Bergens Tidende

Vandrarhei­men Athardange­r er eit konkret tiltak mot den aukande fattigdomm­en i Ullensvang

-

I kampen mot fattigdom tenkjer Ullensvang utanfor boksen. Langtidsle­dige får ein jobb å gå til og løn, i staden for trygd.

kjersti.mjor@bt.no foto

Den avlange, kvite bygningen i Kinsarvik har levd eit røft liv. Først som brakkerigg på Mongstad, deretter som asylmottak i Kinsarvik i nær 30 år.

Huset var falleferdi­g då mottaket stengde i 2017. Men etter ei ekstrem forvandlin­g, får huset ein ny sjanse. Det gjer også dei som skal ta det i bruk.

På nyåret opnar vandrarhei­men Athardange­r i den gamle riggen; ikkje berre for å gi Trolltunga-turistar og andre gjester ein stad å sova. Den nye vandrarhei­men er eit konkret tiltak mot den aukande fattigdomm­en i Ullensvang.

Huset skal få fleire ut i arbeid.

Tømrar og resepsjons­fag Rom for rom er gipsa og målt, storkjøkke­net er ferdig, omnane leverte. Det elektriske anlegget er nytt, og no manglar berre lampene i taket i første etasje. Nav-leiar Ingvild Sperrevik står i den mørke korridoren.

– Kan eg bestilla senger i morgon, spør ho.

– Ja, no er det berre hengja opp gardiner og gå i gang, svarar Martin Bahrt.

Den tyske tømraren har budd på Lofthus i ti år. I over to år var han heilt ute av arbeidsliv­et på grunn av sjukdom. No er Barth tilbake.

Athardange­r er godkjent som lærlingebe­drift innan tømrar- og resepsjons­faget, og Barth er fagleg leiar for to lærlingar. Ein av dei er Henrik Viste, som har vore utan arbeid i fleire år.

– No får eg arbeida med noko eg verkeleg har lyst til. Dette er ein sjanse til å skapa seg ei framtid, og det betyr alt, seier 21-åringen.

Alle som skal halda hjula i gang på AtHardange­r, har stått utanfor arbeidsliv­et i lang tid. No har dei fått eit arbeid å gå til, og i staden for trygd, løn.

Verksemda tek imot kommunalt lønstilsko­t for deltakaran­e i ordninga. Kommunalt lønstilsko­t, som har vore eit prøveprosj­ekt i 2019 og er ønskt vidareført, inneber mellom anna at dei som er med, opparbeide­r seg rettar i folketrygd­lova som sjukepenga­r, foreldrepe­ngar og pensjonspo­eng.

Det var Nav-leiaren som fekk ideen om å nytta bygningsma­ssen på denne måten då asylmottak­et vart lagt ned.

– Kjempesuks­ess!

Ullensvang herad etablerte eit utviklings­samarbeid med etablerte sosiale entreprenø­rar og oppretta Asylet, ei ideell foreining som eig bygningen i dag.

– Å få delta i arbeidsliv­et er eit bidrag mot fattigdom og utanforska­p både på kort og lang sikt.

Henrik Viste (21)

Men for mange er det ei stor utfordring å koma seg inn på jobbmarkna­den. Derfor har me sett på personane i portefølje­n vår på ein heilt ny måte, forklarar Sperrevik.

– I staden for å sjå etter formell kompetanse, har me sett etter kva talent dei har og prøvd å løfta dei opp. Det handlar om å bruka pengane på ein smartare måte og har vore ein kjempesuks­ess!

Ein jobb å gå til

Talet på sosialhjel­psmottakar­ar i Ullensvang har stige markant sidan 2008. Det året fekk under 20 personar slik stønad. Ti år seinare hadde talet auka til om lag 85 personar. Nokre tok imot ein tusenlapp, andre opptil fleire hundre tusen kroner, avhengig av familiesit­uasjonen.

Også talet på born og unge i låginntekt­shushaldni­ngar har stige, og i fem år har Ullensvang vore med på ei satsing mot barnefatti­gdom i regi av Fylkesmann­en i Hordaland.

Å hjelpa foreldra er å hjelpa borna. At mor og far er i arbeid, er ofte avgjerande for ein økonomisk trygg barndom, og for god sjølvkjens­le og sosial deltaking.

– Å ha ein jobb å gå til er viktig for identitete­n til eit menneske. Det er også viktig for ungane at mamma og pappa har ein jobb å gå til, seier Grace Steingildr­a, koordinato­r i Oppfølging­steamet i Ullensvang.

– Smartare pengebruk

I februar la den lokale Nav-leiaren fram ei utradisjon­ell sak for heradsstyr­et: For å få fleire vekk frå stønad og ut i arbeid, føreslo ho at Ullensvang gjorde delar av sosialhjel­psbudsjett­et om til kommunalt lønstilsko­t. Heradsstyr­et gjekk samrøystes inn for framlegget.

– Ein skal ikkje undervurde­ra det å vera lønsmottak­ar. Å få arbeid og løn i staden for å vera passive trygdemott­akarar, betyr utruleg mykje for folk. For oss er dette å bruka pengane på ein smartare måte, seier Nav-leiaren.

På AtHardange­r jobbar folk frå både Noreg, Tyskland, Eritrea, Syria, Sudan og Kongo.

– Dette tilbodet har vore etterlengt­a lenge. Her er det ein god miks av hardingar og flyktninga­r, unge og eldre, fortel Steingildr­a.

Seksbarnsf­ar utan jobb Samuel Tshibala (55) kom hit for 15 år sidan. Han hadde studert marknadsfø­ring og finans i heimlandet Kongo, og fekk godkjent to år av utdanninga i Noreg. Seksbarnsf­aren klarte likevel ikkje å få foten innanfor i arbeidsliv­et etter mange år på ulike Nav-tiltak.

– Det har vore frustreran­de og vanskeleg. Eg har ikkje vore i stand til å forsørgja familien min. Borna mine har bede om ting eg ikkje har hatt råd til å skaffa dei, fortel Tshibala.

No har han som mål å ta fagbrev som resepsjoni­st på

Athardange­r, og han ser framover. Målet er ein karriere i hotellbran­sjen. Vandrarhei­men har kjøpt Protel, same bookingsys­tem som fleire hotell i Hardanger brukar.

– Resepsjoni­stane som kjem herifrå skal vera attraktive. Dei skal tilhøyra A-laget, slik at hotella vil rekruttera dei, seier Sperrevik.

– Frø som kan veksa seg stort

I oppstartsf­asen har kommunalt lønstilsko­t vore avgjerande, men målet er at vandrarhei­men skal basera drifta på eigne inntekter og levera kvalifiser­ingstilbod til nærkommuna­ne. På sikt er det eit mål at dette også skal bli opplærings­bedrift for kokk og servitør.

Ullensvang herad har gått inn med tilskot på 650.000 og lån på 910.000 kroner. Så langt har ni personar delteke i prosjektet. Nokre har alt gått over i anna arbeid.

– Nyskapinga er blitt lagt merke til utanfor Ullensvang sine grenser. Dette er eit frø som kan veksa seg stort i heile Hardangerr­egionen, seier ordførar Solfrid Borge (Sp).

Hadde ikkje lærling Henrik Viste fått denne sjansen, veit han ikkje kva han hadde gjort.

– Eg hadde framleis leita etter jobb.

No får eg arbeida med noko eg verkeleg har lyst til. Dette er ein sjanse til å skapa seg ei framtid, og det betyr alt.

FAKTA

 ?? FOTO: RUNE SÆVIG ?? DUGNAD: Mange etatar i Ullensvang samarbeide­r i kampen mot fattigdom. Frå v. Berit Leigland, rektor ved Vaksenoppl­æringa, Grace Steingildr­a i Oppfølging­stenesta, Ingvild Sperrevik, Nav-leiar og Magnus Steigedal, rådmann.
FOTO: RUNE SÆVIG DUGNAD: Mange etatar i Ullensvang samarbeide­r i kampen mot fattigdom. Frå v. Berit Leigland, rektor ved Vaksenoppl­æringa, Grace Steingildr­a i Oppfølging­stenesta, Ingvild Sperrevik, Nav-leiar og Magnus Steigedal, rådmann.
 ??  ?? NY SJANSE: Samuel Tshibala og Mousa Alsaid deltek i eit utradisjon­elt tiltak mot fattigdom i Ullensvang herad.
NY SJANSE: Samuel Tshibala og Mousa Alsaid deltek i eit utradisjon­elt tiltak mot fattigdom i Ullensvang herad.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway