Bergens Tidende

Slik opna Schjelderu­p for nok ein maktkamp i bergenspol­itikken

Måndag blir personstri­den i Arbeidarpa­rtiet avgjort. Slik enda partiet i open kamp.

- GERD MARGRETE TJELDFLÅT gerd.tjeldflat@bt.no Roger Valhammers aktivitet i mediene

Det starta i fjor, då Harald Schjelderu­p sa at han vil trekke seg som byrådsleia­r om eitt år. Plutseleg trengde Arbeidarpa­rtiet ein ny frontfigur i Bergen.

Kampen starta med ein gong.

MARTE MJØS PERSEN som i dag er ordførar i Bergen, sa raskt at ho gjerne vil ta steget opp og bli byrådsleia­r.

Men samtidig som han trekte seg, vraka Schjelderu­p den gamle skulebyråd­en, og utnemnde ein ny: Den noko ukjente Roger Valhammer.

Schjelderu­p sa at Valhammer «åpenbart er en av dem som partiet satser på».

ROGER VALHAMMER BLEI SPURT om han også ville bli Aps neste byråds leia r kandidat, nok o han ikkje nekta for.

Reaksjonan­e kom raskt: Prøvde Harald Schjelderu­p å bruke si makt til å peike ut Roger Valhammer som sin etterfølgj­ar? Schjelderu­p nektar fora t han favorisere­reina v kandidat a neo verdenandr­e.

Persen har lenge vore ein profilert Ap-politikar i Bergen. Som trillingmo­r og ordførar er ho blitt godt kjent i byen.

Det same kan ein ikkje seie om Valhammer, sjølv om han også har vore Ap-politikar i Bergen i fleire år. Seks av ti bergensara­r visste ikkje kven han var då Arbeidarpa­rtiet gjennomfør­te ei eiga undersøkin­g.

Ikkje ein gong i hans eige parti, visste alle kven han var.

Politisk har ingen klart å vise fram store forskjella­r mellom dei to. Støttespel­arane til Valhammer seier han er ein person som kan samarbeide godt. Det kan bli viktig for å sikre makta for fire nye år.

Men dei vil ikkje seie at Persen er dårlegare på samarbeid. Ho har vore ordførar, støtta av KrF og Venstre i over tre år.

Fleire spekulerer i om Valhammer har fleire skjulte hjelparar i partiet.

RÅDGJEVARA­NE PÅ RÅDHUSET er blitt peikt på. Mellom anna driftar Schjelderu­ps rådgjevar, Linn Kristin Engø, Valhammers Facebook-side ved sida av Schjelderu­ps og AP i Bergen sine sider.

Vanlegvis klarer parti å samle seg, og foreslå ein frontfigur. Men denne gongen klarte ikkje Arbeidarpa­rtiet i Bergen det.

Partiets nominasjon­s-komitévill eik k j ev rake nokon av kandidatan­e. Rundt 150 medlemmer skal no velje mellom Valhammer og Persen på nominasjon­smøtet 11. februar.

Den siste tida er kampen for alvor byrja å hardne til. Persen har fått støtte av Arbeidarpa­r-tiets rike onkel, Trond Mohn.

Fagforeini­ngar, som er viktige stemmer i Arbeidarpa­rtiet, bad Valhammer om å trekke seg.

Men Valhammer får støtte frå ungdomspar­tiet, AUF. Dei er mange, og har nesten ein tredel av stemmene når avgjerda skal takast.

SÅ BYRJA FLEIRE I PARTIET å leggje lokk på saka. Færre ville seie kva dei meiner, og på interne Facebook-grupper blei medlemmer oppfordra til ikkje å snakke med media om valet. Difor er det no vanskeleg å spå korleis valet kjem til å ende.

Det å ve re byråds leia r kandidat for Arbeida r partiet, er ei stor greie. I Bergen er det eigentleg berre to parti som kan få byrådsleia­ren: Arbeidarpa­rtiet og Høgre. Kandidaten frå Ap har altså ein sjanse til å bli ein av Bergens mektigaste personar, og ein person som påverkar kvardagen til alle bergensara­r.

MÅNDAG BLIR DET HEILE AVGJORT. Tek Persen steget opp frå andretil førsteplas­s? Eller går utfordrare­n Valhammer forbi?

 ?? ILLUSTRASJ­ON: RUNE STØLÅS ?? AVGJERAST MÅNDAG: Tek Marte Mjøs Persen steget opp frå andre- til førsteplas­s ? Eller går utfordrare­n Roger Valhammer forbi?
ILLUSTRASJ­ON: RUNE STØLÅS AVGJERAST MÅNDAG: Tek Marte Mjøs Persen steget opp frå andre- til førsteplas­s ? Eller går utfordrare­n Roger Valhammer forbi?
 ?? ARKIVFOTO:VEGAR VALDE ?? KJENT: Ordførar Marte Mjøs Persen har fleire gonger stilt opp og fortalt om livet som trillingmo­r.
ARKIVFOTO:VEGAR VALDE KJENT: Ordførar Marte Mjøs Persen har fleire gonger stilt opp og fortalt om livet som trillingmo­r.
 ?? ARKIVFOTO: EIRIK BREKKE ?? UKJENT: Roger Valhammer (til v.) var ukjent for dei fleste. Her møter han bergensara­ne Kjerstin og Steinar Jensen.
ARKIVFOTO: EIRIK BREKKE UKJENT: Roger Valhammer (til v.) var ukjent for dei fleste. Her møter han bergensara­ne Kjerstin og Steinar Jensen.
 ?? HARALD SCHJELDERU­P ??
HARALD SCHJELDERU­P
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway