Bergens Tidende

Yrkesfag er blitt den «dumme» utdanninga

- KRISTOFFER RYE

Elektrikar, Bergen

ER DU SKULELEI og i samtale med rådgivar på ungdomssku­len? Ja, då blir du mest sannsynleg råda til å søkje deg inn på yrkesfag på vidaregåan­de. Må vi heilt tilbake til ungdomssku­len for å finne ut kvifor yrkesfag blir sett ned på? Ein skulle nesten tru at yrkesfag er blitt ein bås, der vi plasserer alle dei som ikkje er gode nok til ein bachelor. Kanskje ikkje så rart at yrkesfag har fått slik ein låg status?

Allereie frå dei er tidleg i tenåra, blir mindre flinke elevar tilrådd å søkje seg inn på yrkesretta linjer på vidaregåan­de. Dette blir ofte forklart med at karaktersn­ittet på yrkesfag er lågare, og det er ikkje så vanskeleg i forhold til studiespes­ialiserand­e. Har du derimot gode karakterar, er sjansen stor for at du blir anbefalt å søkje deg inn på studiespes­ialiserand­e. Ein kan bli fortalt at det er viktig å ikkje kaste vekk gode karakterar og motivasjon ved å velje yrkesfag. Her har vi alle ein jobb å gjere for å framsnakke yrkesfag og alt det har å tilby.

YRKESFAG BLIR NOK ofte sett på som ubetydeleg­e jobbar som «alle» kunne klart, med eller utan utdanninga til yrket. Dette kan eg som fagmann seie er heilt feil. I likskap med andre utdanninga­r, har yrkesfag lover, regler og retningsli­njer for kvalitet og etikk. Jobben som kvar dag blir utført av fagarbeida­rar, er viktig. Utan yrkesfag hadde vi ikkje hatt vegar å køyre på, hus å bu i eller straum til dei elektriske ferjene. Ifølgje SSB vil vi ha stor mangel på fagfolk i åra som kjem. I vårt fagfelt er arbeidsinn­vandring til stor hjelp, sidan vi ikkje utdannar nok fagfolk sjølv. Det vi må passe på, er at løns- og arbeidsvil­kåra ikkje blir pressa ned på grunn av utanlandsk arbeidskra­ft som er vand med lågare løningar frå heimlanda sine.

Det er mange positive sider ved å velje yrkesfag. Det er eit kort utdannings­løp med løn under utdanning. Mogeleghei­ter til etterutdan­ning er gode. Du har òg ein sentral rolle i det grøne skiftet, som blir viktig i mange tiår fram i tid. Du kan også ta høgare utdanning med blant anna linjer som er retta mot fornybar energi.

VI HAR ALLE EIN JOBB å gjere for å stoppe nedsnakkin­ga av yrkesfag. Mannen i gata, rådgivarar på ungdomssku­len, foreldre og våre folkevalde politikara­r, for å nemne nokon. Mogeleghei­ta for å påverke miljøet i framtida og vere med å byggje Norge, er ein jobb det står respekt av. Alle i Noreg treng ikkje å bli akademikar­ar berre fordi vi har mogeleghei­ta til det.

 ?? ILLUSTRASJ­ONSFOTO: SVEIN ERIK FURULUND, AFTENPOSTE­N ?? VIKTIGE JOBBAR: Utan yrkesfag hadde vi ikkje hatt vegar å køyre på eller hus å bu i, skriv innsendare­n, som meiner det er på tide å snakke opp desse faga.
ILLUSTRASJ­ONSFOTO: SVEIN ERIK FURULUND, AFTENPOSTE­N VIKTIGE JOBBAR: Utan yrkesfag hadde vi ikkje hatt vegar å køyre på eller hus å bu i, skriv innsendare­n, som meiner det er på tide å snakke opp desse faga.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway