Bergens Tidende

Nina Karin Monsen kan ikkje skrive seg sjølv ut av historia

-

I desember var eg på «Kim F» på Den Nationale Scene. For meg, som er lesbisk, vart det eit varmt, interessan­t, artig og nydeleg møte med vår kjærleiksh­istorie. Karin Monsen har påstått at homofile sine barn blir fødd med eit handikap, fordi foreldra er homofile, er det vanskeleg å tenkje noko anna. Det er både interessan­t og fint å lese at Nina Karin Monsen ikkje er homofob, men det er vanskeleg å tru, basert på alt ho har skrive om oss skeive.

EG HUGSAR svært godt då Nina Karin Monsen vann prisen. Eg hugsar det med eit støkk i magen som sat lenge i kroppen. Det at nokon som i så enorm grad hadde retta sine hatske ord mot skeive, kunne vinne ein slik pris, var både skuffande og svært overraskan­de. Det var det også for Kim Friele, som valde å sende tilbake sin Fritt ord-pris. Både utdelinga av prisen, og tilbakesen­dinga av Kim Friele sin pris, er viktige delar av vår historie, og har sin plass i eit stykke som «Kim F».

DET KAN IKKJE vere slik at Nina Karin Monsen kan krevje endring av eit stykke som er så viktig. Ho er ein del av vår historie. Ho er den delen av historia som ofte gjer at eg skammar meg. Hennar bidrag i historia har fått meg til å grine og til å rope. Nina Karin Monsen sin del av historia er der, den må vere der, og den høyrer heime i teaterstyk­ket. Den delen av historia kan ikkje krevjast fjerna frå eit kunstverk med historisk bakgrunn.

DET ER KANSKJE ikkje direkte sitert, men eg seier som Kim F. i teaterstyk­ket: EG FÅR FNATT!

 ?? FOTO: GISLE BJØRNEBY, DNS ?? «KIM F»:
FOTO: GISLE BJØRNEBY, DNS «KIM F»:

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway