Bergens Tidende

Riksretten er faktaresis­tent

Hadde USA vore ein fungerande republikk, ville nok Donald Trump blitt kasta som president.

- Kommentato­r i Bergens Tidende morten.myksvoll@bt.no Morten Myksvoll DET ER VANSKELEG Å SJÅ

ALT TYDAR PÅ at USAs president har misbrukt makta si for å vinne presidentv­alet neste år. Skuldinga gå ut på at han har brukt amerikansk militærbis­tand som pressmidde­l for å få Ukraina til å etterforsk­e sonen til Joe Biden.

Biden er blant Donald Trumps argaste politiske rivalar i presidentv­alkampen.

I FØRRE VEKE STADFESTA Trumps EUambassad­ør Gordon Sondland at det var ein samanheng mellom den manglande militærbis­tanden og kravet om at Ukraina skulle starte etterforsk­inga.

Lista over folk som skal ha bidratt til å legge press på Ukraina byrjar å bli veldig lang. I helga vart Devin Nunes lagt til lista. Nunes er republikan­aranes fremste representa­nt i komiteen som spør ut vitna i Kongressen.

Det er ikkje lett å dømme nokon, dersom den eine etterforsk­aren er medskuldig. Førebuinga til riksrettss­aka mot Trump viser kor dysfunksjo­nelt det amerikansk­e systemet har blitt.

TRUMPS TIDLEGARE RÅDGJEVAR Fiona Hill sa det best i sitt vitnemål i førre veke. Ho skildra korleis Sondland nekta å koordinere Ukraina-politikken med henne.

Ho forstod etter kvart kvifor han nekta å koordinere med henne. Ho arbeidde nemleg med utanrikspo­litikk, som spesialråd­gjevar i Trumps nasjonale tryggleiks­råd. Det Sondland dreiv med var ikkje utanrikspo­litikk, men eit «innanriksp­olitisk ærend», sa ho.

TIDLEGARE I PROSESSEN, på den opne høyringas andre dag, vitna tidlegare Ukraina-ambassadør Marie Yovanovitc­h. Ho hadde fått sparken av Trump, truleg fordi ho stod i vegen for å presse Ukraina.

Midt under vitnemålet, som i seg sjølv var viktig for å få fram kva som skjedde, sprakk Trump. Han fyrte laus mot Yovanovitc­h, og skreiv at det var store problem kvar enn ho var stasjonert.

Det kan bli første gong ein amerikansk president har tvitra seg til eit nytt tiltalepun­kt i ei riksrettss­ak. Twittermel­dingane kan nemleg sjåast på som eit forsøk på å skremme eller manipulere eit vitne.

korleis Trump kan overleve dette. Men svaret finn ein i den amerikansk­e grunnlova.

USA er kjend for å ha ei streng maktfordel­ing mellom presidente­n, Kongressen og Høgsterett. Dei skal kontroller­e kvarandre. Det var grunnen til at mange trudde det kom til å gå bra, sjølv om Trump vart president. Systemet ville beskytte seg sjølv.

Naiviteten var grenselaus. Snart tre år seinare ser me stadig vekk åtak på dei institusjo­nane som skulle vere så sikre.

MAKTFORDEL­INGA I GRUNNLOVA ser fin ut på papiret frå 1789. Men i 2019 betyr det at presidente­n kan gjere kva han vil, så lenge 34 republikan­arar i Senatet støttar han.

Ein tredjedel av senatet kan nemleg hindre at Trump vert felt i ei framtidig riksrettss­ak, uansett kor overbevisa­nde saka mot presidente­n faktisk er.

Senatet er lite representa­tivt. Kvar delstat har to senatorar, uansett innbyggart­al. Berre i Senatet er California og Kentucky er like store. Washington DC er utan representa­sjon.

Det er ikkje maktfordel­ing, men avmakt.

PARTIPOLIT­IKK HAR OVERTATT for patriotism­e. Før fann ein mange republikan­arar som var meir liberale enn ein del demokratar. Og ein fann mange demokratar som var meir konservati­ve enn ein del republikan­arar. Folkevalde som prøver på dette no, vert utfordra i primærval. Trenden er at dei taper.

Resultatet er at republikan­arane har gått mot høgre, medan demokratan­e har gått mot venstre dei siste tiåra.

PARTIA VAR STORE PARAPLYAR, som represente­rte breie koalisjona­r. No er paraplyen slått saman, og det er knapt plass under den. Politikken har blitt polarisert.

Det er ikkje tilfeldig at dette skjer i eit land med eit topartisys­tem, slik USA har. Liknande trendar ser ein òg i Storbritan­nia. I Noreg er me vande til at partia må samarbeide for å få fleirtal. I USA og Storbritan­nia er eittpartir­egjeringar normalen.

SPØRSMÅLET OM TRUMP må gå av på grunn av maktmisbru­k er ikkje juridisk. Då hadde utfallet vore ganske klart. Spørsmålet er politisk, og Trump sit trygt så lenge donasjonan­e renn inn og republikan­ske veljarar ikkje vik.

Difor har republikan­arane jobba hardt for å gjere det lettast mogeleg å donere så mykje pengar ein vil til politiske kandidatar. Interessen­e til dei som samlar inn store summar er langt frå overlappan­de med amerikansk­e veljarar.

Det er tvilsamt om desse lar seg påverke av om Trump har gjort noko ulovleg eller ikkje.

NÅR AVSTANDEN MELLOM partia blir større, bruker ein stadig mindre krefter på å snakke med andre partis veljarar. Målet for republikan­arane er ikkje å overtyde demokratar, men å få flest mogeleg republikan­ske veljarar til å stemme.

Trass i alle bevis, går det foreløpig ganske bra for republikan­arane. Støtta til å starte ei riksrettsh­øyring hoppa opp i slutten av september, men har vore ganske stabil sidan den gong. Trump gjer det òg toleleg bra på målingane i fleire viktige delstatar som kan avgjere neste års val.

I OVERKANT AV 12 PROSENT av republikan­ske veljarar støttar riksrettsp­rosessen mot Trump. Og dei som seier dei kan la seg overtyde, følgjer ikkje så godt med på høyringane.

Då kan bevisa vere så klåre dei berre vil. Partilojal­iteten vinn.

Trump sit trygt så lenge donasjonan­e renn inn og republikan­ske veljarar ikkje vik.

 ?? FOTO: TOM BRENNER/REUTERS, NTB SCANPIX ?? BURDE SITJE UTRYGT: – Spørsmålet om Trump må gå av på grunn av maktmisbru­k er ikkje juridisk. Då hadde utfallet vore ganske klart. Spørsmålet er politisk, og Trump sit trygt så lenge donasjonan­e renn inn og republikan­ske veljarar ikkje vik, skriv Morten Myksvoll.
FOTO: TOM BRENNER/REUTERS, NTB SCANPIX BURDE SITJE UTRYGT: – Spørsmålet om Trump må gå av på grunn av maktmisbru­k er ikkje juridisk. Då hadde utfallet vore ganske klart. Spørsmålet er politisk, og Trump sit trygt så lenge donasjonan­e renn inn og republikan­ske veljarar ikkje vik, skriv Morten Myksvoll.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway