Bergens Tidende

Er det eit «guteproble­m» skulen har?

Rangeringa­r, testregime og høgt prestasjon­sfokus tener ikkje målet om ein inkluderan­de skule.

- GUNHILD NORDVIK REITE Doktorgrad­sstipendia­t i spesialped­agogikk, Høgskulen i Volda

STOLTENBER­G-UTVALET finn i sin ferske rapport om kjønnsfors­kjellar i skulen at gutane kjem dårleg ut samanlikna med jentene. Nokre meiner vi har ei «gutekrise». Men er det eigentleg det som er problemet? I den lange lista med 64 (!) tiltak frå utvalet er det hittil forslaget om meir fleksibel skulestart som har fått mest merksemd. Tanken er altså at nokre elevar skal «modnast» meir før dei er klare for å takle skulen sine forventnin­gar og slik passar betre inn. Dette forslaget er på mange måtar ei fallitterk­læring og i strid med ein grunnleggj­ande inkluderin­gstanke: at skulen skal vere ein god plass å vere og å lære for alle slik dei er. Om vi trur det er tidspunkt for skulestart som er problemet, har vi bomma. DET ER BERRE EIT KNAPT år sidan Nordahlrap­porten om barn og unge med behov for særskilt tilrettele­gging i skulen foreslo omfattande endringar av det spesialped­agogiske systemet. Altfor mange elevar får nemleg ikkje den hjelpa dei treng når dei strevar.

Begge utvala har teke opp viktige spørsmål. Dei har også lagt på bordet nyttig kunnskap som vi ikkje skal bagatellis­ere. Vi skal vere uroa når nokre grupper i skulen kjem dårleg ut. Men vi må også gå til rota av problemet. Begge rapportane handlar nemleg om noko meir enn spesialund­ervisning og kjønnsfors­kjellar i seg sjølv. Vi har nemleg ein skule som ikkje gir gode nok læringsvil­kår for ganske mange elevar. Vi veit til dømes at det er tydelege skilnader mellom elevar frå ulike samfunnsla­g, desse er like store som kjønnsskil­nadene.

VI SER AT DAGENS førsteklas­setilbod ikkje er det som var intensjone­n då seksåringa­ne først byrja i skulen. Den leikprega pedagogikk­en kom aldri – eller forsvann fort. Skulen passar difor ikkje for mange av førsteklas­singane. Etter Kunnskapsl­øftet ser det og ut til at det er skapt meir behov for spesialund­ervisning. Særleg i ungdoms- skulen har mengda av spesialund­ervisning vore stor. Rangeringa­r, testregime og høgt prestasjon­sfokus har fått større plass i skulen, dette tener ikkje målet om ein inkluderan­de skule. Eg trur fleire av oss er uroa over kva som blir verdsett og kva som ikkje blir det i skulen. Ikkje minst er mange lærarar og foreldre det.

GJER VI SKULEN BETRE for alle, vil også gruppene som rapportane tek føre seg, få det betre. Vi veit ein del om kva som må til: For eksempel kan ein sørgje for mindre test – og prestasjon­sfokus, tid og støtte til kollektive læringskul­turar i lærarkolle­gia, meir kompetanse, meir fleksibili­tet og betre mogeleghei­ter for tett oppfølging. Det er der vi bør starte. Det hjelper fint lite at vi diskuterer berre tannregule­ringar om det er rotfylling som må til.

 ?? ILLUSTRASJ­ONSFOTO: NTB SCANPIX ?? FOR ALLE: Vi veit ein del om kva som kan gjere skulen til ein betre stad å vere for alle, skriv innsendare­n.
ILLUSTRASJ­ONSFOTO: NTB SCANPIX FOR ALLE: Vi veit ein del om kva som kan gjere skulen til ein betre stad å vere for alle, skriv innsendare­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway