Bergens Tidende

FOR STORT:

Sotrasamba­ndet blir så dyrt at kontrakten vil gå til utlandet. Det er nok ein grunn til å stille spørsmål ved om OPS er rett for dette prosjektet.

-

OFFENTLEG-PRIVAT SAMARBEID (OPS), der private bygg og driftar offentleg infrastruk­tur som skular, barnehagar eller vegar, er ingen dårleg idé. Men stadig meir tyder på at Sotrasamba­ndet er for stort og komplisert for ei slik løysing.

Denne veka kunne BA fortelje at ingen norske firma er store nok til å ta på seg risikoen ved å bygge og drive prosjektet, der ei firefelts bru over til Sotra er hovuddelen. Årsaka er at prislappen og risikoen er for stor. Sambandet er rekna til å koste rundt ti milliardar kroner, og er svært komplisert.

PROSJEKTET KREV DIFOR svært store økonomiske musklar. Selskapet som får tilslaget må finansiere heile utbygginga sjølv, og vil først få betalt frå staten og bilistane (bompengar) når prosjektet er ferdig. Risikoen for tap blir òg i stor grad overført frå staten til selskapet. Selskapet risikerer dermed tap i milliardkl­assen.

Ifølgje Jon Sandnes, adm. direktør i Byggenærin­gens Landsforen­ing, kan norske entreprenø­rar ta OPS-prosjekt opp til tre–fire milliardar kroner. Dei er difor utelukka frå å by på Sotrasamba­ndet. Dermed vil det bli eit utanlandsk selskap som vil bygge og drive prosjektet.

Det treng i seg sjølv ikkje å bli eit problem, men det er synd at staten på denne måten lagar prosjekt som set norske selskap på sidelina.

DÅ SOLBERG-REGJERINGA VALDE å gjere Sotrasamba­ndet til eit OPS-prosjekt i 2014, skulle brua stå ferdig i 2021. Det vil ikkje skje. Prosjektet er enno ikkje lyst ut på anbod, og vil difor tidlegast stå ferdig i 2026.

OPS skulle gjere at prosjektet gjekk raskare. Spørsmålet er om det motsette har skjedd, fordi Sotrasamba­ndet er for komplisert.

SOTRAVÆRIN­GANE FORTENER EI forklaring. Ei ærleg forklaring. Viss det er slik at dette prosjektet ikkje eignar seg til OPS, bør alternativ vurderast. Føresetnad­en då er at prosjektet ikkje blir ytterlegar­e utsett.

Folket på Sotra har venta i kø lenge nok. Det er på tide å få brua bygd.

For det viktigaste no er at brua blir bygd.

ALT TYDER PÅ at Sotrasamba­ndet vil gje nyttig lærdom om kva OPS eignar seg til og ikkje. Det er ingen grunn til å skrote OPS, men det må brukast der det tener samfunnet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway