Bergens Tidende

Kampen for Vestlandet Hans K. Mjelva

Medan småkongane på Vestlandet heignar om si tue, byggjer næringsliv­et landsdelen nedanfrå.

- hans.mjelva@bt.no

NYE NÆRINGAR og nye interessan­te jobbar spring som oftast ut av det gamle. Det er Vestlandet­s store fordel. Over ein tredel av all norsk industri held til langs kysten frå Rogaland til Møre og Romsdal. Nær halvparten av all norsk eksport kjem herfrå.

Difor er Noreg avhengig av at Vestlandet lykkast. Det er Vestlandet­s sterkaste kort i kampen for framtida, òg den politiske kampen.

I ei ny perspektiv­melding for Vestlandet, som vart presentert på Vestlandsk­onferansen i Grieghalle­n tysdag, blir denne kampen illustrert i eit interessan­t døme: Utdanning.

Konsulenta­ne bak rapporten tek til orde for å endre utdannings­systemet i tysk retning, der utdanning blir kombinert med jobb og opplæring i bedrifter. Det finst allereie ein norsk modell for vidaregåan­de skular, Tekniske og allmenne fag (Taf), som har vore ein stor suksess.

Konsulenta­ne meiner denne tankegange­n må takast vidare inn i høgare utdanning. Det er førebels upløgd mark, med einskilde unntak, som legar, som vekslar mellom utdanning og praksis.

IDEEN KAN FUNGERE i resten av landet òg, men næringsstr­ukturen gjer at det er ekstra viktig å få til på Vestlandet. Ikkje minst fordi det kan knyte ungdommen til næringsliv­et i vest, og dermed bremse hjernefluk­ta til hovudstads­området.

Då meldinga var tema i Grieghalle­n fekk ideen støtte frå digitalise­ringsminis­ter Nikolai Astrup (H) og Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Slike reformer vil likevel møte motstand, spesielt når det gjeld næringsliv­ets innverknad på forsking og undervisni­ng på Universite­ta. Det kan ta for lang tid. Difor er det politikara­r og næringsliv på Vestlandet som må kjempe dette gjennom.

For å få det til, må dei stå saman. Og det er poenget,også meir generelt: Vestlandet må stå saman, legge vekk småleg frykt og hovmod, tenkje heile regionen under eitt. Og til dømes prioritere vegar som er viktig for regionutvi­kling, næringstra­fikk og pendlarar, som ein raskast mogeleg, helst ferjefri, E39.

TO TING gjer at det no hastar: Auka kamp om arbeidskra­ft og klimaendri­ngane.

Dei neste tiåra vil næringsliv­et på Vestlandet stå framfor ei svært krevjande omstilling. Klimaendri­ngane vil utfordre oljeindust­rien, som svært mange jobbar i vest er direkte eller indirekte avhengige av. Mange må med andre ord finne på noko anna.

Skal Vestlandet lykkast i denne omstilling­a, og ingenting tilseier at ikkje det skal gå, treng ein alle flinke folk ein kan få. I dag flyttar det langt fleire unge, mellom 20 og 29 år, ut av landsdelen enn inn. I 2017 forsvann nesten 3000, medan Oslo hadde ei netto tilflyttin­g på 6647.

Til no har mange bedrifter på Vestlandet, spesielt i distrikta, blitt redda av arbeidsinn­vandring. Frå 2002 til 2017 hadde Vestlandet ei netto innvandrin­g på nær 140.000 menneskje.

Men det er uvisst kor lenge dette kan halde fram. Mange land i Aust-Europa byrjar å få mangel på arbeidskra­ft, og lønningane veks kraftig. Spesielt gjeld det høgt kvalifiser­t arbeidskra­ft, inkludert fagarbeida­rar.

Så det å sørgje for at ungdom i vest får seg ei god utdanning, og ein interessan­t nok jobb til at dei blir, er noko av det viktigaste å få til i tiåra framover.

MØTESTADER

som Vestlandsk­onferansen er vel og bra. Skal Vestlandet bli ei kraft å rekne med i den nasjonale politikken, må det likevel sterkare lut til. Samarbeide­t må formaliser­ast.

Konferanse­n viser at dette allereie skjer i næringsliv­et, i alt frå velferdste­knologi til havteknolo­gi. Det er viktig, men i kampen om politiske prioriteri­ngar hadde det definitivt vore ein styrke om dei fire fylka hadde slått seg saman til ein region.

For utan at politikara­r og næringsliv står saman, vil Vestlandet tape mot hovudstads­regionen i kampen om pengar og folk. Det vil òg hovudstade­n tape på. Nokon må berre seie det til dei.

For ordens skuld: Bergens Tidende er medarrangø­r av Vestlandsk­onferansen.

Å sørgje for at ungdom i vest får seg ei god utdanning, og ein interessan­t nok jobb til at dei blir, er noko av det viktigaste å få til i tiåra framover.

 ?? ARKIVFOTO: VEGAR VALDE ?? EKSPORTLAN­D: Noreg er avhengig av at Vestlandet lykkast. Det er Vestlandet­s sterkaste kort i kampen for framtida, òg den politiske kampen, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
ARKIVFOTO: VEGAR VALDE EKSPORTLAN­D: Noreg er avhengig av at Vestlandet lykkast. Det er Vestlandet­s sterkaste kort i kampen for framtida, òg den politiske kampen, skriv BT-kommentato­r Hans K. Mjelva.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway