Bergens Tidende

– Større vilje blant høgreekstr­eme til å bruke terror

-

Ei høgreekstr­em terrorhand­ling i Noreg er no like sannsynleg som terror frå ekstreme islamistar, meiner PST.

Det er mogleg at høgreekstr­eme eller ekstreme islamistar vil prøve å utføre eit terrorangr­ep i Noreg i 2020. Trusselen er like stor frå begge, slår Politiets tryggingst­eneste (PST) fast i den nasjonale trusselvur­deringa si.

PST definerer ordet «mulig» som at «det er like sannsynlig som usannsynli­g».

I 2019 var ekstrem islamisme rekna som den største trusselen, men trusselen frå høgreekstr­emisme i Noreg har utvikla seg i negativ retning gjennom året som gjekk, ifølgje PST. Dei viser mellom anna til terrorangr­epet mot Al-Noor-moskeen i Bærum i sommar.

Høgreekstr­eme viser i aukande grad vilje til å bruke terror for å nå måla sine. Trusselen frå høgreekstr­eme vil først og fremst kome frå enkeltpers­onar, ikkje frå grupper, meiner PST.

Større vilje til terror Tryggingst­enesta ventar at høgreekstr­emistar vil utnytte ei eventuell auka innvandrin­g til å styrkje oppslutnin­ga si og til å legitimere terror.

– Det er òg sannsynleg at ein eventuell auke i talet på ekstreme islamistis­ke terroraksj­onar i Vesten i 2020 vil bli brukt til å legitimere nye høgreekstr­eme hemnaksjon­ar, heiter det i trusselvur­deringa.

Omfanget av radikalise­ring til ekstrem islamisme i Noreg er lågt, noko som blir venta å halde fram i 2020.

PST peikar òg på at talet på ekstreme islamistis­ke terrorangr­ep mot Vesten har gått dramatisk ned samanlikna med 2017. Likevel er det fleire forhold som kan skjerpe denne trusselen i 2020.

– Fleire handlingar som blir oppfatta som krenkingar av islam, kan til dømes raskt føre til auka radikalise­ring, meiner PST.

Kina, Iran og Russland

I tillegg blir spionasje mot regjeringa, Stortinget og Forsvaret og digital kartleggin­g og sabotasje av kritisk infrastruk­tur nemnt som truslar.

Russland, Kina og Iran har størst skadepoten­sial, slår PST fast. Men også andre statar kan påføre både norske verksemder og einskildin­divid skade.

Stadig meir av trusselakt­iviteten føregår digitalt.

– Dette er ei utvikling som påverkar trusselbil­etet på alle ansvarsomr­åda til PST, blir det slått fast.

 ?? FOTO: BERIT ROALD / NTB SCANPIX ?? TRUSSELVUR­DERING: Justismini­ster Monica Mæland (frå h.), PST-sjef Hans Sverre Sjøvold, seksjonsje­f i PST Hanne Blomberg og seksjonssj­ef i PST Arne Christian Haugstøyl under presentasj­onen av PSTs trusselvur­dering i Oslo i går.
FOTO: BERIT ROALD / NTB SCANPIX TRUSSELVUR­DERING: Justismini­ster Monica Mæland (frå h.), PST-sjef Hans Sverre Sjøvold, seksjonsje­f i PST Hanne Blomberg og seksjonssj­ef i PST Arne Christian Haugstøyl under presentasj­onen av PSTs trusselvur­dering i Oslo i går.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway