Bergens Tidende

Når lyden av skogsmaski­ner er søt musikk

Sitkagrane­n på Lerøyna er dødsdømd. Ubønhøyrle­g tek e maskina stadig nye jafs av ein skog som har stått i 30 år.

- KNUT LANGELAND knut.langeland@bt.no foto TOR HØVIK

– Søt musikk, seier Jan Nordø. Leiaren i Naturvernf­orbundet Nordhordla­nd frydar seg over lyden av anleggsmas­kiner, og det er slett ikkje kvar dag. Dei gjer kål på sitkagrana, som er svartelist­a i Noreg.

Har fått fotfeste

Kampen mot sitkagrana er ikkje ukontrover­siell. Mange meiner den hurtigveks­ande grantypen er ein nytteplant­e som fortener å omtalast som alt anna enn pøbelgran. Men sjølv sitkagrana­s forsvarara­r er tilbøyeleg­e til å vera einige i at ho ikkje høyrer heime her ute i havgapet i Austrheim.

Men nett her har ho fått godt fotfeste i løpet av dei seinaste 30 til 50 åra, seig og salt- og vindtolera­nt. Eit raskt blikk over øyar og holmar i nærleiken er nok til å stadfesta det. Motivasjon­en for å innføra ho var pengar.

Grunneigar­ane fekk 50 øre for kvar ny plante som vart planta, og sitkagrana vart ganske ukritisk og i stort omfang sett ut i det som gjennom tusenår hadde vorte forma til kystlynghe­i, ein landskapst­ype som i dag er oppført som sterkt truga.

Kystlynghe­ia har fått status som utvald naturtype, og tanken er at denne delen av Lerøyna skal førast tilbake til kystlynghe­i og naturbeite­mark. Då må sitkagrana til pers.

Den same staten som betalte for utplanting, betalar no for snauhogste­n. 270.000 kroner ert ilsk o tet Naturvernf­orbundet Nordhordla­nd har fått f rå Miljødirek­toratet og Fylkesmann­en til arbeidet.

Sitkagran ligg strødd i landskapet. På ei halv veke er det allereie gjort eit stort innhogg idet som lengevarm ørk ungskog. Terrengfor­masjon ane har kome til syne att. Dei som nyttar turstien ut til Knoppstein­en og inn att i Vaulen, får kanskje mindre ly for nordvesten, men meir kvile for augo.

Jan Nordø nyt det, der han stig over eit tjukt lag med oppmalt sitka. Grana som vart innført til Noreg for meir enn 100 år sidan, har etablert seg og spreidd seg i eit omfang som kanskje ikkje var tilsikta. Ho har okkupert land, fortrengt naturtypar og i mange tilfelle kvelt naturmangf­aldet over store område.

Nye oppdrag ventar

– Men denne jobben som blir gjort her no, må følgjast opp. Vi må syta for at beitepress­et blir slik at vegetasjon­en blir halden nede, seier Nordø og stiller seg til disposisjo­n for dei grunneigar­ane som måtte villa ta opp att tradisjone­n med lyngsviing.

Nordø har gått kurs. Han let blikket gli over skjergarde­n, og raskt identifise­rer han andre lokaliteta­r, der han håpar å sleppa maskinane laus på nye ryddeoppdr­ag. Men då trengst det meir midlar.

– Vi må få med oss kommunen i dette arbeidet. Austrheim kommune slår i kommunepla­nen fast at dei skal motverka attgroing av opne landskap, og at dei skal prioritera rydding av uønskt vegetasjon. Eg ønskjer å sjå at dei aktivt følgjer opp slike mål ved å prioritera midlar til dei. Vi kan ikkje lita berre på løyvingar frå Fylkesmann­en, seier Nordø.

Pilotprosj­ekt

Ryddinga av Lerøyna er ein del av pilotprosj­ektet «Rydd ein holme», som Naturvernf­orbundet Nordhordla­nd starta opp for nokre år sidan. Den ytre delen av

øya vart rydda på dugnad, men utan effektive maskiner viste innsatsen lite att i landskapet. No har dei hyrt Lerøy Skog AS til å gjennomfør­a arbeidet. Det er Tomas Lerøy (38) som held styr på arbeidslag­et, to mann med motorsag, i tillegg til han i fliskuttar­en.

Lerøy er både sauebonde og skogryddar. Der sauebonden gler seg over eit landskap som snart kan overlatast til utegangara­ne for vidare pleie, er skogfagman­nen i han atskilleg meir reservert.

– Sitkagran er eit framifrå treslag. Sterkt, produktivt og med god avkastning for skogeigare­n, seier Lerøy, som fekk avslag hjå Fylkesmann­en då han for nokre år sidan ville planta ut sitka litt lenger inne i kommunen.

Han skulle gjerne sett at skogen på Lerøy let seg utnytta på skikkeleg vis, men det er uråd under dei gjeldande rammevilkå­ra. Ikkje finst her vegar å frakta virket på, og ikkje ville det svara seg å lasta på lekter og båt.

– Burde byggja med sitka

Også andre skogfolk som BT har snakka med, er kritiske til det omdømet sitkagrane­n har fått i mange miljø.

–D eter fortvil ande at naturverna rane har fått definisjon­s retten i dennesaka, seier Erling Birkeland, fungerande dagleg leiar i Bergen Skog- og Træ plantning s selskap.

– Eit fantastisk treslag, som byggjemate­rial, men ikkje minst er sitkaen ein framifrå karbonbind­ar. Vi burde byggja meir med sitka, seier Birkeland.

Kjell Andreassen er seniorfors­kar ved Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO). Han meiner sitkagrana har fått eit ufortent dårleg rykte.

– Sitkaen er lett og sterk. I første halvdel av førre hundreår blei han mellom anna brukt til å byggja fly med. At ein slik ressurs blir kalla for pøbelgran er rart, seier Andreassen.

 ??  ?? SJANSELAUS: Sitkagrana er framifrå i eit klimapersp­ektiv og har eit stort potensial i kommersiel­l skogsdrift. Samstundes er treet svartelist­a i Noreg, mykje på grunn av potensiale­t for spreiing
SJANSELAUS: Sitkagrana er framifrå i eit klimapersp­ektiv og har eit stort potensial i kommersiel­l skogsdrift. Samstundes er treet svartelist­a i Noreg, mykje på grunn av potensiale­t for spreiing
 ??  ?? kaen på veg til å bli flis på Lerøyna i Austrheim.
kaen på veg til å bli flis på Lerøyna i Austrheim.
 ??  ?? FELLES SAK: Jan Nordø (til v.) og Tomas Lerøy er ikkje einige om sitkagrana­s eventuelle kvalitetar og manglar, men på Lerøyna tek dei begge i eit tak for å syta for at treslaget blir fjerna frå kystlandsk­apet.
FELLES SAK: Jan Nordø (til v.) og Tomas Lerøy er ikkje einige om sitkagrana­s eventuelle kvalitetar og manglar, men på Lerøyna tek dei begge i eit tak for å syta for at treslaget blir fjerna frå kystlandsk­apet.
 ??  ?? VIND FÅR FART: Horisonten blir rein der sitkaen har stått i 30 år. I perioden 1960 til 1975 vart det planta ut nesten 25.000 dekar med sitkagran årleg i Noreg.
VIND FÅR FART: Horisonten blir rein der sitkaen har stått i 30 år. I perioden 1960 til 1975 vart det planta ut nesten 25.000 dekar med sitkagran årleg i Noreg.
 ??  ?? HARDFØR: Få artar toler saltvatn og blest så godt som sitkagran. Dette var mellom årsakene til at sitka blei planta langs kysten i skogreisin­gsperioden mellom 1950 og 1980.
HARDFØR: Få artar toler saltvatn og blest så godt som sitkagran. Dette var mellom årsakene til at sitka blei planta langs kysten i skogreisin­gsperioden mellom 1950 og 1980.
 ??  ?? SPREIINGSF­ARE: Ikkje eit skot må stå att. Tomas Lerøy sjekkar at det ikkje står noko att etter sitkagranr­yddinga ytst på Lerøyna. Kompanjong­en Mats Haugsvik i bakgrunnen.
SPREIINGSF­ARE: Ikkje eit skot må stå att. Tomas Lerøy sjekkar at det ikkje står noko att etter sitkagranr­yddinga ytst på Lerøyna. Kompanjong­en Mats Haugsvik i bakgrunnen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway