Bergens Tidende

Homofile treng ikkje «hjelp» til omvending

- DET HELD IKKJE

DENNE VEKA ARRANGERTE Frimodig Kirke Bjørgvin og organisasj­onen Til Helhet eit seminar i lokala til NLA Høgskolen i Sandviken. Temaet for seminaret var mellom anna «Endring eller sølibat – det er spørsmålet. Korleis hjelper vi dei som ønskjer å forlata homoseksue­ll praksis og kjensler».

BÅDE STUDENTAR OG TILSETTE ved skulen har reagert sterkt. Professor Tone Sævi har sagt opp stillinga si i protest mot det ho oppfattar som å «behandle homofili som en sykdom».

Møtet er problemati­sk av mange grunnar. Homofile skal ikkje bli møtt med negative haldningar for kven dei er. Det finst ingen grunn til at homofile skulle prøve å bli heterofile. Altfor mange unge homofile vurderer sjølvmord som ein utveg.

Det bør vere takhøgd for å respektere mange konservati­ve synspunkt. Dets o mg j er konverteri­ng s terapi spesielt problemati­sk, er at ein aktivt ønskjer å endre andres liv, ikkje berre stille krav til sitt eige. I tillegg er unge homofile ein særskilt sårbar gruppe.

at rektor Erik Waaler gøymer seg bak at skulen «berre» leiger ut lokale. Slik Sævi seier, er slike møte med på å setje nøytralite­ten og sjølvstend­et til heile skulen i spel.

Det skal vere stor takhøgd for fri religionsu­tøving i Noreg. Arbeidarpa­rtiet, sentrale krefter i Venstre og homonettve­rket i Høgre, Åpne Høyre, er mellom dei som har teke til ords fora t Nore g skal forby« konverteri­ng s terapi »– eller omvendinga v homofile, på godt norsk.

NETTVERKET ÅPNE HØYRE har rett når dei omtaler fenomenet som «mentalt kvakksalve­ri». Det finst ikkje vitskapleg støtte for at ein kan gjere homofile om til å bli heterofile.

EU-parlamente­t er positive til eit slikt forbod. I Tyskland er det på veg. På Malta har dei hatt det sidan 2016.

DET ER LIKEVEL IKKJE SIKKERT eit forbod er rett veg å gå. Til no har Noreg akseptert at ein del religiøse miljø, både kristne, jødiske og muslimske, har konservati­ve synspunkt som storsamfun­net ikkje deler.

Dialog er langt betre enn overformyn­deri, men det krev klokskap frå alle partar.

Dagen etter seminaret hadde studentpar­lamentet ved NLA Høgskolen eit møte med leiinga, melder Studvest. Der blei det semje om å unngå slike møte i framtida. Dette er ein meir farbar veg.

Når høgskulemi­ljøet sjølv finn ut av korleis eit slikt møte blir oppfatta og kor sårande det kan vere for homofile, er vi på rett veg.

DIALOG ER LANGT betre enn overformyn­deri, men det krev klokskap frå alle partar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway