Bergens Tidende

HANDLINGSR­EGELEN: Statsminis­teren bør lytte til ungdomspar­tia som krev ein meir ansvarleg økonomisk politikk.

Statsminis­teren bør lytte til ungdomspar­tia som krev ein meir ansvarleg økonomisk politikk.

-

REGJERINGS­PARTIA Høgre, Frp, Venstre og KrF ønskjer å jukse seg til meir oljepengeb­ruk. Dei vil nemleg finansiere nytt regjerings­kvartal og ny fregatt med å bruke oljepengar utanfor budsjettet.

To av regjeringa­s ungdomspar­ti kjem no med hard kritikk mot Erna Solbergs (H) mannskap.

– Uansvarleg, seier Unge Venstrelei­ar Sondre Hansmark til NTB.

– På grensa til å lure veljarane, seier KrFU-leiar Martine Tønnessen i same sak.

DEI TO ungdomspar­tileiarane har heilt rett. Og når ungdommen ber dei vaksne om å vere meir ansvarlege, bør regjeringa lytte. Unge Venstre og KrFU står ikkje åleine. Både Unge Høgre og FpU har tidlegare kritisert regjeringa for å bruke for mykje pengar.

Det næraste Noreg kjem borgarlege parti er desse ungdomspar­tia. HANDLINGSR­EGELEN er til for å halde kontroll på bruken av sparepenga­ne. Dette er framtidas pengar.

Både fregatten og regjerings­kvartalet er uføresette utgifter, men dei må handterast innanfor budsjettet.

Alt anna er ei fallitterk­læring, og det er ungdommen som får rekninga i form av auka skattar eller mindre velferd.

KRITIKKEN mot regjeringa­s oljepengeb­ruk er tilnærma unison – venstresid­a er òg med.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre sa følgjande i Stortinget i førre veke:

– I 2013 sa ho at ho var garantist for handlingsr­egelen. No ser me korleis Frp har påverka henne.

Støres kritikk er på sin plass, men opposisjon­en vil òg auke pengebruke­n. Venstresid­a vil gjere det ved å auke skattane, noko som heller ikkje er rett medisin.

NORSKE POLITIKARA­R må lære seg å prioritere. I budsjettru­nde etter bud- sjettrunde er det mest snakk om kva felt som får flest nye pengar. I dag må staten bruke meir enn 200 milliardar oljekroner for å dekkje utgiftene.

Det kjem ei tid der olje og gass ikkje kan sprøytast inn i velferdsst­aten. Nye skattar og avgifter er ikkje «den nye olja». Dersom Noreg skal ha ein sjanse til å gå rundt når oljeinntek­tene fell, må utgiftsvek­sten under kontroll.

Det kjem ikkje til å bli lettare å prioritere i tiåra som kjem, så det er berre t il å byrje å øve.

Det kjem ikkje til å bli lettare å prioritere i tiåra som kjem, så det er berre til å byrje å øve. Noreg treng ein ansvarleg økonomisk politikk – sjølv i gode tider.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway