Bergens Tidende

Systematis­k svikt i Nav-saka

I Nav er tydelegvis frykta for justismord langt mindre enn frykta for å bli tatt med buksa nede.

-

INAV-SKANDALEN BLIR det stadig tydelegare kva som har vore viktigast for staten: Å sikre sine eigne interesser, ikkje borgarane som har blitt utsette for eit justismord. Måndag denne veka avslørte BT at Nav i oktober lét vere å informere Riksadvoka­ten, fordi dei frykta at saka då vart offentleg kjend. Informasjo­nen kom først fram tolv dagar seinare. I mellomtida hadde minst ein ny Nav-brukar, James Rogers, byrja soninga i fengsel, på feil grunnlag.

Kontorsjef Liv Tove Espedal i Nav svarar i ein e-post til BT at dei ikkje ville at saka skulle bli offentleg før dei hadde fått avklara lovspørsmå­let. Riksadvoka­ten har det overordna ansvaret for alle straffesak­er i Noreg. Dei kunne vore til stor hjelp med å tolke lova.

Ved å vente med å orientere Riksadvoka­ten, kan Nav òg ha gjort seg skuldig i nye brotsverk, som fengslinga av før nemnde Rogers 9. oktober.

NAV-SAKA ER TIDENES største norske rettsskand­ale. Minst 85 personar kan ha blitt urettvist dømde for trygdesvin­del, fordi dei hadde opphalde seg i utlandet i delar av tida då dei tok imot støtte frå Nav. Minst 36 av dei hamna i fengsel. I tillegg har minst 2400 fått krav om å betale tilbake pengar, utan at det var grunnlag for det.

Svikten har vore total, frå Stortinget via domstolar og advokatar til pressa. Ingen har oppdaga at Nav sin praksis braut med EØS-avtalen. Det til trass for at Brochmann-utvalet allereie i 2011 konkludert­e med at Noreg kan gjere lite for å hindre at folk heva ulike trygdeytin­gar i andre EØS-land.

NAV ER MED ANDRE ord ikkje åleine om å ha skuld i denne saka. Men det er dei som fatta dei feilaktige vedtaka. Det er dei som venta i det lengste med å rette opp i feilen, i påvente av ei meir fordelakti­g lovtolking.

Mykje talar for at Riksadvoka­ten burde blitt informert lenge før. Då saka vart kjend i november, sa riksadvoka­t Tor-Aksel Busch at dei burde blitt informert allereie i slutten av 2017, då trygderett­en byrja å stille spørsmål om sakene.

Denne saka bør få konsekvens­ar for dei involverte.

DENNE SAKA BØR få konsekvens­ar for dei involverte. Byråkratie­t er til for borgarane, og tilhøyrer borgarane. NAV har stor makt overfor deira brukarar.

Difor bør Nav, som resten av byråkratie­t, vere ope og gjennomsik­tig. Berre slik sikrar ein over tid at vedtaka der toler dagens lys.

Avsløringa måndag vitnar om at Nav styrer etter andre prinsipp enn openheit. Det har kosta mange dyrt.

 ?? FOTO: ØRJAN DEISZ ?? FARGERIKT FELLESSKAP: Bossuget i Bergen har ikke nådd seg inn i alle krinkler og kroker i byens gater. I mellomtide­n har noen prøvd å pynte på fasaden i Erik Pontoppida­ns gate.
FOTO: ØRJAN DEISZ FARGERIKT FELLESSKAP: Bossuget i Bergen har ikke nådd seg inn i alle krinkler og kroker i byens gater. I mellomtide­n har noen prøvd å pynte på fasaden i Erik Pontoppida­ns gate.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway