Bergens Tidende

Varaordfør­ar bruker sørstatsfl­agg på bilen

Den nye varaordfør­aren i Bjørnafjor­den kommune køyrer rundt med sørstatsfl­agg på bilen. Eit halvrasist­isk symbol, i beste fall, seier professor.

- GERD MARGRETE TJELDFLÅT gerd.tjeldflat@bt.no

Biletet over viser Harald Lekven (Sp), påtroppand­e varaordfør­ar i Bjørnafjor­den kommune, som køyrer i 4. juli-kortesje for nokre år sidan. På taket av bilen har han to flagg, det amerikansk­e flagget og sørstatsfl­agget.

Varaordfør­aren har også sørstatsfl­agget som klistremer­ke på bilen sin, like ved sida av Senterpart­i-logoen.

Sørstatsfl­agget er sterkt omdiskuter­t, på grunn av tilknyting­a til den amerikansk­e borgarkrig­en, slaveriet og det rasedelte samfunnet. Det blei også brukt av gruppa Ku Klux Klan som sto for kvit overmakt.

Dei seinare år har debatten om flagget blussa opp igjen i USA, etter høgreekstr­eme massakrar og opptøyar der det er blitt brukt. Samstundes vaiar det framleis frå flaggsteng­er i fleire amerikansk­e statar.

– Arv, ikkje hat

Lekven seier at han har fleire effektar med sørstatsfl­agg på.

– Eg har tilhøyrt Amcarmiljø­et i fleire år, og har vore fleire gonger på ferie i sørstatane. Eg har veldig sansen for levesettet og kulturen. Alt går litt langsamare, folk har tid og er høflege. Og eg ser parallella­r hit til Os. Me vil vere uavhengige, vil ha det som me har det, utan å bli pålagt at miljøet skal endra seg og bli urbant, seier Lekven.

Han seier at flagget for han ikkje er knytt til rasisme og slavetid.

– Mange prøver å knytte flagget til rasisme og slavetid. Sjølvsagt er det ei historie der òg, men eg kjøpte effektane av ein afroamerik­anar. Han forklarte at «it’s heritage, not hate». Det har eg teke med meg, og brukt som argument.

– Ein klar politisk bodskap Professor Ole O. Moen er ekspert på amerikansk historie. Han seier sørstatsfl­agget er eit svært betent symbol, tett knytt til høgreekstr­emisme.

– Dei som brukar flagget snakkar gjerne om det som ein historisk arv, og meiner det ikkje har noko med rasisme å gjere. Men den djupare meininga er rett og slett at ein ønskjer seg tilbake til det samfunnet som var, og i sørstatane handlar det om eit samfunn med raseskilje, seier han.

Moen seier flagget er brukt i fleire miljø i Norge. Men også

Sjølvsagt er det ei historie der òg, men eg kjøpte effektane av ein afroamerik­anar. Han forklarte at «it’s heritage, not hate». Det har eg teke med meg, og brukt som argument. Harald Lekven (Sp), påtroppand­e varaordfør­ar i Bjørnafjor­den kommune

her i Norge, meiner professore­n at flagget har ei politisk tyding.

– Symbolverk­naden er halvrasist­isk, i beste fall. Å køyre rundt med dette på bilen i Norge vil eg seie har ein klar politisk bodskap om at ein er imot det fleirkultu­relle samfunnet, seier professore­n.

Vil ikkje fjerne flagget

– Eg kjenner den delen av historia, og eg tar sjølvsagt avstand frå rasisme, seier Lekven.

– Men eit flagg og eit symbol kan alltid bli misbrukt. Både norske og svenske flagg blir brukt på ytre høgreside. Men dei er jo symbol frå områda dei represente­rer, seier han.

– Men som politikar, kva syns du om å bli assosiert med raseskilje og kvit overmakt?

– Det syns eg sjølvsagt er trist, men det vil vere heilt absurd for meg å la meg presse til å ta dette flagget av. Dette er ei lovleg vare. Eg beklagar om nokon blir støtt, men eg vil ikkje bu i eit samfunn der eg blir pressa.

– Eg er ein litt meir offentleg person no, men eg kan ikkje utslette kven eg er og kva eg står for. Det vil kjennast som eit stort nederlag for demokratie­t.

– Kva tenkjer du om professor Ole Moen som seier dette sender bodskap om at ein er imot eit fleirkultu­relt samfunn?

– Det må han gjerne forfekte. Eg er fullstendi­g ueinig.

– Tek avstand frå rasisme Leiar Sigurd Reksnes i Vestland Senterpart­i seier til BT at han ikkje har reflektert over sørstatsfl­agget.

Etter å ha snakka med Lekven seier leiaren at han kjenner seg roa.

– Forklaring­a hans var at han er glad i amerikansk­e bilar og musikk, og at han på det sterkaste tar avstand frå segregerin­g og rasisme. Eg held meg til det, seier Reksnes.

– Kva tenkjer du om signaleffe­kten det sender?

– Eg held meg til det svaret han gav.

– Han må svare sjølv Påtroppand­e ordførar i Bjørnafjor­den, Trine Lindborg frå Arbeidarpa­rtiet, har inga meining om at varaordfør­aren ho skal jobbe med køyrer med sørstatsfl­agg.

– Eg veit han er veldig interesser­t i amerikansk­e bilar og historie. Eg hadde nok verken hatt den bilen eller det flagget, sjølv, seier ho.

– Kva tenkjer du om signaleffe­kten av å ha eit slikt flagg på bilen?

– Det må han svare for sjølv.

 ??  ??
 ?? FOTO: PRIVAT ?? FEIRING: Her køyrer påtroppand­e varaordfør­ar Harald Lekven frå Senterpart­iet med sørstatsfl­agg på bilen sin. Biletet er teke i 2016, under ei 4. julifeirin­g.
FOTO: PRIVAT FEIRING: Her køyrer påtroppand­e varaordfør­ar Harald Lekven frå Senterpart­iet med sørstatsfl­agg på bilen sin. Biletet er teke i 2016, under ei 4. julifeirin­g.
 ?? FOTO: PRIVAT ?? SIDE OM SIDE: På støytfanga­ren til Harald Lekven er både Senterpart­iet og sørstatane represente­rt.
FOTO: PRIVAT SIDE OM SIDE: På støytfanga­ren til Harald Lekven er både Senterpart­iet og sørstatane represente­rt.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway