Bergens Tidende

Regjeringa er som eit ekteskap der partane er samde om å gå frå kvarandre, men der ein framleis lever under same tak fordi ein ikkje har selt huset.

Ei regjerings­krise er paradoksal­t nok borgarleg sides største sjanse for siger i 2021.

- Kommentato­r i Bergens Tidende jens.kihl@bt.no Jens Kihl

TYSDAG MORGON KLOKKA 09.20 sette Frp-leiar og finansmini­ster Siv Jensen seg på eit fly til Paris. Der skulle ho snakke på årskonfera­nsen til Euronext, selskapet som eig Oslo Børs, klokka 15.20.

Nokre minutt tidlegare sprakk nyhenda: «Norge gjør helomvendi­ng. Henter hjem siktet IS-kvinne og og henne syke 5-åring», skreiv Aftenposte­n.

PROSESSEN SKAL HA teke fleire månader, og Stortinget­s utvida utanriks- og forsvarsko­mité har vore informert. Det var heilt avklart i regjeringa at Frp var usamd i vurderinga.

Likevel sat altså Siv Jensen i Paris denne dagen. Ho returnerte ikkje før 23.10 på kvelden. Forstod ho kor djup krise dette ville bli i partiet? Det verkar ikkje slik.

Ein skulle tru at Sylvi Listhaug, partiets fyrste nestleiar, ville vere på ballen. Men frå Frp blei det sendt ut nokre talepunkt frå Listhaug rett før klokka fire same ettermidda­g.

DER FINN EIN formulerin­gar som «vi registrere­r dessverre at det er et stort flertall på stortinget og i regjeringe­n for å hente IS-kvinnen til Norge». Ingenting tyder på at Frp sette alle klutar til i denne saka.

STATSMINIS­TER ERNA SOLBERG (H) omtalte striden som «en avklart politisk uenighet» til Dagbladet onsdag. Torsdag skreiv KrF-leiar Kjell-Ingolf Ropstad på Facebook at «Frp sa noe helt annet på tirsdag enn de gjør nå».

Så tok det fyr. Full fyr. Stortingsr­epresentan­tar, fylkesleia­rar og den vidgjetne grasrota gjorde det klart at dette var langt over streken. Begeret var fullt – av terrorisme.

I RÅDGJEVAR-KRETSAR OG i media kan det stundom bli snakka om «ei god sak å gå på» når eit parti slit i regjering. For vanlege medlemer stiller det seg annleis. Dei ser ikkje på slike saker som taktikk, men tek fyrst og fremst stilling til innhaldet:

Skal Noreg verkeleg stille opp for ei kvinne som sjølv har søkt seg til terrorista­ne i IS? Om spørsmålet berre var å hjelpe barnet hennar, kunne ho vel fint sendt det frå seg?

Siv Jensen forstod ikkje kva sprengkraf­t det var i denne saka. Derimot har ho rett i at det er lenge sidan det kom ein skikkeleg Frp-siger.

FRP-LEIAREN MEINER REGJERINGA er grå og keisam. Det spørst korleis du ser det. Opne konfliktar om bompengar, klima, olje, innvandrin­g og språkbruk er ikkje akkurat keisamt – i alle fall ikkje for oss i media.

Resultata frå regjeringa ser derimot ganske vasne ut. Hugsar du nokre spanande satsingar frå haustens statsbudsj­ett? Nei, nettopp.

NO VIL HO rette det opp, men det spørst om det er for seint.

Venstre og KrF har ikkje noko som helst å gå på. Det er gjort fem stortingsm­ålingar hittil i 2020. Dei gjev KrF ei gjennomsni­ttleg oppslutnin­g på 3,3 prosent, ifølgje nettstaden Poll of polls. Venstre ligg på katastrofa­le 2,4 prosent.

Det er med andre ord ingen der som vil seie at det er tid for å vere litt greie med Frp no. Dei står i sine eigne kriser. I eit anna politisk klima ville ein sett etter saker som kunne løfta alle dei fire partia i regjeringa.

Onsdag tok NRK ein ringjerund­e til fylkesleia­rane i Frp for å høyre kva saker partiet burde få i byte mot at IS-kvinna får kome til Noreg.

SVARA VAR MILDT SAGT sprikande: Kompensasj­on til pelsdyrbøn­dene, nei til vindmøller på Haramsøya, meir oljeutvinn­ing og lågare avgifter var noko av det som blei løfta fram.

«Diverre er det berre Frp som set tryggleike­n til det norske folk i høgsetet», sa innvandrin­gspolitisk talsmann for Frp, Jon Helgheim, på Politisk kvarter onsdag morgon.

Skal Frp bli sitjande i ei regjering dei meiner er farleg for landet – i byte mot færre vindmøller på Haramsøya?

Siv Jensen kan formulere krav som er umoglege å innfri. I så fall er lista ein rein avskjedssø­knad. Ho kan også formulere krav som Høgre vil vere ganske einig i, i håp om at Erna Solberg heller kastar ut Venstre og KrF.

LIKEVEL: DETTE ER kanskje borgarleg sides einaste sjanse for å få ein valsiger neste haust. Det verkar umogleg at fire parti gjer gode val så lenge dei plagar kvarandre i regjeringa.

Eit Frp i opposisjon har heilt andre sjansar, samstundes som sentrumspa­rtia og Høgre ikkje blir like tydeleg assosiert med særstandpu­nkta til Siv Jensen & co.

Alle på venstresid­a som jublar for at Frp kan vere på veg ut, kan dermed ha forrekna seg.

Men skal Frp gå ut utan at det blir full borgarkrig, må Siv Jensen ta tilbake kontrollen. Elles er ho truleg ferdig som partileiar.

CIVITA-LEIAR KRISTIN CLEMET peika i eit intervju med Dagbladet på næringsliv, valfridom for familiane og kutt i formuesska­tten som samlande saker.

Regjeringa er som eit ekteskap der partane er samde om å gå frå kvarandre, men der ein framleis lever under same tak fordi ein ikkje har selt huset.

DET ER PÅ TIDE å fortelje ungane at det er slutt no.

Alle på venstresid­a som jublar for at Frp kan vere på veg ut, kan ha forrekna seg.

 ?? FOTO: HÅKON MOSVOLD, NTB SCANPIX ?? PRESSA: Etter Frps gruppemøte onsdag, møtte partileiar og finansmini­ster Siv Jensen media.
FOTO: HÅKON MOSVOLD, NTB SCANPIX PRESSA: Etter Frps gruppemøte onsdag, møtte partileiar og finansmini­ster Siv Jensen media.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway