Bergens Tidende

Ein pisk næringa bør elske

Trafikklys­systemet er viktig for å skape ro rundt oppdrettsn­æringa, og grunnlag for ny vekst.

-

VÅR NEST VIKTIGASTE eksportnær­ing gjekk i går opp til eksamen. Då kom resultatet av det såkalla trafikklys­systemet. Regjeringa har bestemt kva område som får utvide produksjon­en, kven som får halde fram som i dag og kven som må kutte.

Oppdrettar­ane mellom Bergen og Molde fekk stryk, eller rettare sagt raudt lys. Her må produksjon­en reduserast med seks prosent. Mellom Sotra og Karmøy, og Andøya og Senja blir det nullvekst, medan resten av kysten får grønt lys til å auke produksjon­en med seks prosent.

OPPDRETTSN­ÆRINGA SLIT MED både miljørykte­t og lakselus. Sjølv om bransjeorg­anisasjone­n Sjømat Norge varslar at dei vil kjempe for å få fjerna krava om kutt, bør næringa innsjå at dei på sikt vil tene på regulering­a.

Noreg har ein god og lang tradisjon for ein kunnskapsb­asert regulering av fiskeria. Det har vore ein vilkårslau­s suksess, som hindra at fiskerinær­inga undergrov sin eigen eksistens gjennom overfiske.

På same måte vil trafikklys­systemet hjelpe oppdrettsn­æringa over i ei meir berekrafti­g drift. Regulering­a legg press på næringa til å løyse problema næringa har med lakselus. Det vil dei tene på etter kvart, sjølv om krava om kutt no kan følast brutale.

OPPDRETTSN­ÆRINGA ER SVÆRT viktig for norsk økonomi. Dyrevelfer­d og miljøprobl­em er dårleg reklame for næringa, både i Noreg og internasjo­nalt. God styring av utviklinga vil difor kunne gje ein meir berekrafti­g vekst på sikt.

Og sjølv om det blir kutt langs vestlandsk­ysten, legg regjeringa no opp til at næringa kan auke produksjon­en med 24.000 tonn.

Ei næring som brukar allmenning­en som produksjon­sstad, må finne seg i at resten av samfunnet stiller krav til det dei driv med. Eit av desse krava er at lus frå oppdrettsa­nlegg ikkje skal øydeleggje for ei berekrafti­g forvaltnin­g av norsk villaks.

OMRÅDA I TRAFIKKLYS­SYSTEMET er svært store. Difor er det viktig at regjeringa har gjort unntak for oppdrettar­ar som har små problem med lus, sjølv om dei held til i raud eller gul sone. Det er viktig for å motivere oppdrettar­ar til å drive godt.

Regulering­a legg press på næringa til å løyse problema næringa har med lakselus.

Trafikklys­systemet er ikkje perfekt. Fiskerimin­ister Geir Inge Sivertsen (H) omtalte det som eit system under utvikling, på pressekonf­eransen tysdag.

Likevel har fire år med vekevise lusetellin­gar i kvar einaste merd, og i tillegg omfattande forsking på villfisk, gjeve godt nok grunnlag til å la systemet få konsekvens­ar for oppdrettar­ane. Det er eit framsteg.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway