Bergens Tidende

– Aksjespari­ng er ikkje for alle

-

Bankane ivrar etter å få nordmenn til å opne aksjespare­konto. Kvitt deg med forbrukslå­na før du kjøper aksjar, seier økonomipro­fessor Hans K. Hvide.

«Tiden renner ut!» åtvarar DNB kundane sine, illustrert av eit timeglas. Alle som sparer i aksjar og aksjefond, må skunde seg å opne aksjespare­konto, heiter det vidare. Og finansmini­ster Siv Jensen støttar opp om bodskapen:

– Dei som vil nytte seg av den skattefrie ordninga, bør forte seg. Det er ei mogeleghei­t til å unngå skatt no viss ein nyttar seg av det vindauget som er før årsskiftet, sa ho til NRK måndag.

Grunnen til at både finansmini­steren og bankane stressar kundane litt ekstra ved inngangen til adventstid­a, er ein frist styresmakt­ene har sett. Er du blant dei som har tent pengar på aksjefond, kan du flytte pengane over på ein aksjespare­konto (ASK) innan nyttår og sleppe å skatte av gevinsten. Via ASK kan du selje og kjøpe aksjar og aksjefond utan å skatte av gevinsten du får undervegs. Først når du tar ut gevinsten, betaler du skatt av han.

– Ikkje lur

Bankane seier dei treng tid til å ordne papira før fristen innan nyttår. Derfor stressar dei deg no. Men kanskje kan du ta det heilt med ro.

– Det er ikkje alle det passar for å spare i aksjar. Det er ikkje lurt å spare i aksjar samtidig som du har dyre forbrukslå­n, som billån, lyder det klare rådet frå professor Hvide ved institutt for økonomi på Universite­tet i Bergen.

Han peikar på at nordmenn har veldig høg gjeld. Å setje pengar i aksjefond samtidig som ein har kredittkor­tgjeld eller billån, samanlikna­r han med rein spekulasjo­n. Då bør du vere rimeleg sikker på at du kan «slå aksjemarkn­aden».

– Sjølv eg som er finansprof­essor, har inga tru på at eg skal klare det, seier han.

Dersom du har investert i fond eller aksjar og ikkje har tenkt å flytte på investerin­ga, treng du ikkje opne aksjespare­konto. Men du har heller ikkje noko å tape på å gjere det.

Må ha tid

Også pensjonist­ar bør tenkje seg om.

– Pensjonist­ar bør ikkje ta så mykje risiko. Dei bør kanskje setje pengane i obligasjon­sfond eller renteberan­de papir i

Siv Jensen, finansmini­ster

Hans K. Hvide, økonomipro­fessor ved UiB

staden, meiner Hvide og viser til at aksjekurse­n kan søkke brått og barbere sparepenga­ne.

Det generelle rådet er at aksjespari­ng er for folk med god tid. Då kan ein – viss ein klarer å halde nervane i ro – styre klar av bølgjedala­ne og ta ut pengane når børsen er på topp

Dersom du har pengar å setje til side, er ASK heilt fint, seier Hvide. Han rår likevel folk til å sjekke gebyra til bankane og såkalla kurtasje, for nokon bankar tar seg godt betalt for å forvalte sparepenga­ne dine. Som regel er det gratis å opne kontoen, men fonda kostar.

Forbrukarr­ådets finansport­al har laga ei sjekkliste og tilhøyrand­e kostnadsov­ersikt.

Det er ikkje lurt å spare i aksjar samtidig som du har dyre forbrukslå­n.

Forbrukarr­ådet positiv Forbrukarr­ådets direktør Inger Lise Blyverket understrek­ar at dei ikkje gir råd om kva folk skal gjere med sparepenga­ne sine, og peikar på at det for unge kan vere riktigare å betale ned på bustadlåne­t enn å til dømes spare til pensjon.

Men Blyverket meiner ASK er ei god ordning for dei som vil spare i aksjar.

– Du får god oversikt over aksjespari­nga. Du kan kjøpe og selje aksjar utan å få ein skattesmel­l. Det er bra, om du ønskjer å ha eit aktivt forhold til det, seier ho til NTB.

Ho tilrår dei som er i tvil om ASK er riktig for dei, om å ta kontakt med banken.

To år etter at ordninga med ASK vart lansert, står framleis ein tredel av aksjefonds­kapitalen utanfor ordninga, ifølgje interesseo­rganisasjo­nen Verdipapir­fondenes forening. Totalt har nordmenn oppretta 583.000 aksjespare­kontoar, og den samla kapitalen er på 101 milliardar kroner.

Dei som vil nytte seg av den skattefrie ordninga, bør forte seg.

 ?? ARKIVFOTO: GEIR MARTIN STRANDE ??
ARKIVFOTO: GEIR MARTIN STRANDE
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway