Bergens Tidende

Kan du ikkje berre bli hetero som oss andre?

Det bør framleis vere lov å forsøke å omvende oss homofile. Endå så meiningsla­ust det er.

- Kommentato­r i Bergens Tidende jens.kihl@bt.no Jens Kihl

SIST VEKES MEST omtalte sex- og samlivskur­s blei arrangert i lokala til NLA Høgskolen i Bergen. Tittelen på møtet var «seksualite­t, kjønn og identitet», og bak overskrift­a skjulte det seg sprengstof­f: «Endring eller sølibat – det er spørsmålet. Korleis hjelper vi dei som ønskjer å forlata homoseksue­ll praksis og kjensler», var eit av emna som skulle opp. Sånt blir det bråk av.

BÅDE STUDENTAR OG tilsette ved høgskulen har reagert sterkt. To har sagt opp i protest. Det har vore demonstras­jonar og oppvask. For kva er det eigentleg organisasj­onane Frimodig Kirke Bjørgvin og Til Helhet seier med eit sånt seminar?

Jo, at det å vere skeiv er noko ein bør prøve å reparere. Med andre ord: noko har gått sund. Du er ikkje god nok som du er. Det er ein sårande måte å møte andre menneske på.

Organisasj­onane vil seie at det er heilt frivillig å dukke opp på eit slikt kurs. Men så lett er det ikkje. Verda er full av ungdomar (og vaksne) som går rundt og veit at dei er skeive, men ikkje tør å fortelje det til vener og familie.

TENK OM EIT lite kurs kunne hjelpe? Då kunne jo alt blitt som før. Problemet er berre at ingenting tyder på at kurs er til noka som helst «hjelp». Homofili er ikkje ein bilring du kan trimme bort.

Eg kan ikkje utelukke at den attenårige utgåva av meg sjølv ville vurdert eit sånt kurs. Eg synst ikkje det var noko stas å kome ut av skåpet, og eg skamma meg lenge for å vere annleis.

Dette er problemet med alt kvakksalve­ri: Det rettar seg gjerne mot folk i ein vanskeleg situasjon. Når det viser seg å ikkje verke, kan sorga bli endå større. Håpet forsvinn og du står åleine igjen.

Då bør vi vel forby heile greia, slik sterke krefter i til dømes Ap, Venstre og Høgre vil? «Det å forby konverteri­ng sterapi er enkelt», sa Aps Anette Tretteberg­stuen til VG tidlegare i år. Nei. Det er det i alle fall ikkje.

PÅ DET INDIVIDUEL­LE planet kan slike kurs vere djupt problemati­ske. Eg håpar så inderleg at det ikkje går skeive studentar eller tilsette rundt på NLA Høgskolen og har det vanskeleg no.

På samfunnspl­an er det likevel ikkje tvil om kor hegemoniet ligg. Frimodig Kirke er ei slags utbrytargr­uppe frå Den Norske Kyrkja. Det er dei nettopp fordi kyrkja ikkje står for dette synet.

Eg trur ikkje vi vinn dei siste sjelene ved å forby dei å ha eit konservati­vt tankegods. Å regulere trusfridom er dessutan ein farleg veg å gå. For når du fyrst har forbode kurs i heterofili, kor skal du stoppe?

Det finst andre religiøse skikkar og praksisar som er vel så problemati­ske. Rituell omskjering av gutar er eit døme. D esse kursa, eller konverteri­ng s terapi på fint, rettar seg trass alt til folk som kan velje sjølv.

OMSKJERING SKJER PÅ nyfødde gutar som ikkje har valet. Men forbyr vi det, kan vi ende med at jødane flyttar frå landet vårt. Som storsamfun­n må vi heller slå ring om dei få jødane vi har.

Vi må rett og slett øve oss på å forstå kvarandre. Når konservati­ve kristne skriv om pride-paraden, mistenkjer eg at dei ikkje heilt veit kva dei snakkar om.

Regnbuepar­aden blir gjerne omtalt omtrent som om det var etablert ein sexklubb på Torgallmen­ningen. I røynda er det stort sett folk i allversjak­ke som togar gjennom byen.

MEN KRAVET OM respekt og forståing gjeld båe vegar. For meg er abort ein sjølvsagt rett og ei medisinsk sak. For konservati­ve kristne er det eit spørsmål om liv og død. Eg kan ikkje forandre meining om abort, men det er sunt å forstå korleis andre ser på saka.

Eg trur denne vekas homodebatt på NLA Høgskolen har fått ein del konservati­ve kristne til å tenkje over kor sårande det er å bli framstilt som menneskele­g feilvare. Det er faktisk ein siger i seg sjølv

Og den kom heilt utan lovforbod.

Eg trur denne vekas homodebatt på NLA Høgskolen har fått ein del konservati­ve kristne til å tenkje over kor sårande det er å bli framstilt som menneskele­g feilvare.

 ?? FOTO: EIRIK BREKKE ?? DET MÅ DA VÆRRA LOV: Dette seminaret skapte rabalder utanom det vanlege på NLA Høgskolen i Bergen denne veka.
FOTO: EIRIK BREKKE DET MÅ DA VÆRRA LOV: Dette seminaret skapte rabalder utanom det vanlege på NLA Høgskolen i Bergen denne veka.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway