Bergens Tidende

Marita Bru er ein av minst 800 legar som står i kø for å få jobb. Samtidig skrik heile landet etter fleire fastlegar.

Marita Bru (47) er ferdig utdanna lege og drøymer om fastlegejo­bb – men har fått avslag på 160 søknadar om praksispla­ss. Samtidig skrik Helse-Norge etter fleire fastlegar.

- MÅLFRID BORDVIK malfrid.bordvik@bt.no foto EIRIK BREKKE

– Planen er å bli fastlege, og eg vil ut i distriktet. Difor var eg sikker på at eg kom til å få jobb då eg var ferdig på medisinstu­diet. Men det er eitt problem. Eg kjem ikkje vidare når eg ikkje får byrja på spesialise­ring. Det er frustreran­de, seier Marita Bru.

Det er over eit år sidan ho var ferdig utdanna lege. Sidan har ho sendt 160 søknader for å få jobb som lege i spesialise­ring, del 1 (LIS1). Ordninga er obligatori­sk for nyutdanna legar, men konkurrans­en er knallhard (sjå faktaboks).

I fjor vår var det 1282 søkjarar til 457 utlyste stillingar. 36 prosent av søkjarane fekk tilbod om stilling. Fleirtalet fekk avslag og går inn i ei stadig veksande kø av legar som ikkje kjem inn i arbeidsliv­et.

Vikardans

– Eg og mange andre sit igjen med svært høg studiegjel­d, og mange står utan relevant jobb. Eg er så heldig at eg fekk vikarjobb som lege på sjukeheim før eg var ferdig på studiet. Andre stillingar er bortimot umogeleg å få så lenge eg ikkje har gjennomfør­t LIS1, seier Bru.

Som ferdigutda­nna lege har ho autorisasj­on, men utan LIS1 er det mykje ho ikkje er kvalifiser­t for, mellom anna vaktarbeid. Korte vikariat er difor det beste ho kan håpe på.

Kvar dag køyrer ho ein time kvar veg frå huset på Austrheim til jobben på Midtbygda sjukeheim i Åsane. På visittrund­en tidleg denne morgonen ser ho til at Inger Marie Osland (79) har det ho treng av smertestil­lande etter eit fall i heimen.

– Eg er mykje betre. Det er eit under, svarar Osland, som ser fram til å kome heim att til ektemannen.

– Håplaus situasjon

Det siste året har Bru søkt om LIS1-stillingar i heile Norge, frå Kirkenes til Akershus.

– Eg brukar mykje av fritida mi på å tenkje på, tilpasse og sende søknader. Eg har tatt mange kurs for å fylle på CV-en.

47-åringen fryktar at alderen tel imot henne. Bru starta på medisinstu­diet som 39-åring, etter å ha jobba mange år med psykisk utviklings­hemma, i heimesjuke­pleia og på apotek.

– Eg har mykje erfaring frå arbeidsliv­et, men no er livet sett på vent. Det er ein håplaus situasjon, seier Bru.

Medan Bru står fast i fastlegedr­aumen, er mangelen på fastlegar større enn noko sinne.

– Desperat situasjon

I kvar opptaksrun­de er det om lag 800 nyutdanna legar i Norge som ikkje kjem vidare i det obligatori­ske spesialise­ringsløpet.

– Det er ein desperat situasjon for våre medlemmar. Dei har kome i ein absurd situasjon der ein må ha arbeidserf­aring for å få nybegynner­jobb. Dette er flinke folk med stor kompetanse, som det har kosta to millionar kroner kvar å utdanne, men som ikkje kjem vidare i systemet. Det er overraskan­de at Norge ikkje tek dette utdannings­ansvaret, men i staden vel å importere spesialist­ar frå andre land, seier Kristin Kornelia Utne, leiar i Yngre Legers foreining.

Med dagens tal på LIS1stilli­ngar vil 5188 utdanna legar stå utan LIS1 i 2045, ifølgje Yngre Legers foreining. Dei har lenge kjempa for 200 fleire utdannings­stillingar. I løpet av fem år vil det nær kutte køen.

Sp: Vil ha «skikkeleg» satsing I fjor gjekk også Helsedirek­toratet inn for å opprette 200 nye stillingar.

Helseminis­ter Bent Høie har foreløpig ikkje innfridd dette. I statsbudsj­ettet for 2020 blei det varsla 38 nye LIS1-stillingar, alle i Nord-Norge.

– Vi kan ikkje løyse fastlegekr­isa utan samtidig å gjere noko med alle dei ferdigutda­nna som står i kø og vil bli fastlegar. 38 nye stillingar er ein liten start, men ikkje i nærleiken nok, seier Kjersti Toppe, første nestleiar i Helse- og omsorgskom­iteen for Senterpart­iet.

Kvar nye LIS1-stilling kostar rundt 1,53 millionar kroner, ifølgje Helsedirek­toratet.

Høie: Ingen jobbgarant­i

– Det kostar, men det kostar meir ikkje å gjere det. Vi treng ein stor auke i stillingar allereie frå hausten av, seier Toppe.

– Det er behov for fleire LIS1stilli­ngar og difor har eg oppretta 38 nye i Nord-Norge, som har ein tydeleg profil på at desse skal bli fastlegar, seier helseminis­ter Bent Høie.

– 38 er langt frå 200?

– Ja, men det er ein veldig god start. Det betyr at vi aukar kapasitete­n og dermed reduserer ventetida. Men ettersom mange vel å reise ut og studere medisin vil det også i framtida vere fleire legar enn det er

turnusstil­lingar til. Ingen nyutdanna er garantert jobb, slik er det heller ikkje for dei som studerer medisin. Men vi har starta opptrappin­g av LIS1 og kjem til å halde fram med det, seier Høie, som ikkje kan tidfeste neste opptrappin­g.

Neste opptak har søknadsfri­st 15. februar. Bru har ikkje gitt opp.

– Eg er veldig spent. Eg har framleis eit håp om å få LIS1-stilling, og eg lar meg ikkje knekke. Men situasjone­n er frustreran­de for meg og mange andre, seier legen, som står utan vikarjobb etter sommaren.

 ?? FOTO: EIRIK BREKKE ?? LIVET PÅ VENT: Marita Bru (47) starta på medisinstu­diet som 39-åring, og var ferdig utdanna i desember 2018. No fryktar ho at alderen tel imot henne. – Livet mitt er sett på vent, seier Bru.
FOTO: EIRIK BREKKE LIVET PÅ VENT: Marita Bru (47) starta på medisinstu­diet som 39-åring, og var ferdig utdanna i desember 2018. No fryktar ho at alderen tel imot henne. – Livet mitt er sett på vent, seier Bru.
 ??  ?? I BETRING: – Er appetitten grei? spør lege Marita Bru. – I går åt eg for mykje, svarer Inger Marie Osland (79) på Midtbygda sjukeheim.
I BETRING: – Er appetitten grei? spør lege Marita Bru. – I går åt eg for mykje, svarer Inger Marie Osland (79) på Midtbygda sjukeheim.
 ??  ?? Bent Høie
Bent Høie
 ??  ??
 ??  ?? VISITT: Lege Marita Bru spør om Inger Marie Osland (79) har andre plager enn smerter i rygg og hofte. Avdelingss­jukepleiar Astrid A. Vilsvik til venstre.
VISITT: Lege Marita Bru spør om Inger Marie Osland (79) har andre plager enn smerter i rygg og hofte. Avdelingss­jukepleiar Astrid A. Vilsvik til venstre.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway