Bergens Tidende

Regjeringa er til for folket

Veljarane fortener ei regjering som oppfører seg i tråd med den tilliten dei har fått.

-

DEI SISTE DAGANE har skuldingan­e hagla mellom Venstre og Frp. «Brun propaganda», «langt over streken», «retorikk som stinkar», forkastele­g ordbruk», «spinnvilt» og «useriøst»: Ein skal visst finne seg i at regjerings­partia kan stemple kvarandre som nesten kva som helst. At Frp i tillegg bruker ord som «snikislami­sering» dagar etter eit terroråtak mot norske muslimar i bøn, er verkeleg ikkje bra for landet.

Den offisielle definisjon­en av ei regjerings­krise er perioden der ei regjering har levert avskilssøk­naden til Kongen og det framleis ikkje er utnemnt ei ny. Dermed har ikkje Noreg teknisk sett hatt ei slik krise på mange år.

I DEN MEIR DAGLEGDAGS­E bruken av ordet går landet vårt nærast frå regjerings­krise til regjerings­krise om dagen.

Den norske regjeringa var knapt ferdig med eit lurveleven om bompengar før ho kasta seg inn i eit basketak om språk- og bilet

bruk om flyktninga­r og muslimar.

SETT UTANFRÅ verkar situasjone­n tidvis ute av kontroll. Statsminis­ter Erna Solberg (H) har ved fleire høve bede Venstre og Framstegsp­artiet om å dempe ordbruken og bidra til eit meir konstrukti­vt samarbeids­klima.

Til inga nytte: Når Frp-leiar og finansmini­ster Siv Jensen bed Venstre «ta konsekvens­ane» om dei ikkje vil sitje i regjering med Framstegsp­artiet, seier det noko om eit dysfunksjo­nelt samarbeids­klima.

SAMSTUNDES HAR JENSEN RETT: Parti som ikkje vil sitje i regjering, står fritt til å trekkje seg.

UTBROTA SEIER ÒG NOKO om statsminis­terens manglande kontroll med eigne regjerings­partnarar. Det er alvorleg.

Statsrådsk­ollegiet, med statsminis­teren i spissen, skal vise veg i vanskelege debattar. Kvar dag skal regjeringa vår søkje å finne kompromiss gjennom enkle og krevjande tider.

Alt dette gjer regjeringa. Nye integrerin­gstiltak, gode klimaløysi­ngar og bidrag for å stimulere næringsliv­et blir rulla ut. Det blir satsa på lærarar og elevar. Mange sjukehus viser imponerand­e resultat.

LIKEVEL DRUKNAR DET for ofte i bråket frå regjerings­partia – først og fremst mellom Frp og Venstre. Det er ein heilt feil måte å bruke den tilliten og den makta dei er gjevne av folket på.

Det er også øydeleggan­de for alle dei politikara­ne i regjerings­partia, ikkje minst lokalt, som i desse dagar burde få snakke om viktige forhandlin­gar i kommunar og fylke. Dei fortener betre enn dette.

Om alle fire partia har tenkt til å bli sitjande i regjering, må dei legge seg til ein ordbruk som er oppgåva verdig. Det er verdt å minne om kva vi eigentleg snakkar om her:

EI REGJERING ER IKKJE TIL FOR SEG SJØLV. Ho skal styre Noreg til beste for land og folk.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway