Bergens Tidende

Atter ein avtale

Den nye brexitavta­len er ein siger for Boris Johnson, men jubelen kan bli kortvarig.

- Kommentato­r i Bergens Tidende morten.myksvoll@bt.no

BORIS JOHNSON KUNNE JUBLE torsdag. Då vart det klart at regjeringa hans har kome fram til ein oppdatert brexitavta­le med EU. Avtalen er mykje den same som den tidlegare statsminis­ter Theresa Mays forhandla fram. Den vart stemt ned av parlamente­t tre gongar.

Johnson har tidlegare omtala avtalen som «daud» og sagt at avtalen gjorde Nord-Irland til ein økonomisk semikoloni. Ingen konservati­v regjering kunne inngå ein sånn avtale, sa han i fjor.

Endringane frå då til no er ikkje så veldig store.

DEN OPPDATERTE AVTALEN er ei reforhandl­ing om eitt kapittel, nemleg det om Nord-Irland. Der er landegrens­a mot EUlandet Irland som har skapt mest krøll for avtalen. Fredsavtal­en frå 1998 krev tett samarbeid mellom dei to landa.

No er det viktig å vite at EU og Johnson er blitt einige om ein overgangsa­vtale. Den skal fungere til EU og Storbritan­nia har inngått ein varig avtale.

DEN GAMLE OVERGANGSA­VTALEN inneheldt ein såkalla backstop – ein sikkerhets­ventil – som skulle vere ei forsikring i tilfelle Storbritan­nia og EU ikkje kom fram til ein varig avtale. Den ville gjere NordIrland til ein del av EUs indre marknad.

I den nye overgangsa­vtalen er denne ordninga fjerna.

Det betyr at Storbritan­nia ikkje blir verande i ein tollunion. Sånn sett ser brexit ut til å bli litt hardare enn i Mays avtale.

Men ventilen vert erstatta av andre spesialreg­lar for Nord-Irland. Det gjer at Nord-Irland skal følgje ei rekke EU-reglar som rest-Storbritan­nia ikkje treng å følgje.

MÅLET ER DET SAME som i Mays avtale: Sikre god flyt av varer og tenester over grensa mellom Irland og Nord-Irland, og hindre ein inngripand­e grensekont­roll på ei landegrens­e som går på kryss og tvers gjennom landsbyar og hus.

Før var dette ein mekanisme som skulle tre inn i tilfelle Storbritan­nia og EU ikkje kom fram til ein varig avtale. No blir det innført spesialord­ning uansett.

DEN VIKTIGASTE FORSKJELLE­N på denne avtalen og den førre, er at Nord-Irland får direkte påverknad på kor lenge ordningane varer.

EUs forhandlin­gssjef Michel Barnier omtala det nord-irske parlamente­ts rolle som hjørnestei­nen i avtalen.

Dersom brexit faktisk skjer no, skal Nord-Irland vere halvvegs med i EUs indre marknad fram til 2024. Avtalen legg nemleg til grunn at det nord-irske parlamente­t kan forlenge ordningane i fire år med simpelt fleirtal.

Det er DUPs største ankepunkt. Dei er støttepart­iet til regjeringa, og er nordirske unionistar. Det betyr at dei fryktar ein situasjon der Nord-Irland melder overgang til Irland. Difor er dei mot at Nord-Irlands handelsreg­lar liknar meir på Irland enn på rest-Storbritan­nia.

Denne avtalen lager ein slik situasjon. ETTER FREDSAVTAL­EN Nord-Irland har det vore vanleg å krevje eit minimum av støtte frå både den nasjonalis­tiske og den unionistis­ke leiren i Nord-Irland. Det DUP krev, er difor eit veto.

Det finst ei hake med det heile: Det nord-irske parlamente­t har vore suspendert sidan januar 2017, så EU og Storbritan­nia legg til grunn ein demokratis­k kontroll som ikkje er i drift no.

IJOHNSONS JUBEL KAN bli kortvarig. Avtalen må nemleg gjennom det britiske parlamente­t. Det blir vanskeleg.

Sjølv om Johnson skulle få heile partiet sitt med på avtalen, har dei konservati­ve berre 288 representa­ntar i underhuset. Dei manglar 38 for å få fleirtal.

Støttepart­iet DUP har ti representa­ntar. Torsdag morgon sende det nord-irske unionistpa­rtiet ut ei pressemeld­ing der dei slo fast at dei var mot avtalen. Det stadfesta partiet då avtalen var eit faktum.

Etter utmeldinga­ne og utkastinga­ne i Det konservati­ve partiet, har ikkje desse to partia fleirtal lenger.

JOHNSON-REGJERINGA TRENG støtte frå deler av opposisjon­spartiet Labour. Partileiar Jeremy Corbyns umiddelbar­e reaksjon var at Johnsons avtale var verre enn den May kom fram til.

Corbyns problem er at han ikkje kontroller­er heile partigrupp­a si. Regjeringa kan difor lukkast i å få noko støtte frå Labour.

Skal avtalen ha ein sjanse, må nok Johnson òg få støtte frå fleire av dei konservati­ve politikara­ne som han kasta ut av partiet i førre månad.

EU KAN HJELPE den britiske regjeringa til å få gjennom avtalen.

Dersom dei slår fast at Storbritan­nia kan velje mellom denne avtalen og ingen avtale, så kan avtalen gå gjennom. Ifølgje BBC politiske redaktør Laura Kuenssberg, arbeider statsminis­ter Johnsons kontor med å få EU-leiarane med på ei slik erklæring.

Men EU har prøvd å seie «siste sjanse» før. Då vart det ei utsetjing.

Det kan likevel gå denne gongen. Er

Rarare ting har skjedd i brexitpros­essen, men Johnson kan klare det.

det noko opposisjon­en i Storbritan­nia fryktar meir enn ein dårleg avtale, så er det brexit utan ein avtale.

BORIS JOHNSON HAR FÅTT TIL endringar i utmelding s avtal ensom EU tidl eg are har sagt var umogelege. Det i seg sjølv er ein stor siger for Johnson, og kan vere nok til å få skeptikara­r i parlamente­t til å støtte avtalen.

Det er nemleg nok av parlamenta­rikarar som ønskjer å fullføre brexit, men som har stemt mot alle avtalar til no. Britane får truleg ikkje ein betre avtale seinare, og eit nei no kan setje heile utmeldinga i spel.

Brexitavta­len er både levande og daud. Svaret får me ikkje før det britiske parlamente­t seier sitt på laurdag.

Rarare ting har skjedd i brexitpros­essen, men Johnson kan klare det. Men sjansen er nok større for at han får parlamente­t mot seg.

 ?? FOTO: BRADLEY PAGE/REUTERS, NTB SCANPIX ?? EIN FØRSTE SIGER: Boris Johnson har fått til endringar i utmeldings­avtalen som EU tidlegare har sagt var umogelege. Det i seg sjølv er ein stor siger for Johnson, og kan vere nok til å få skeptikara­r i parlamente­t til å støtte avtalen, skriv Morten Myksvoll.
FOTO: BRADLEY PAGE/REUTERS, NTB SCANPIX EIN FØRSTE SIGER: Boris Johnson har fått til endringar i utmeldings­avtalen som EU tidlegare har sagt var umogelege. Det i seg sjølv er ein stor siger for Johnson, og kan vere nok til å få skeptikara­r i parlamente­t til å støtte avtalen, skriv Morten Myksvoll.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway