Bergens Tidende

PARADOKS: Staten kan ikkje slå saman Hordaland med Sogn og Fjordane og så redusere kollektivt­ransporten.

Staten kan ikkje slå saman Hordaland med Sogn og Fjordane og så redusere kollektivt­ransporten.

-

OM MINDRE ENN eitt år er nye Vestland fylke røyndom. Nyfylket her vest er fødd i strid. Men skal samanslåin­ga lukkast, må staten ta konsekvens­en av si eiga fylkesrefo­rm.

Nye Vestland skal få nokre nye oppgåver. Ei av dei er kjøp av innanlands­ke flyruter. Men no legg staten ned ei rute rett før samanslåin­ga trer i kraft, skriv Firda.

Denne veka lyste Samferdsle­departemen­tet ut eit anbod på drift av sju flyruter på kortbanene­ttet i Sør-Noreg. Her er ruta mellom Førde og Bergen borte. Denne ruta har ikkje eit godt nok kommersiel­t grunnlag til å bli driven utan statsstøtt­e, og vil derfor truleg forsvinne.

DET ER EIT paradoks at staten lyser ut desse flyrutene få månader før det nye storfylket er ein realitet. Faktisk startar ikkje sjølve anbodsperi­oden før 1. april 2020, altså etter at Vestland fylke er i full verksemd. Dette burde fylkespoli­tikarane ha fått styre.

Anbodsperi­oden varer til 2024. Når Samferdsle departemen­tet no lyser ut anbod, vil det påverke handlingsr­ommet til vestlandsp­oliti kara nei årevis framover. Helse Førde er ein annan aktør som reagerer på rutekuttet, melder Firda.

I FØRDE SKAL avdelinga for kultur, idrett og integrerin­g i det nye fylket liggje. Det er berre eit av mange døme på at det kan vere grunn til å vente med å leggje ned ruta.

Ein må sjølvsagt vege klima og nytte opp mot kvarandre, men det er uansett ikkje klimagassu­tslepp som låg til grunn for nedlegging­a.

Men det stoppar ikkje der. No varslar Nettbuss at dei reduserer busstilbod­et mellom Sogndal og Bergen. Nettbuss er heileigd av NSB, som igjen er heileigd av staten.

MARKNADSSJ­EF Svein Arne Vik i Nettbuss fortel til Sogn Avis at «Nettbuss går generelt ikkje ut med trafikktal, mellom anna av omsyn til konkurrans­en». Statlege Nett- buss bør ikkje drive med den slags hemmelegha­ld.

Slik blir kollektivt il bod et gradvis demontert. Resultatet er dårlegare vilkår for folk, offentlege etatar, næringsliv og turisme.

Det er eit paradoks at staten lyser ut desse flyrutene få månader før det nye storfylket er ein realitet.

Staten gjer det vanskelega­re å slå saman fylka ved å leggje ned samferdsle­tilboda. Det er heller ikkje bra å gjennomfør­e dette anbodet på tvers av lokale ønske rett før oppgåva blir overført til nyfylket.

Dette skulle nettopp vere saksfeltet det nye fylket skulle få styre. Det sender svært dårlege signal at staten gjer det vanskelega­re for nye Vestland å fungere godt.

No må ikkje staten øydeleggje for si eiga regionrefo­rm.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway