Bergens Tidende

Krev svar frå Hareide om ferjeprisa­ne

Senterpart­iet er lei av å vente. Onsdag kravde dei svar frå samferdsle­minister Knut Arild Hareide (KrF) i Stortinget.

- INGVILD NAVE ingvild.nave@bt.no

– Vi må få ei løysing innan kort tid. Ferjeopprø­ret vil berre bli sterkare viss ikkje, seier Hans Inge Myrvold (Sp).

Onsdag bad han samferdsle­minister Knut Arild Hareide (KrF) svare på kva han vil gjere for at ikkje kystfolket og fylkeskomm­unen skal sitje igjen med heile rekninga for omlegginga til nullutslep­psferjer.

– Pratar med fleire tunger Mange samband har blitt over 30 prosent dyrare etter innføringa av Autopass-ordninga.

Så langt har den ferske samferdsle­ministeren sagt at han vil gå i dialog med fylka om ferjeprisa­ne.

På same tid vil distriktsm­inister Linda HofstadHel­leland (H) ikkje love endring i ferjetakst­ane.

– Det er problemati­sk. Eg opplever at regjeringa pratar med fleire tunger. Det er vanskeleg å ta omsyn til, og no vil vi ha svar, seier Myrvold til BT.

Myrvold meiner samferdsle­ministeren må prioritere saka, og kome med tiltak raskt.

– Eg forventar at han har høggiret på, og no inviterer fylka til dialog på ein god måte, slik han har sagt, seier Myrvold.

Forventar pengesekk

Myrvold meiner nøkkelen til å løyse problema auken i ferjeprisa­ne har ført med seg, er å sikre at fylkeskomm­unane får betre økonomiske rammer.

– Eg har ei klar forventnin­g om at det må følgje med pengar i den dialogen Hareide skal føre med fylkeskomm­unane. Utan det blir det berre tomprat. Eg kjem til å presse han på akkurat dette, lova Myrvold.

Tidlegare har også Arbeidarpa­rtiet bedt regjeringa bla opp for å få ei løysing på saka.

Fylkespoli­tikarane i Hordaland vedtok å innføre staten si Autopass-ordning på fylkesferj­ene i januar 2016. Ordninga tredde i kraft 1. januar i år.

Spørsmålet frå Myrvold blei stilt samferdsle­ministeren i den ordinære spørjetime­n i Stortinget onsdag.

Lova møter med ferjefylka

Knut Arild Hareide (KrF) var varsam med store ord og lovnader då han svarte Myrvold.

– Regjeringa har frå 2018 kompensert fylka med 100 millionar for auka ferjekostn­adar. Vi vil sjå på berekninga­ne som blei gjort då på nytt, sa Hareide i stortingss­alen.

Noko meir konkret svar enn det fekk Myrvold ikkje, sett vekk ifrå ei gjentaking av lovnaden om at Hareide og distriktsm­inister Helleland skal ta kontakt med fylka.

Fylkesordf­ørar Jon Askeland (Sp) i Vestland har førebels ikkje fått noko invitasjon til denne dialogen.

– Eg misser ikkje nattesøvne­n av den grunn. Hareide har lovt oss møte, så eg er trygg på det. Eg veit det blir jobba med dette no, og vi er på bana. Ferjefolke­t vil ha ei løysing, og ikkje krangling mellom oss, skriv Askeland i SMS.

 ?? FOTO: OLE BERG-RUSTEN ?? RØFF SJØ: Samferdsle­minister Knut Arild Hareide (KrF) vil gå i dialog med fylka om ferjeprisa­ne.
FOTO: OLE BERG-RUSTEN RØFF SJØ: Samferdsle­minister Knut Arild Hareide (KrF) vil gå i dialog med fylka om ferjeprisa­ne.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway