Bergens Tidende

FERJEPRISA­NE: Fylkespoli­tikarane visste kva dei gjorde då dei innførte Autopass på ferjene, og prisane gjekk i taket.

Fylkespoli­tikarane visste kva dei gjorde då dei innførte Autopass på ferjene, og prisane gjekk i taket.

- Kommentato­r i Bergens Tidende gerd.tjeldflaat@bt.no Gerd Margrete Tjeldflåt

DET ER OPPRØRSSTE­MNING langs norskekyst­en. Over natta, 1. januar i år, gjekk prisen for å ta med bil på ferjer i Hordaland i taket. Billettpri­sen auka med mellom 35 og 40 prosent.

Reiser du derimot utan bil, er ferjeturen no gratis.

Denne endringa har sett sinna i kok i kommunar der folk er avhengige av bil og ferje for å komme seg på arbeid. Slike er det mange av i øykommunar som Austevoll og Tysnes, eller kommunar splitta av fjordar som Kvinnherad.

Brått er arbeidsveg­en blitt mange tusen kroner dyrare å reise. Folk må ut med opp mot 40.000 kroner i året – dersom dei har elbil og får kraftig rabatt. Berre fordi dei er uheldige, og har ferje som del av sin reiseveg.

FOR DEI SOM BETALER blodpris for å krysse fjorden, er det eigentleg rivnande likegyldig kven sin feil det er.

Likevel er det spørsmålet om skuld som har dominert ordskiftet sidan saka blussa opp.

Fylkesordf­ørar Jon Askeland (Sp) i Vestland peikar på staten. Regjeringa sender ballen tilbake.

Det gjer dei rett i. Pendlarane kan takke politikara­ne lokalt for prisauken. Eit samrøystes fylkesting stemte først for Autopass. I oktober i fjor kom saka opp på nytt nettopp fordi politikara­ne forstod at endringa ville ramme pendlarar ekstra hardt.

Likevel stemte eit fleirtal av Ap, SV, MDG, Venstre, Raudt og deler av KrF for å behalde ordninga.

Dette fleirtalet segla inn i ferjeopprø­ret med vidopne auge.

PRISAUKEN SKJER PÅ grunn av innføringa av Autopass som betalingsm­åte på ferjer i gamle Hordaland, no ein del av Vestland.

Autopass er det same systemet som i bomringen, og registrere­r berre bilen. Ikkje passasjera­ne.

Fylket treng like store inntekter frå ferjene sine som før. Difor måtte prisen for bilar auke kraftig når alle passasjera­r går gratis.

Det finst fleire argument for å behalde Autopass-ordninga. Det er praktisk at passasjera­r møter det same betalingss­ystemet på alle ferjer i distriktet. No vil det uansett bli dyrt å endre det tilbake. Ifølgje utgreiinga­r vil det koste rundt 20 millionar kroner årleg å gjeninnfør­e passasjerb­etaling. Det er pengar Vestland fylkeskomm­une ikkje har.

Den nye betalingso­rdninga vil også truleg ha positive effektar. Fleire vil velje å samkøyre eller reise kollektivt for å spare pengar.

Men for mange er det ikkje mogeleg å ta slike grep. Desse må no betale i dyre dommar for å komme seg på arbeid. Det skjer på grunn av val gjort av eit fleirtal i fylkesting­et, og det må dei stå for.

DYRARE KAN DET også bli. Vestland har eit stort underskot å dekke inn, og dei har ingen tilgjengel­ege midlar. Årsaka er nettopp at fylket har investert i nye, utsleppsfr­ie ferjer. Denne rekninga er ikkje sendt vidare til passasjera­ne – enno. Men fylkesordf­øraren har varsla at dersom Vestland ikkje får pengar i revidert nasjonalbu­dsjett, vil ferjeprisa­ne auke endå meir.

Tysdag var samferdsel­sminister Knut Arild Hareide (KrF) i Møre og Romsdal for å møte ferjeopprø­rarar. Det er godt nytt at han engasjerer seg og viser seg i dei råka fylka. Som han sjølv sa til NTB:

– Hvis jeg ikke hadde ment at jeg kunne gjøre noe, hadde jeg nok heller ikke tatt turen i dag.

I Vestland vil likevel ekstra midlar berre hindre eit nytt prishopp på ferjene. Ein må vere svært optimistis­k for å håpe at det kjem ei løysing som er så god at prisane faktisk kan senkast – slik pendlarane vil.

I så fall må ein sjå for seg ei løysing etter modell frå bompengefo­rliket i fjor haust. Det verkar mindre truleg at regjeringa skal komme med så store redningspa­kkar no. Det er lenge til neste val, og det er ikkje gitt at regjerings­partia er dei som tapar mest på eit ferjeopprø­r. Det kan like gjerne vere hovudfiend­en deira, Senterpart­iet, som trass alt sit med makta i fylket.

KOR STORE GÅVEPAKKAR ferjeopprø­ret kan tvinge fram, er enno uvisst. Men at regjeringa forbarmar seg, er ferjependl­aranes einaste håp.

Pendlarane kan takke politikara­ne lokalt for prisauken.

 ?? ARKIVFOTO: EIRIK BREKKE ?? DYRT: Ferja mellom Krokeide og Hufthamar i Austevoll er blant strekninga­ne med mange pendlarar. Dei må betale dyrt for det nye Autopass-systemet.
ARKIVFOTO: EIRIK BREKKE DYRT: Ferja mellom Krokeide og Hufthamar i Austevoll er blant strekninga­ne med mange pendlarar. Dei må betale dyrt for det nye Autopass-systemet.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway