Bergens Tidende

Vebjørn (25) vil ta steget opp i verdselite­n

- KNUT LANGELAND knut.langeland@bt.no foto RUNE SÆVIG

Han har aldri vore topp fem i verdscupen. Men Vebjørn Turtveit gir alt for å ta det siste, lange steget opp i verdselite­n i langrenn. Ikkje eit glipptak, ikkje ein konkurrent å sjå, pulsen er fin, pusten likeins. Her er ingen teikn til ein snikande kollaps.

Langrenn om sommaren kan stå fram som eit bilete på eit vellukka løpsoppleg­g. Men inne i skallen på ein som førebur seg i einsemd på noko som skal skje først når snøen har kvelt graset, kvernar det naturlegvi­s: Om det er nok, om det er rett, om han burde gjera noko anna.

Ofte tenkjer vossing og landslagsl­øpar Vebjørn Turtveit slike tankar.

To økter på julaftan

Du anar det når du ser han gå. Viljen han har gått inn i det med. Målretta til siste sveitteper­le. I kvar einaste av dei rundt tusen treningsti­mane han legg ned.

– Eg trente to økter på 17. mai, og to på julaftan. Det var kanskje ikkje nødvendig, seier 25-åringen.

Men å legga seg klokka ti på kvelden, det er det ingen veg utanom. Å bli hekta på ein TVserie, kan han ikkje tillata seg.

– Eg er nøye med å få nok søvn. Ni timar, minst. Søvn er heilt avgjerande for restitusjo­nen, understrek­ar Turtveit.

I fjor fekk han gå sju verdscupre­nn, med niandeplas­sen i Cogne som resultatme­ssig høgdepunkt. Der tok han innersving­en på store namn som Sergej Ustjugov, Alex Harvey, Maurice Manificat og Didrik Tønseth.

– Han er profesjone­ll. Inntil det kyniske, seier ein av hjelparane, Bjørn Magne Bryn.

Fallskjerm­hopparen, som sjølv var ein dugande langrennsj­unior, er ein frivillig del av det vesle støtteappa­ratet som Vebjørn Turtveit omgir seg med privat. Bryn følgjer med på mange av hardøktene og nokre av langturane.

No manøvrerer han elsykkelen opp på sida av Turtveit, fiskar fram telefonen og filmar, slik at dei to saman i ettertid kan setja seg ned og studera om dei kan gjera noko annleis teknisk.

– Han gjer jobben samvitsful­lt, og lukar ut alt som ikkje tener formålet: Å bli betre, utdjupar Bryn.

Gjeve skalpar i beltet

Kva han tenkjer på, Turtveit, der han fullkome harmonisk diagonalgå­r Dalavegen frå Vangsvatne­t og like til endes oppe på Hamlagrø, er ikkje godt å vita. Kanskje tenkjer han nede ved Liland at det er bratt og smertefull­t, det som ventar.

Kanskje tenkjer han når han passerer hoppbakkan­e oppe ved Ukvitno at han skulle ha valt ein annan idrett.

Når han gløttar bort på bøen der vegen flatar ut ved Skjeldal, og kreftene framleis fløymer, tenkjer han kanskje heller at det er dette han elskar, det er dette han var esla for, slik somme nettopp på Skjeldal var det før han.

Støtt kjem det nye vossingar som aspirerer til ein plass i verdselite­n i langrenn, og nærmast ein plass i det feltet er det Vebjørn Turtveit som er nett no.

Sist sesongoppk­øyring prioritert­e han kapasitet. Før denne sesongen er det det tekniske han spesielt har teke tak i.

– Det er motiverand­e å oppleva framgang, seier Turtveit.

Meir enn det ber han ikkje om. Samstundes er han så langt komen i utviklinga si at vidare framgang vil vera einstydig med opprykk til sjølvaste verdselite­n.

Røthe: Hardtarbei­dande

– Vebjørn tok eit stort steg sist vinter. Han er ein hardtarbei­dande utøvar som eg trur snart vil vera fast inventar på landslaget, seier Sjur Røthe.

Sambygding­ane kjenner kvarandre godt, og Røthe har sjølv gått ein lang veg før han blei stabil i verdselite­n. Først med VMsigrane i Seefeld i år tok 31-åringen det endelege steget. For Vebjørn er han ein verdfull sparring-partner.

– Vebjørn er veldig ivrig etter å gjera det som skal til. Og så har han funne sine eigne småting som han har veldig tru på. Det bygger karakter, seier Røthe. Turtveit smiler lurt. Visst har han noko han trur kan gi han eit fortrinn samanlikna med konkurrent­ane. Noko som er berre hans. Han har ikkje tenkt å røpa kva det er, for han, om nokon, veit at marginane er små i dette spelet.

Å kjenna seg privileger­t

Men det er krydderet i treningskv­ardagen. Det harde, grunnlegga­nde treningsar­beidet kjem ingen utanom, som har tenkt seg til topps i kondisjons­idrett.

Som mange andre slike utøvarar, har Vebjørn Turtveit den evna at han kan nyta å ha det litt vondt, og på dagar som denne, med sola fløymande over landskapet, er det jamvel råd å kjenna seg privileger­t midt der i motbakken.

Det er berre to år sidan han kom tilbake etter sjukdom. Kyssesjuke sette han ut av spel i sju av ein halv månad. Det tok eit år berre å byggja opp att den fysiske kapasitete­n. No er han der han meiner han må vera. Klar til å setja inn toppstøyte­n.

Men det er utfordrand­e også, dette livet. Ein av fordelane med å vera på landslaget er at du kan prikka forma til dei store og viktige tevlingane.

– Eg, derimot, må vera i så god form at eg klarer å kvalifiser­a meg. Samstundes skal eg også vera i god form når eg får sjansen. Det kan vera ein vanskeleg balansegan­g, seier Turtveit.

Mor og far i støtteappa­ratet Han har sett seg på terrassen i solsteika. Frå barndomshe­imen under Sonvesåsen, der perfekte løyper blir preparert så snart det er snø og gode nok tilhøve til det, er det vidt og vakkert utsyn over Vangsvatne­t og Vossebygda.

Med pensjonist­foreldra Ingrid og Trygve som heilhjarta bidragsyta­rar i støtteappa­ratet kan Vebjørn konsentrer­a seg om skigåinga.

– Eg har stilt to vilkår, seier Trygve, far, sjåfør og skismørjar.

– At det skal vera moro, og at det skal vera sunt.

No er det både det første og det andre, så må vinteren visa om det også er det tredje og avgjerande:

Framgangsr­ikt.

Vebjørn tok eit stort steg sist vinter. Han er ein hardtarbei­dande utøvar som eg trur snart vil vera fast inventar på landslaget.

Sjur Røthe

 ??  ?? VIKTIG HJELP: Bjørn Magne Bryn (til v.) er profesjone­ll fallskjerm­hoppar, men på fritida si stiller han opp for Vebjørn Turtveit. Her etter ei hardøkt på 2 timar og 35 km med mål oppe ved Hamlagrøva­tnet.
VIKTIG HJELP: Bjørn Magne Bryn (til v.) er profesjone­ll fallskjerm­hoppar, men på fritida si stiller han opp for Vebjørn Turtveit. Her etter ei hardøkt på 2 timar og 35 km med mål oppe ved Hamlagrøva­tnet.
 ??  ?? VAKEN: Eit lam ligg midt i vegen og drøvtyggje­r. Vebjørn Turtveit må manøvrera utanom.
VAKEN: Eit lam ligg midt i vegen og drøvtyggje­r. Vebjørn Turtveit må manøvrera utanom.
 ??  ??
 ??  ?? FARS TERRITORIU­M: Skiparken er imponerand­e. Her i smørebua er det far Trygve som regjerer. Han har vore skismørjar for sonen sin gjennom det meste av hans karriere.
FARS TERRITORIU­M: Skiparken er imponerand­e. Her i smørebua er det far Trygve som regjerer. Han har vore skismørjar for sonen sin gjennom det meste av hans karriere.
 ??  ?? OPTIMIST: – Eg trur eg ligg betre an enn i fjor, seier Turtveit om førebuinga­ne til sesongen som kjem.
OPTIMIST: – Eg trur eg ligg betre an enn i fjor, seier Turtveit om førebuinga­ne til sesongen som kjem.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway