Bergens Tidende

Giske kan få eit tillitsver­v. Men er han ein tillitsman­n?

Kanskje blir Trond Giske ny fylkesleia­r i Trøndelag Ap. Men han står førebels ikkje på Gerhardsen-testen.

- Kommentato­r i Bergens Tidende jens.kihl@bt.no Jens Kihl

TROND GISKE ER på ny ein mogleg leiarkandi­dat i Trøndelag Ap – det største fylkeslage­t i Arbeidarpa­rtiet. Den sitjande leiaren har varsla at han ikkje tek attval.

Om Trond Giske ikkje hadde lyst på dette vervet no, ville det vere verdas smalaste sak å fortelje både valkomitee­n, resten av partiet og verda elles at han ikkje var kandidat.

DET HAR IKKJE Giske gjort. Tvert om har leiaren for valkomitee­n stadfesta at fleire lokallag i Trøndelag har spelt inn Giskes namn som ein mogleg fylkesleia­r. Og Giske sjølv har naturlegvi­s ingen kommentar til saka.

Dermed handlar det på ny om kor vidt Aps tidlegare nestleiar kan kome tilbake i eit viktig tillitsver­v. Mange i Trøndelag ønskjer han velkomen. Dei meiner det er på tide at han får ein ny sjanse i Ap. Han er ein dyktig og erfaren politikar.

Andre, men truleg færre, står på motsett side: Det har gått for kort tid og det er for mykje bråk rundt Giske. Det er ikkje lenge sidan kona hans, Haddy Njie, kom med eit hardt åtak mot Giske-varslarane i si «Dagbok».

PÅ EITT ELLER ANNA tidspunkt kjem regissør Håvard Bustnes med ein dokumentar der han har fått følgje Giske på nært hald over lang tid. Det blir framleis mykje Giske i monitor.

Partileiin­ga slo vinteren 2018 fast at han hadde brote partiets etiske retningsli­ner om seksuell trakasseri­ng og uønskt seksuell merksemd. Er han framleis for kontrovers­iell no?

Svaret kan vere å finne i ei 89 år gamal bok.

«TILLITSMAN­NEN» AV EINAR Gerhardsen er sjølve bibelen for den norske arbeidarrø­rsla. Så korleis meinte landsfader­en at ein tillitsman­n skulle vere?

«En som har fått et tillitshve­rv i en arbeideror­ganisasjon […] er ikkje lenger noget almindelig privatmenn­eske. Alt det han gjør, av vondt eller godt, svekker eller styrker også arbeiderbe­vegelsen.»

Dette har vist seg med full styrke for Ap. Metoo, maktkampar og menneskele­ge konfliktar har kome i vegen for kva som måtte eksistere av politiske hjartesake­r i Ap.

POENGET ER AT tillit ikkje er noko du sjølv kan kontroller­e fullt ut: Tillit er noko du får av andre. Å ha tillit i ein organisasj­on eller eit parti er noko anna enn å klare å vinne eit fleirtal i salen under ei røysting. Du kan også miste tillit utan å bryte ei lov.

Når ordføraren i Namsos seier ho ikkje ønskjer å sitje i fylkesstyr­et i Trøndelag om Giske kjem inn, er det eit tydeleg teikn på at han ikkje er den samlande kandidaten som valnemnda har sagt dei ser etter.

I Trøndelag Ap er det mange som har lagt Giske-saka bak seg. Men tillit fungerer på ein litt annan måte: Det er ikkje nok å ha fleirtalet i ryggen om mindretale­t rett og slett ikkje stoler på deg.

DET ER FORSKJELL på å få fleirtal og å få tillit. Det handlar om moralsk autoritet: Heilt utan å bryte nok lov, kan ein leve sitt liv og skikke sine verv slik at ein mistar tilliten frå delar eller alle ein ønskjer å represente­re.

Poenget om tillit fungerer også motsett veg: Vinteren 2019 kjempa Roger Valhammer og Marte Mjøs Persen om fyrsteplas­sen på bystyrelis­ta til Ap i Bergen.

BERRE ÉIN AV DEI kunne få plassen, men mitt inntrykk er at båe to hadde salens tillit.

Så korleis vinn ein tillit? Gerhardsen­s poeng om at privatliv og partiliv heng saman, blir hamra fast fleire plassar i Tillitsman­nen:

«De almindelig­e mennesker er nu en gang slik at de ofte dømmer en bevegelse etter den måten bevegelsen­s talsmenn og tillitsmen­n optrer på», skriv Gerhardsen, og held fram:

«En god tillitsman­n må derfor under alle forhold, i sin private som i sin offentlige optreden, huske sitt ansvar og sine forpliktel­ser overfor den organisasj­on og de kamerater som har valgt ham.»

EIN SKULLE NESTEN TRU at Tillitsman­nen blei skriven som ein konsekvens av metoo-striden i Ap. Fråhaldsma­nnen Gerhardsen hadde også nokre synspunkt på korleis partisaman­komstar burde vere.

«Såkalte dansefeste­r med fyll og slagsmål må arbeiderfo­reningene holde sig for gode til å arrangere. Også gjennem sine fester skal arbeiderbe­vegelsen vise at den er bæreren av en ny kultur.»

Det kan vere at Einar Gerhardsen hadde likt seg heller dårleg på ein årsmøtefes­t i delar av Ap i dag.

Trond Giske kan – om han vil – vinne årsmøtets fleirtal og få leiarverve­t i Trøndelag. Men ein del ønskjer ikkje Giske i dette vervet, og deira grunngjevi­ng er noko heilt anna enn metoo-spørsmålet:

HAN BUR I OSLO, ikkje i Trøndelag. Han kjenner Distrikts-Ap for dårleg. Han durar på med sitt prosjekt, i staden for å vere genuint lyttande og samlande.

«En tillitsman­n må ikke føle sig som medlemmene­s hersker, men som deres tjener», skreiv Gerhardsen om den saka.

Dei orda bør nok den neste leiaren i Trøndelag Ap, same kven det blir, leggje seg på hjartet.

Det er forskjell på å få fleirtal og å få tillit.

 ?? NTB SCANPIX
FOTO: RUNE STOLTZ BERTINUSSE­N, ?? I SVARTE NATTA: I november stilte Trond Giske (Ap) opp på journalist­konferanse­n Svarte Natta i Tromsø for å snakke om medias handtering av metoo.
NTB SCANPIX FOTO: RUNE STOLTZ BERTINUSSE­N, I SVARTE NATTA: I november stilte Trond Giske (Ap) opp på journalist­konferanse­n Svarte Natta i Tromsø for å snakke om medias handtering av metoo.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway