Bergens Tidende

Norskesynd­a

- ASBJØRN KRISTOFFER­SEN Sjuande far i BT

DET MEST EFFEKTIVE, norske klimakraft­taket ville vera å slutta å få barn. Ei n gjennomsni­tts nordmannpr­oduserer 638 gong arm eir klimagassa­r enn ein somaliar, ifølgje vekeavisa Dag og Tid. Norskingar er klimasvin.

Men det vil ikkje vera nok om den norske folkstamme­n døyr ut. Grensene må stengjast. Ein norsk innflytta gjennomsni­ttssomalia­r kan ha storeplan a rom å produsera minst like mykje klimagassa­r som ein heimespøta gjennomsni­ttsnordman­n. D åer vi like langt.

MED OPNE GRENSER er det ingen vits i å døy ut. Den norske folkestamm­en burde heller ha utvandra til Somalia, og lært seg å spara like mykje på klimagassa­ne som gjennomsni­ttssomalia­rane. Vi skulle nok tolt nedgassing­a, vi gamlingar som voks opp med ei appelsin på deling mellom åtte ungar til jul, medan far og mor og bestefar og bestemor og fire tanter og to onklar måtte nøya seg med lukta av svidd appelsinsk­al på omnen. Det ville vera verre for dei som har vakse opp med 1,6 barn, og skinkepåle­gg til kvardags.

DI RIKARE FOLK BLIR, di dyrare blir barna, og di mindre påkravd er det å formeira seg. I Japan og Sør-Korea er folketalet på nedtur. Kinas eitt-barns-politikk har truleg spart kloten for 400-500 millionar klimasynda­rar. No vil Kinas kommunistp­arti ha meir liv i sengehalme­n. Nett som Erna. Men Kinas kvinner knip att. Nett som norske kvinner.

Dei rikaste folkestamm­ane i Aust-Asia trur dei skal meistra nedteljing­a ved hjelp av teknologi og fleire gamlingar i arbeid. Flyktninga­r er ikkje velkomne. Japan har opna for ei viss arbeidsinn­vandring, men på vilkår av at fram and arbeida rane går i eitt med den japanske tapeten.

ERNA LENER SEG PÅ norskfødde barn, med oppdrag å berga velferda. Pluss innvandra klimasynda­rar. Som om vi har all verdas tid på å avvikla Nav og Mattilsyne­t. Når dei siste japanarane og koreanaran­e og kinesarane har utvandra til dei evige jaktmarker eller til Somalia, kan det framleis vera bompengeop­prør i Åsane, om ikkje Erna tek større klimaansva­r

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway