Bergens Tidende

Vi kan ikkje sitje stille og høyre på skrytet lenger

Eldre fortener verdigheit i si siste tid.

- VI HASTAR GJENNOM

IOS KOMMUNE har vi ein flott ny sjukeheim, som stadig blir trekt fram som eit glansbilet­e av tidlegare ordførar Terje Søviknes. I valkampen brukte rikspoliti­karar frå hans parti arbeidspla­ssen vår, Luranetune­t, som eit prakteksem­pel på god eldreomsor­g.

Visst har vi landet sin første Tropehage, flott og fin. Men på innsida sit eldre og ser på at middagen blir kald, fordi vi ikkje har tid til å hjelpe alle med å få den i seg. Menneske som krev lite er mykje åleine på rommet. Urolege bebuarar styrer i fellesområ­da. Vi har for få hender, og vert ikkje høyrt.

VI UNDRA OSS over det som kom fram i pressa om den velfungera­nde eldreomsor­ga i Os. Kvifor var det ingen som stilte spørsmål? Kva med litt kritisk, gravande journalist­ikk?

Det burde jo til dømes vorte undersøkt om Statleg finansieri­ng av omsorgsten­ester (SIO) faktisk fungerte så godt som sitjande ordførar hevda. Han kunne vise til positive tal, men kva har slike tal å seie når kvaliteten bak utstilling­svindauget var som den var. Kvifor stilte aldri lokalpress­a spørsmål?

DER STARTA VÅR kamp. Vi kunne ikkje sitje stille og høyre på dette lengre. Vi måtte ta ansvar sjølv. Klassekamp­en ville dele historia om korleis det var på innsida. Vårt felt.

Vi kjenner kanskje ikkje så godt til tala og kva som går føre seg på leiarnivå. Men vi kjenner til det som skjer på innsida og kan fortelje mykje om det.

morgonstel­let, vi stressar ved måltida, og vi spring forbi den engstelege og fortvila gamle på gangen. I mange timar blir menneske sitjande i ein stol. Ingenting skjer, kroppen stivnar til og smerter aukar på. Vi er opptatt med å «sløkke brannar» på andre kantar.

Turar ut i frisk luft og dagslys blir ikkje kvardagsko­st. Den engstelege i senga har inga hand å halde i. Får ikkje endre leie, eller fukte munnen. Er dette greitt? Er dette verdigheit?

NÅR VI SEIER IFRÅ, blir vi møtt med at andre har det verre. Vi har berre ressursar til det grunnlegga­nde. Mat, medisinar og stell. Er ikkje tryggleik eit grunnlegga­nde behov? Kva med frisk luft? Smertelind­ring? Vareta ei god tannhelse?

Kor skal vi legge lista? Skal vi ta det lågaste nivået vi kan finne, og seie at det får vera godt nok? I kva andre aldersgrup­per ville vi godta det?

KORLEIS KAN VI godta det for eldre, utrygge menneske med demens? Då godtek vi at menneskeve­rdet til det gamle, skjøre mennesket ikkje er likt som hos yngre. Det gamle livet mistar verdi!

Lista for eldreomsor­g må opp på eit nivå som omfattar verdigheit og livskvalit­et!

DET ER BERRE TO år til stortingsv­alet. No må politikara­ne vise kva dei har tenkt å gjere med eldreomsor­ga. Vil dei satse for å ruste den opp, før behovet for meir helseperso­nell blir større og meir utfordrand­e å handtere?

Bemanninga må opp, for dei som bur der fortener verdigheit i det som er den siste tida deira. Vi er sikre på at fleire hender vil få ned sjukefråvæ­ret og behalde dei varme pleiarane lengre i yrket. Behovet for å ta folk inn på overtid vil gå ned når grunnbeman­ninga er høgare. Godt arbeidsmil­jø fysisk og psykisk vil hjelpe på rekrutteri­nga. Vi treng at fagutdanna personale vel å jobbe i eldreomsor­ga.

VI TRUR IKKJE politikara­ne veit nok om kva behov menneska med demens har. Dei må få kunnskap og ta den innover seg, skal det bli betring.

Vi har starta «Eldrebrøle­t», og vi har absolutt ikkje tenkt å sitja stille lengre. Vi jobbar med å få spreidd informasjo­n om korleis dei faktiske forholda er.

Vi skal rope ut. Så sterkt at det ikkje hjelper å halde seg for øyra lengre.

 ?? ILLUSTRASJ­ONSFOTO: SHUTTERSTO­CK, NTB SCANPIX ?? ÅLEINE: Menneske som krev lite er mykje åleine på rommet. Urolege bebuarar styrer i fellesområ­da. Vi har for få hender, og vert ikkje høyrt, skriv Helene Thuen og Irene Vågen.
ILLUSTRASJ­ONSFOTO: SHUTTERSTO­CK, NTB SCANPIX ÅLEINE: Menneske som krev lite er mykje åleine på rommet. Urolege bebuarar styrer i fellesområ­da. Vi har for få hender, og vert ikkje høyrt, skriv Helene Thuen og Irene Vågen.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway