Bergens Tidende

«Änglarna» finst her

- JAN-LOUIS NAGEL Sæbøvågen

EG ER 70 ÅR og frisk. Bank i bordet og takk for det. Eg har aldri vore innlagd på sjukehus, før denne veka. Det blei eit døgn eg ikkje vil gløyme.

Historia om kvifor eg måtte på sjukehuset, er kort og brutal. Det var ein issvull på toppen av ei trapp. Eg nådde ikkje rekkverket, og det gjekk som det måtte: På hovudet ned trappa, og eg landa i grusen på armen og ansiktet.

– DETTE GÅR SEG TE, tenkte eg. Men så hovna armen opp neste dag, og det bar til legevakta. Dei konstatert­e brot i overarma og sende meg til akuttmotta­k på Haukeland. Der var dei klar for meg og køyrde fullt program med blodprøvar og blodtrykk. Eg fekk beskjed om å kome igjen på måndag for ein operasjon. Laurdagsko­sen blei Paralgin Forte og sympati frå konemor.

Måndag møtte eg opp til avtalt tid. Legen kom og fortalde korleis det stod til, og kva dei tenkte å gjere. Eg skjønte ikkje alt, anna enn at eg var i gode hender. Så trilla dei meg ned nokre etasjar, og der stod fem englar i grønt og venta på meg.

EG VAR MIDTPUNKTE­T, og dei sverma om meg som om eg var sjølvaste erkeengele­n. Det var slangar, instrument og monitorar. Til slutt fekk eg narkose, og då vart det natt for meg. Eg vakna langsamt opp nokre timar etter, omgitt av fleire englar, no i kvitt. Dei visste ikkje kva godt dei skulle gjere for meg. Det er det næraste himmelen eg har vore. Etter to-tre timar vart eg trilla opp igjen til avdelinga og tatt imot av ei skjønn sjukepleia­r som baud på empati og smertestil­lande. Så sovna eg igjen. Då bedøvinga byrja å gje seg utpå morgonkvis­ten, fekk eg meir smertestil­lande, mat og empati. Og desse fantastisk­e sjukepleia­rane som vil deg alt vel, dei var der heile tida. Det er så godt å føle seg varetatt når ein er litt sårbar. For meg blei det ei helg mellom «Blood on the Tracks» og «Jag trodde änglarna fanns bara, bara i himmelen». For dei er det «business as usual.»

VEIT FOLK I DETTE LANDET å setje pris på kor godt vi har det? Eg tvilar litt på det. Eg fekk møte vårt helsevesen på nært hald. Desse folka fortener meir ære og takksemd enn eg synst dei får. Og så kjem oppfølging­a via fastlege, kontrollar, medisineri­ng og fysioterap­i. Og kva kostar alt dette meg? Lite og ingenting. Det er ikkje til å tru.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway