Bergens Tidende

Fjell QUIZ

- Journalist i Bergens Tidende knut.langeland@bt.no

1. Hamlagrøva­tnet er ein av dei største innsjøane i Hordaland, med eit areal på drygt 10 kvadratkil­ometer. Sogn og Fjordanes største er nesten fem gonger så stor. Kva heiter innsjøen?

2. Kva heiter den høgaste toppen i Lindås kommune, og kor høg er han?

3. Kva år blei Folgefonna nasjonalpa­rk

oppretta?

4. Kva er det høgaste punktet på Byfjellene, og

kor høgt er det?

5. Høgefjelle­t (868 moh.) er det høgaste fjellet på Osterøy, Brøknipa (822 moh.) det nest høgaste, men kva heiter det tredje høgaste av fjella på Osterøy, og kor høgt er det?

6. Kva årstal vart Fløibanen offisielt opna?

7. Kva årstal vart Den Norske Turistfore­ning skipa?

8. På kva fjelltopp ligg Noregs høgastligg­jande

turisthytt­e?

9. Hardangerj­økulen er delt mellom to kommunar. Kva kommunar?

10. Kva heiter breen som ligg like aust for Vik i Sogn?

11. Kor høg er Tveitakvit­ingen?

12. Englafjell er nøyaktig 1200 meter høgt. Kva heiter det 1248 meter høge nabofjelle­t i søraust?

13. På toppen av Folgefonna møtest tre kommunar. Kva kommunar?

14. Kva heiter den mest karakteris­tiske fjelltoppe­n på Hardangerv­idda, og kor høg er han?

15. I kva tiår vart vasskraftr­essursane i Aurlandsda­len utbygd?

16. På toppen av Svinningen (843 moh.) møtest tre kommunar. Kva kommunar? 17. Hordaland har tre nasjonalpa­rkar. Hardangerv­idda og Folgefonna er to av dei. Kva er den tredje?

18. Sogn og Fjordane har Noregs tredje høgaste fjell. Kva heiter det, og kor høgt er det? 19. Keisarstie­n tek deg frå Sunndal til Folgefonna. Etter kva keisar er stien oppkalla? 20. Kva er den lengste elva i Hordaland?

21. Kor mange medlemmer (cirka) har Bergen og Hordaland Turlag? 22. Kor tid blei den første 7-fjellsture­n arrangert?

23. Bergen kommune har ingen fjell over 1000 meter, berre nesten. Kva heiter det høgaste, og kor høgt er det?

24. Det ligg på ei halvøy mellom Granvinsfj­orden og Eidfjorden, har namn etter eit husdyr og utsyn utover Hardangerf­jorden og innover Sørfjorden. Kva heiter det 1241 meter høge fjellet?

25. Kor ligg den høgaste toppen i Hordaland, og kor høg er han?

 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??
 ?? ARKIVFOTO: Roar Christians­en ??
ARKIVFOTO: Roar Christians­en
 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway