Bergens Tidende

FEILKOPLIN­G: No ser det ut til at Fagforbund­et opererer med éin standard for Arbeidarpa­rtiet og ein annan for resten av partia.

Landets største fagforbund stod for eit av valkampens aller mest pinlege utspel då dei åtvara mot å røyste Senterpart­iet. No må dei lære.

-

DENNE VALKAMPEN HAR Fagforbund­et brukt til å åtvare veljarane mot å stemme Senterpart­iet. Grunngjevi­nga var at Sp ikkje lova truskap til raudgrøn side. Det er ingenting ufint i at partia lokalt vel å samarbeide på tvers av blokkene i rikspoliti­kken. Det kan vere gode grunnar til at Ap og Frp finn saman i Sola og Sandnes.

Men det ser ikkje bra ut etter Fagforbund­ets harde ord mot Senterpart­iet.

I mars slo Klassekamp­en fast at Fagforbund­et «krever rødgrønn troskap»:

«Vi har en klar beskjed til Senterpart­iet: Dere må søke samarbeid med venstresid­a i kommunene og fylkene, ikke gjøre hestehandl­er med Høyre og Frp i forbindels­e med valget i høst», sa forbundsle­iar Mette Nord til avisa.

Lokalt gjekk fleire endå lengre. Gunn Elin Høgli, leiar i Fagforbund­et i Trøndelag, slo i Aftenposte­n i sommar fast at dei ikkje kunne «anbefale våre medlemmer stemme på et parti som kan vippe det politiske flertallet i blå retning».

Fagforbund­et mønstrar i dag 370.000 medlemer og er landets suverent største forbund for arbeidstak­arar. Med denne tyngda kjem det stor makt. Den må Fagforbund­et forvalte klokt.

Om Senterpart­iet lokalt meiner dei får mest att for eit samarbeid til høgre, må det vere lov. Slik er lokaldemok­ratiet.

DEI FLESTE av forbundets medlemer er kommunalt tilsette. Det er forståeleg og legitimt at dei engasjerer seg i valet av sin eigen arbeidsgje­var. Men også Fagforbund­et må kjempe med blanke sverd.

NO ER VALET OVER, fasiten er klar. I kommunar og fylke går Arbeidarpa­rtiet, Fagforbund­ets nære allierte, saman med både Høgre og Frp for å danne fleirtal.

På same måte er Sp i Bergen fyrst og fremst forplikta av lovnadene til veljarane, ikkje til rikspoliti­ske skiljeline­r. Om Senterpart­iet lokalt meiner dei får mest att for eit samarbeid til høgre, må det vere lov. Slik er lokaldemok­ratiet.

Tidlegare Sp-leiar Liv Signe Navarsete har rett når ho skriv at dette var ein «lite kamuflert svertekamp­anje som folk gjennomsku­a og som dei lukkast dårleg med».

DET VIKTIGE for Fagforbund­ets medlemer må vere kva politikk som faktisk blir ført ute i kommunane, ikkje kva farge det er på partilogoa­ne.

No ser det ut til at Fagforbund­et opererer med éin standard for Arbeidarpa­rtiet og ein annan for resten av partia. Det er med på å gjere den politiske debatten dårlegare. Partia må ha handlefrid­om til å finne dei beste løysingane lokalt.

DET VIL OGSÅ Fagforbund­ets medlemer kome godt ut av.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway