting og gatekampar. Det blir nok heller kaffi, campingbor­d og karamellut­deling utanfor den lokale Coop-en i år igjen. Og godt er det.

TVERT IMOT kan ein sjå innmelding­ane som noko positivt: Der folk i mange land reagerer mot dei tradisjone­lle partia gjennom alt frå passivitet til vald og sabotasje, ser mange nordmenn det som mest konstrukti­vt å bidra i eit politisk parti.

Både Sp, SV, Frp og Raudt er protestpar­ti på kvar sin måte. Likevel er dei parti som stør opp om det parlamenta­riske demokratie­t og som kanalisere­r protestar i ei konstrukti­v retning. Og samla sett auka medlemstal­et i dei ni stortingsp­artia med to og eit halvt tusen i fjor.

DET ER UANSETT godt nytt for alle som meiner at fleire burde engasjere seg i politikken.

Snart må sosialdemo­kratane hundre år tilbake i tid for å finne like svake medlemstal.

 ?? FOTO: VIDAR RUUD, NTB SCANPIX ?? NO BLIR DET SIV, RAI RAI: Raudt-leiar Bjørnar Moxnes og Frp-leiar og finansmini­ster Siv Jensen er ofte usamde. Men under opninga av det 162. storting i 2017 var tonen meir hjarteleg.
FOTO: VIDAR RUUD, NTB SCANPIX NO BLIR DET SIV, RAI RAI: Raudt-leiar Bjørnar Moxnes og Frp-leiar og finansmini­ster Siv Jensen er ofte usamde. Men under opninga av det 162. storting i 2017 var tonen meir hjarteleg.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway