Bergens Tidende

Fleire badeplassa­r på Austlandet er blitt øydelagt av stillehavs­østers. No er også Vestlandet truga.

Den frykta stillehavs­østersen er blitt registrert i Hordaland tidlegare. No kan han vera på veg i store koloniar. Fem dagar med vasstemper­a- tur på 19 gradar eller meir er alt som skal til for at østersen skal gyta.

- KNUT LANGELAND knut.langeland@bt.no

Fem dagar med vasstemper­atur på 19 grader eller meir er det som skal til fora t stillehavs østersen kan gyta. Får vi ein sommar som liknar berre litt på den vi hadde i fjor, ligg tilhøva til rette for at den framande arten kan etablera seg permanent på våre kantar. I små mengder er østersen blitt registrert i Hordaland også tidlegare. No kan han vera på veg i store koloniar.

– Vi veit ikkje, men vi meiner vi kan lukkast i å redusera spreiinga ved å vera føre var. For det er det dette prosjektet handlar om. Å føresjå kor det ligg til rette for at stillehavs østersen kan etabler a seg, og så ta tidleg grep.

Det seier Egil Postmyr, seniorrådg­jevar ved seksjon for hav og sediment i Miljødirek­toratet. Han er fagleg ansvarleg for dei modellane for spreiing som no er blitt laga.

På veg nordover

Bømlo er mellom områda forskarane peikar på når potensiale­t for spreiing blir vurdert. Bømlo, saman med deler av Austevoll, Sotra og Øygarden, er rekna for å vera særleg utsett. Dei ligg slik til på den opne kysten at dei kan produsera mange larvar, som lett kan spreia seg vidare med kyststraum­en til nye område.

Viss det går slik som forskarane fryktar, vil det difor i førebyggja­nde samanheng, vera særleg viktig å rydda desse områda.

Egil Postmyr understrek­ar at vi på Vestlandet ligg ved kanten av stillehavs østersens potensiell­e utb reiing s område. Han trur det i seg sjølv aukar sjansen for at ein kan lukkast i å halda bestandane nede.

– Men klimamodel­lar for utgangen av dette hundreåret viser at det potensiell­e utbreiings­området forstille havs østersen kan ha flytta seg 25 til 30 mil lenger nord. Då er vi eit bra stykke oppe i Trøndelag, seier Postmyr.

Stillehavs­østers er ein framand, invaderand­e art som har spreidd seg i rekordfart og som er uønskt i våre farvatn. Trass i at han også må reknast som ein ressurs. Den er allereie etablert langs kysten på Austlandet, i Oslofjorde­n og ned til Agder, men det er også ein del i Rogaland. Truleg har han spreidd seg til Noreg frå oppdrettsa­nlegg på Kontinente­t.

– Vi let som om det går an å stoppa invasjonen, men vi veit ikkje, seier Postmyr.

Datamodell­ane som blir nytta for å føresjå kor stillehavs­østersen vil spreia seg vidare, er utvikla av det danske konsulents­elskapet DHI (Dansk hydraulisk institut). Forskarane har peika på dei områda langs kysten som både kan nåast av larvar, og som i tillegg oppfyller artens eigne krav for overleving og gyting. Berekninga­ne fortel at den framande arten vil etablera seg med gyting på i alt 43 ulike plassar i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

Prosjektet viser at det er 25 område i Rogaland, 16 i Hordaland og to i Sogn og Fjordane, der det er sannsynleg at arten vil eta- blera seg permanent med gyting. Grensa for gyting ligg i dag sør for Møre og Romsdal.

Svartelist­a

Også i Hordaland er det tre til fire gyteområde som er verre enn dei andre. Bømlo og Torsteinsv­ik er blant desse.

Stillehavs­østersen er ført opp på Artsdataba­nkens Framandart­sliste i kategorien svært høg risiko. Han er eit potensielt trugsmål mot naturmiljø­et og økosystem langs kysten, ettersom han fortrengje­r den lokale europeiske flatøsters­en.

Han kan også ta plassen til blåskjel, noko som kan få negative konsekvens­ar for ærfugl, som har blåskjel som viktig næringskje­lde. I tillegg kan han etablera seg på badestrend­er og øydeleggja tilgangen til friluftsli­v ved at strendene blir uframkomel­ege. Stillehavs­østers har skarpe skjel, som kan gi djupe sår og kutt viss ein trakkar på dei.

Prosjektet til DHI viser ikkje kor raskt spreiinga og etablering­a av stillehavs­østers vidare langs kysten vil skje. Dette er især avhengig av varme somrar som kan utløysa gyting. Han toler både varme, kaldt vatn og kulde, men gytinga blir det kritiske punktet, og det som truleg vil hindra at han spreier seg veldig langt nord langs kysten.

 ?? FOTO: SCANPIX ?? VÆR FORSIKTIG: Stillehavs­østersen gjenkjenne­s på de svært skarpe kantene, som kan gi djupe sår og kutt viss ein trakkar på dei.
FOTO: SCANPIX VÆR FORSIKTIG: Stillehavs­østersen gjenkjenne­s på de svært skarpe kantene, som kan gi djupe sår og kutt viss ein trakkar på dei.
 ??  ?? INVASJON: Revdannels­e ved øya Langeoog i Tyskland i 2008. Slikt har vi til no ikkje sett i Noreg.
INVASJON: Revdannels­e ved øya Langeoog i Tyskland i 2008. Slikt har vi til no ikkje sett i Noreg.
 ?? FOTO: ALEXANDRA MARKERT ??
FOTO: ALEXANDRA MARKERT
 ?? FOTO: HAVFORSKIN­GSINSTITUT­TET ?? EKSPLOSIV SPREIING: Stillehavs­østersen (til v.) er uønskt i våre farvatn. Flatøsters­en (til h.) høyrer heime her.
FOTO: HAVFORSKIN­GSINSTITUT­TET EKSPLOSIV SPREIING: Stillehavs­østersen (til v.) er uønskt i våre farvatn. Flatøsters­en (til h.) høyrer heime her.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway