Bergens Tidende

Kunsten Wenche Kvamme skapte står att i hjarta våre

-

Med Wenche Kvamme sin bortgang står teateret og vi fattige igjen.

EIN PLASS IMELLOM oss står tom og ingen kan fylle den. I hennar fråvær ser vi kva vi har mista, men kanskje endå sterkare kva vi har fått. Vi kjenner oss fattige no, men omfanget av den rikdommen ho har etterlete seg er stor.

Med mot, kjærleik og ein arbeidsmor­al av ei annan verd, tok ho vare på tallause forteljing­ar, skjebnar og menneske på scena. Ho fekk oss til å kjenne med og for desse menneska. Ho fekk oss til å sjå dei. Og ho bar dei alle i det romslege hjarta sitt.

FOR EIN SKODESPELA­R av eit slikt format, ein kunstnar av Wenche Kvammes kaliber, er nettopp sterkt definert av hjartemusk­elen. Av ømheit og empati. Ho gav oss så mange lysande opplevinga­r i kraft av sitt oppsiktsve­kkjande talent, omfattande faglege kunnskap og erfaring, men ikkje minst i kraft av sin brennande kjærleik til teaterkuns­ten.

Eg trur at Wenche aldri mista trua på denne kunsten. Kvar dag på prøve, kvar kveld på scena gav meining.

Vi som står att har enno mykje inspirasjo­n å hente i korleis ho gong på gong tok fatt på ei ny oppgåve utan å spare seg.

Alle roller vart handsama med hennar kvalitetss­ans og omsorg. Møta med publikum var audmjuke og lyttande.

WENCHE VAR EIN tydeleg kollega med integritet. Om vi kjempa og tvilte saman på prøver, møtte henne på veg av eller inn på scena – eller fekk ein prat i garderoben, var grunntonen alltid den same. Open, rakrygga, uredd.

Ho forventa mykje av dei rundt seg og endå meir av seg sjølv.

Ofte såg vi ho som trygg og klok rettleiar for yngre kollegaer. Som medspelar på scena var ho levande og raus. Alltid klar til å strekke seg. Svolten etter saman å skape den gode og sanne opplevinga for publikum.

VI ER MANGE som har støtta oss på hennar erfaring og skarpe blikk igjennom åra. Og vi er og mange som har lært oss styrkja i å vere sårbar frå henne.

Krafta i ikkje å skygge unna eit spørsmål, å kunne stå i uvisse. Hennar vesen og verdiane ho baserte arbeidet på, ligg att som ein arv for oss som fekk jobbe med henne.

Kunsten du skapte står att i hjarta våre. Takk for din sjenerøsit­et, Wenche.

MED RETTE OG tyngde kan ein seie at Wenche Kvamme sette spor i verda.

Hennar kunstnarle­ge kraft og samvitsful­le arbeid gav i rikt monn til fellesskap­et. Med hennar stemme vart vi alle litt rikare.

Om ho var på små scener rundt i landet, eller strålte på heimebane under stjernehim­melen på DNS, greip ho tak i oss og flytta oss som menneske. Vi vart forbløffa, forarga, forelska og fornøya. Vi lo og vi grein – og gjekk ut i verda igjen litt klokare.

ARS LONGA, VITA brevis står det over scenebogen på Den Nationale Scene. Slik er det. Livet er kort og vi må nytte det. Men kunsten er lang. Og kunsten du skapte står att i hjarta våre.

Takk for din sjenerøsit­et, Wenche.

 ?? RESPEKTFUL­L HELSING FRÅ DIN KOLLEGA,
SOLRUN TOFT IVERSEN.
ARKIVFOTO: PAUL S. AMUNDSEN ?? ARV OG MILJØ: Wenche Kvamme i garderoben på DNS. Hennes siste rolle ble som Bergljots mor i oppsetning­en av «Arv og Miljø».
RESPEKTFUL­L HELSING FRÅ DIN KOLLEGA, SOLRUN TOFT IVERSEN. ARKIVFOTO: PAUL S. AMUNDSEN ARV OG MILJØ: Wenche Kvamme i garderoben på DNS. Hennes siste rolle ble som Bergljots mor i oppsetning­en av «Arv og Miljø».

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway