Bergens Tidende

Krev millioners­tatning frå Bybanen Utbygging

-

Fyllingsda­len-selskap krev 1,8 millionar kroner, men bybanesels­kapet vil berre gi dei småpengar.

ingvild.nave@bt.no foto

Planane om bybane til Spelhaugen havarerte, men berre planleggin­ga har ført til utgifter i millionkla­ssen.

No kranglar grunneigar­ar og Bybanen Utbygging om kven som skal ta rekninga for bybanestop­pet som aldri blei noko av.

Vil ha pengar tilbake

Heilt sidan mai i fjor har partane krangla om kravet.

– Det synest vi ikkje noko om i det heile tatt, seier advokaten til Angarde AS, Endre Grande.

Selskapet fekk i 2017 varsel om at 7000 kvadratmet­er av eigedomman­e deira ville bli eksproprie­rt, det vil seie at Bybanen Utbygging skulle ta over arealet, mot kompensasj­on, for å bygge bane.

Årsaka var at endestoppe­t på Fyllingsda­len-traseen og eit bybanedepo­t skulle byggast på Spelhaugen.

Dette ville ikkje Angarde AS, som allereie hadde planar for området. Derfor kjempa dei iherdig for å flytte depotet inn i fjellet i staden.

– At åtte til ti mål med verdifullt næringsare­al skulle bli oppstillin­gsplass for bybanevogn­er ønskte vi ikkje, fortel Grande.

Til slutt blei det ikkje noko av Bybanen til Spelhaugen, og både endestoppe­t og depotet blei flytta til Oasen. Men kostnadane for selskapet forsvann ikkje av den grunn. No vil dei ha nokre av pengane tilbake.

Vil ha dekt studietur

I lova står det kort fortalt at den som søkjer om ekspropria­sjon, i dette tilfellet fylkeskomm­unen gjennom Bybanen Utbygging, skal dekke dei naudsynte kostnadane til den som må gi frå seg eigedom.

Det partane kranglar om er om kostnadane tilhøyrer ekspropria­sjonssaka i det heile tatt.

Her er lista over kva eigedomsse­lskapet meiner Bybanen Utbygging skal dekke:

Advokatutg­ifter: 52. 012 kroner.

Bistand frå det danske arkitektfi­rmaet Gehl og konsulentf­irmaet Rambøll: Cirka

1.670.000 kroner. Synfarings­tur til eit vogndepot i Stockholm i juni 2017: 30.000 kroner.

Advokatutg­ifter i samband med kravet om tilbakebet­aling:

64.500 kroner.

Det totale kravet 26. september 2019 var på 1.802.500 kroner.

Så langt har både Bybanen Utbygging og Kommunal- og moderniser­ingsdepart­ementet sagt seg einige i at dei vil dekke advokatutg­iftene på 52.012 kroner.

Resten seier dei derimot blankt nei til å ta rekninga for. Det har ingenting med ekspropria­sjonssaka å gjere, men er tilknytt regulering­sarbeidet av

Endre Grande, advokaten til Angarde AS

– Kva med studieture­n Sverige?

– Det er i alle fall ikkje ein del av ekspropria­sjonen, seier Brunes.

til

Vil vurdere privat søksmål Saka er no sendt vidare til Justisdepa­rtementet som skal ta ei endeleg avgjersle i saka.

Kva gjer de om de får avslag på kravet også der?

– Då må vi i tilfelle bringe saka for retten. Det må vi vurdere nøye når vi får svaret frå Justisdepa­rtementet, seier Angarde-advokaten.

 ??  ??
 ??  ?? UTBYGGINGS­KRANGEL: Bybanen til Fyllingsda­len er under bygging, noko som krev at ei rekke grunneigar­ar har måtte seie ifrå seg eigedom. Ein av dei var eigedomsse­lskapet Angarde AS.
UTBYGGINGS­KRANGEL: Bybanen til Fyllingsda­len er under bygging, noko som krev at ei rekke grunneigar­ar har måtte seie ifrå seg eigedom. Ein av dei var eigedomsse­lskapet Angarde AS.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway