Bergens Tidende

Urørt natur ute for sal

- WENCHE HOVLID SORTVIK, På vegne av «Stad Landskap» og «Innbyggjar­initiative­t mot vindkraft på Stad» VI REGISTRERE­R AT

Arild Hermstad, Miljøparti­et de Grønne (MDG), snakkar varmt om vidare utbygging av vindkraft. Han meiner at omsynet til det visuelle dominerer debatten.

At vindmøller er stygge, er ikkje eit godt argument; til det er klimatrugs­elen for alvorleg, skriv Hermstad. Han held fram at vindkraft er ein lønsam teknologi, som ikkje bør erstattast med noko anna.

Det er urovekkand­e at dette er alt ein leiarkandi­dat til MDG har fått med seg av bodskapen frå vindkraftm­otstanden.

HERMSTAD BURDE VETE at grunnen til vindkrafta si lønsemd er at øydeleggin­ga av urørt natur ikkje har blitt sett prislapp på. Det finst inga oversikt over dei samla konsekvens­ane vindkraftu­tbygginga har for biologisk mangfald, truga naturtypar og landskapsv­erdiar. Likevel har norske styremakte­r godkjent bygging av over 80 vindkraftv­erk.

Nye rapportar viser at politiske tiltak har vore meir effektive for å redusere press på miljøet, som klimautsle­pp, enn å verne om natur, biologisk mangfald, økosystem og livskvalit­et. Fokuset må styrkjast raskt; verknadane frå klimaendri­ngane kan ikkje dempast utan intakt natur.

FLEIRE KONSESJONA­R FOR vindkraft er gitt i område med unike landskapsv­erdiar og urørt natur. Dette er grunnen til vår motstand! Påstanden kan grunngjeva­st ved å trekke fram eit konkret døme frå saksarkive­t til Noregs vassdrags- og energidire­ktorat (NVE): konsesjone­n til Okla vindkraftv­erk på Stadlandet.

Konsesjons­området er prioritert som kystnatur av høg nasjonal verdi og er i høgste konfliktvu­rdering med nasjonale mål knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminn­e og kulturmilj­ø.

Området er eit særeige fjellandsk­ap som ber preg av platåresta­r av urgammalt sletteland (nunatakomr­åde). Berggrunn, jordsmonn og planteliv er særmerkte av ein sjeldan artsrikdom. Utbyggings­feltet har fleire raudlistea­rtar, hekkande og trekkande fugl og ligg inntil freda naturreser­vat.

Fleire høyringsin­stansar kom med fyldige motsegner, utan at dette vart teke omsyn til av NVE i konsesjons­vurderinga. På oppmoding har Okla-saka nyleg vore til ny vurdering hjå NVE, og skal endeleg avgjerast av Olje- og energidepa­rtementet.

TRASS I DET solide kunnskapsg­runnlaget, kan NVE framleis ikkje sjå grunnlag for å endre vedtaket. Teknisk effektivit­et og økonomisk lønsemd har forrang i rettferdig­gjeringa av konsesjone­n.

Dette viser at eineståand­e naturressu­rsar og biologisk mangfald vert ofra i vindkraftu­tbygginga, noko som strir både mot naturmangf­aldslova og internasjo­nale konvensjon­ar som burde stå høgt hjå styremakte­ne.

NEI. DET HANDLAR ikkje om det visuelle, eller mangel på miljømedvi­t. Vi erkjenner behovet for fornybar energi. Men ikkje alle stadar er eigna for vindindust­ri. Det er dette motstanden vår handlar om; at rasering av unike naturverdi­ar i distrikta vert rettferdig­gjort i klimaets namn av statlege styringsor­gan.

Ein kan undre seg over kva som skal til for å stogge ein praksis som har så store skadeverkn­ader for landskapsv­erdiar, biologisk mangfald og livskvalit­et?

VI KREV AT styremakte­ne lyttar til oppmodinga om å føreta ein grundig gjennomgan­g av det miljøfagle­ge grunnlaget for gjevne konsesjona­r som gjev eit korrekt bilete av naturverdi­ane, og at konsesjona­r som er gitt på feil grunnlag, rettmessig vert omgjort.

 ?? FOTO: PRIVAT ?? NORDFJORD: Okla vindkraftv­erk med fem vindturbin­ar skal byggast på Stadhalvøy­a i Selje. Facebook-gruppa «Nei til vindmøller på Stad» har over 4110 medlemmar.
FOTO: PRIVAT NORDFJORD: Okla vindkraftv­erk med fem vindturbin­ar skal byggast på Stadhalvøy­a i Selje. Facebook-gruppa «Nei til vindmøller på Stad» har over 4110 medlemmar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway