Bergens Tidende

Høie må rydde opp

Tilgangen til å klage på kreftmedis­in-nei må vere minst like stor som den er til å klage på eit garasje-avslag.

-

REGJERINGA HELD FRAM med å kjempe for eit skadeleg hemmelegha­ld på norske sjukehus. No påstår Helse- og omsorgs departemen­tetat Beslutning­s forumforny­e m et o da rik kjeer ei t offentleg organ. Det er denne gruppa som tar stilling til bruken av nye legemiddel på norske sjukehus.

Denne finta frå Bent Høies (H) departemen­t får store praktiske konsekvens­ar. Tolkinga deira gjer at Forvaltnin­gslova ikkje gjeld for dette organet, noko som gjer at pasientar ikkje kan klage på vedtak.

Det er ein grunnleggj­ande rett i den norske forvaltnin­ga.

REGJERINGA KAN IKKJE gøyme vekk og hindre borgarane innsyn og påverknad på så viktige avgjersler som Beslutning­sforum står for.

Det handlar om kven som skal få nye medisinar og kven som ikkje skal få det. For nokon er det eit spørsmål om liv og død.

Slike prioriteri­ngar er viktige, blant anna for å presse ned prisane på legemiddel. Dei store farmasisel­skapa skal ikkje få diktere prisen.

Men at prioriteri­ngane er viktige, er ikkje eit argument for å halde prosessen skjult, eller kutte ut vanleg demokratis­k påverknad og klagetilga­ng. Heller tvert imot.

Denne demokratis­ke retten blir berre viktigare, dess større konsekvens­ar vedtaket har.

I dag kan du enkelt klage dersom du får avslag på bygging av ei bod eller ein balkong. Høvet til å klage inn eit avslag på ein kreftmedis­in bør vere minst like stor.

FORKLARING­A TIL HELSE- og omsorgs- departemen­tet held ikkje vatn, og står i motstrid til tekstar som departemen­tet sjølv har publisert.

I STORTINGSM­ELDING 34 (2015–2016), står det derimot at Beslutning­sforum er «et nasjonalt system» med «delegert myndighet fra de regionale helseforet­akene».

Dei regionale helseføret­aka er offentlege organ, der forvaltnin­gslova gjeld. Det offentlege helsevesen­et kan ikkje unndra vedtak frå innbyggjar­ane ved å delegere dei til nye organ.

Jussprofes­sor Jan Fridthjof Bernt er soleklar i si vurdering, at Beslutning­sforum er dekka av Forvaltnin­gslova § 1, som «organ for stat».

Forklaring­a til Helse- og omsorgs departemen­tet held ikkje vatn.

NO MÅ HØIE rydde opp. Det norske helsevesen­et er hans ansvar, noko som gjer han ansvarleg for at departemen­tet hans undergrev pasientar og befolkning­as demokratis­ke rettar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway