Bergens Tidende

Maskinene har overtatt

Valet i Bergen viser at me ikkje burde stole på teljemaski­nene åleine.

- Kommentato­r i Bergens Tidende morten.myksvoll@bt.no Morten Myksvoll

VALRESULTA­TET er ferdig opptalt, men det betyr ikkje at me er heilt sikre på kor mange stemmer kvart parti fekk. Det me veit, er at det skjedde feil i den manuelle teljinga i Bergen.

I BYSTYREVAL­ET dukka det opp 751 fleire stemmer frå den første manuelle teljinga, til maskinene talte opp etterpå. Av desse var det 416 nye SV-stemmer.

Ein liknande feil skjedde i fylkesting­svalet i Bergen, slik NRK skreiv måndag.

Etter å ha rekna på både dei foreløpige og dei endelege tala, er det klart at bystyret ville sett likt ut i båe døme.

MEN DET ER IKKJE SIKKERT at dei endelege tala er heilt rett. Og marginane er små: Venstre var 270 stemmer frå å miste eit mandat. Sp var 280 stemmer frå det same.

Det er mindre enn to promille av stemmene. Svært små feil kan altså snu om på kven som skal styre byen.

SKREKKDØME­T ER det amerikansk­e presidentv­alet i 2000. Valet mellom George W. Bush og Al Gore var så jamt i delstaten Florida, at det eigentleg skulle teljast på nytt. Høgsterett greip inn og stoppa ei ny teljing, og med det var valet over. Bush vart president.

Oppteljing­a i Bergen er langt frå like dramatisk, men dømet viser kva som kan skje når systemet ikkje er rigga for uro. Eit valsystem bør vere så solid at det ikkje er rom for tvil.

NÅR STEMMENE vert talt opp, skal dei først teljast manuelt. Det var eigentleg ikkje planen, men etter press frå programutv­iklar Patricia Aas, kravde dåverande kommunalmi­nister Jan Tore Sanner (H) manuell teljing i 2017-valet.

I februar i år skreiv regjeringa dette kravet inn i forskrifta til vallova.

Når den manuelle teljinga er ferdig, tar datamaskin­er og skannarar over. Dersom det er feil i den manuelle teljinga, finn ein ut av det her.

DEI 416 SV-STEMMENE som dukka opp, stamma nok frå ein bunke med stemmer som vart talt opp, men der ein gløymde å registrere stemmene. Det er ein menneskele­g feil, og viser både svakheiten­e med den manuelle metoden og behovet for ei kontrollte­ljing.

Men var problemet løyst, berre fordi denne feilen vart funnen? Nei.

INGEN KAN GARANTERE at maskinene har talt rett. Er det avvik mellom teljinga til menneske og maskin, tel ein på nytt. Men det som sjekkar maskintelj­inga er berre ei ny maskintelj­ing.

Då har ikkje den manuelle teljinga stor verdi i praksis, sjølv om den kom inn som eit sikringsti­ltak.

TILLITEN TIL MASKINENE er høg. Som Marte Holm i Bergen kommune seier til NRK: «Når vi tel på nytt med skannar får vi alltid identisk resultat.»

Men det stemmer ikkje heilt. Programutv­iklar Aas var rettleiar for ei masteroppg­åve ved NTNU, levert av Vilde Elise Amundsen i januar 2019.

Der vart skannarpro­grammet testa. 15 stemmesetl­ar var køyrd gjennom skannaren, og tre av dei mangla stempel. Skannaren talte ikkje rett på fire forsøk. I eitt tilfelle fortalde systemet at det var 17 stemmesetl­ar.

Det skal ikkje gå an.

AVVIK MELLOM SKANNARANE finn me òg i den faktiske oppteljing­a. I valprotoko­llen til Bergen kommune er det såkalla akseptable avvik på ei rekke av dei maskinelle teljingane.

Det står ingen forklaring på kvifor SV plutseleg fekk meir enn 400 fleire førehandsr­øyster. Akkurat det har kommunen tatt sjølvkriti­kk på, men tilliten til maskinene består.

DATAMASKIN­ER er ikkje til å stole på. Det kan vere feil i programvar­a, med skannaren, eller systemet kan vere manipulert. I 2017 kom det fram at Evry hadde tilgang til systemet over internett, for å drive brukarstøt­te.

I Bergen er det skotske Idox som leverer skannarar. Det er uklart om dei har den same tilgangen.

Bergen kommunes eigen risikovurd­ering tar ikkje opp dette, eller kva type maskiner ein skulle bruke. Heldigvis har Bergen kommune likevel kjøpt nye maskiner til føremålet. SKANNEPROG­RAMMET treng datamaskin­er med operativsy­stemet Windows; det systemet som er mest utsett for skadeleg maskinvare i heile verda.

Og programmet ein bruker for å telje, krev nettlesare­n Internet Explorer 11 for å logge på administra­sjonsverkt­øyet. Det er ein seks år gammal nettlesar som sjølv Microsoft åtvarar mot. Den støttar nemleg ikkje nyare webstandar­dar.

Det betyr ikkje at programvar­a er utrygg. Men det er eit bilete på ein potensiell risiko. Når Hydro kunne bli utsett for eit verdsomspe­nnande dataangrep i mars, kan det skje med valsysteme­t til Bergen kommune òg.

OPPTELJING­A AV STEMMER i norske val skal vere så sikker at ho taklar alt frå menneskele­ge feil til åtak frå andre statar. Manuell oppteljing er ein mekanisme som skal hjelpe. Men den tryggingsm­ekanismen vart berre sett til side når ein fann avvik.

Og sånn vann maskinene valet.

Datamaskin­er er ikkje til å stole på. Det kan vere feil i programvar­a, med skannaren, eller systemet kan vere manipulert.

 ?? ARKIVFOTO: ALICE BRATSHAUG ?? OPPTELJING: Ingen kan garantere at maskinene har talt rett. Er det avvik mellom teljinga til menneske og maskin, tel ein på nytt. Men det som sjekkar maskintelj­inga er berre ei ny maskintelj­ing, skriv Morten Myksvoll.
ARKIVFOTO: ALICE BRATSHAUG OPPTELJING: Ingen kan garantere at maskinene har talt rett. Er det avvik mellom teljinga til menneske og maskin, tel ein på nytt. Men det som sjekkar maskintelj­inga er berre ei ny maskintelj­ing, skriv Morten Myksvoll.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway