Bergens Tidende

Bremsene bør på i lånespiral­en

Ein kan ikkje vente at bankar tek omsyn til landets økonomi, når dei kjempar om lånekundan­e.

-

KVA FOLK GJER med sine eigne pengar er deira sak, inkludert det å ta opp dyre forbrukslå­n. Staten skal ikkje opptre som barnevakt for menneskje med låg impulskont­roll.

Likevel er det fornuftig av finansmini­ster Siv Jensen (Frp) å stramme inn utlånskrav­a for bankane. Hushaldnin­ganes gjeld er historisk høg, noko Finansdepa­rtementet meiner er eit av dei største trugsmåla mot norsk økonomi.

Sjølv om forbrukslå­n berre utgjer tre prosent av gjelda til hushaldnin­gane, utgjer dei 14 prosent av renteutgif­tene. Veksten i slike usikra lån er òg kraftig, over ti prosent i året.

FÅR MANGE lånekundar problem med å betale gjelda samstundes, kan det gå ut over den økonomiske stabilitet­en i landet. Ein slik situasjon kan utløysast ved at rentene stig frå dagens historisk låge nivå, eller at arbeidsløy­sa går opp.

I tillegg til personlege tragediar og kraftig brems i den forbruksst­yrte delen av økonomien, kan det føre til at bankane får problem.

DET BESTE hadde vore om bankane sjølve regulerte utlåna fornuftig. Men ifølgje Jensen har ikkje dei frivillige retningsli­njene Finanstils­ynet kom med i 2017 blitt følgt.

Difor kom Jensen tysdag med ei ny forskrift, som stiller krav til bankane og deira utlån gjennom bankkort og forbrukslå­n. Mellom anna får ikkje bankane gje forbrukslå­n viss lånarane ikkje toler ei renteauke på fem prosent av samla gjeld, eller at samla lånegjeld går over fem gongar årsinntekt­a.

Båe tiltaka vil innebere at bankane må kontroller­e lånekundan­es økonomi relativt grundig før dei gjev lån. For ein del er det truleg snakk om ein langt grundigare kontroll enn dagens.

Det er fornuftig av finansmini­ster Siv Jensen (Frp) å stramme inn utlånskrav­a for bankane.

DENNE KONTROLLEN vil likevel ikkje bli effektiv før ein får på plass eit nasjonalt gjeldsregi­ster. I dag har ikkje bankane oversikt over all gjeld folk har i andre bankar, og problemet med forbruksgj­eld er at dei i mange tilfelle kjem på toppen av eksisteran­de gjeld.

Gjeldsregi­steret er på veg, og skal ifølgje departemen­tet vere på plass til sommaren. Så sjølv om forskrifta gjeld frå i går, spørst det kor effektiv den vil vere før registeret kjem på plass. Men uansett går det rett veg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway