Bergens Tidende

Luftambula­nsen i knipe: Står utan landingspl­ass

Bergen kommune vil ha ambulanseh­elikopterb­asen vekk frå Grønneviks­øren. Men begge dei føreslåtte tomtealter­nativa er ueigna, ifølgje Helse Bergen.

- MÅLFRID BORDVIK malfrid.bordvik@bt.no

På Grønneviks­øren, sør for Store Lungegårds­vannet, landar ambulanseh­elikopter med pasientar som skal til Haukeland universite­tssjukehus. I 18 år har Helse Bergen leigd dette området av Bergen kommune for å frakte pasientar til og frå sjukehuset.

Men avtalen er berre midlertidi­g. Bergen kommune skal bygge bustader langs sjølinja, og helikopter­trafikken må difor bort.

– Det fungerer bra å vere på Grønneviks­øren, men vi har i lang tid vore på jakt etter ei permanent løysing, seier Geir Egil Pedersen, avdelingsl­eiar på prosjektko­ntoret i Helse Bergen.

Bergen kommune har gitt helseføret­aket tilbod om å kjøpe tomt på Nygårdstan­gen, like ved brannstasj­onen. Området er regulert for helikopter­base.

Men utgreiinga­r viser at tomta er dårleg egna til dette, blant anna fordi køyrerampe til basen vil kome i konflikt med brannstasj­onen og motorvegra­mpe. Statens vegvesen meiner landingspl­assen er problemati­sk med omsyn til trafikktry­ggleiken og tilrår at prosjektet vert skrinlagt.

Området er også for lite til at ein tankbil kan snu, og det

vil krevje fylling av store steinmassa­r i sjø for å innfri desse krava.

– Svært uheldig

Helse Bergen har difor undersøkt mogeleghei­ta for å flytte ambulanseh­elikopter-basen til Flesland. Men dette blir sterkt fråråda av Luftambula­nsetjenest­en. Dei meiner at basen bør ligge nært Haukeland universite­tssjukehus.

– Føremålet med å bruke helikopter i ambulanset­enesta er å kome raskt fram til pasien

ten, og frakte pasienten raskt til sjukehuset der pasienten kan få betre behandling. Tidsbruken er vesentleg. Dersom ein flytter basen til Flesland vil responstid­a ved utrykking auke, samtidig som det tar lenger tid å frakte pasienten til sjukehuset, seier Kyrre Humblen, rådgjevar i Luftambula­nsetjenest­en.

I dag tek det cirka tre minutt med ambulanseb­il frå Grønneviks­øren opp bakken til Haukeland. Frå Flesland, særleg i periodar med rushtrafik­k, vil tidsbruken bli vesentleg utvida.

Eit anna problem med å flytte basen til Flesland er at ambulanseh­elikoptera sine avgangar og landingar må tilpassast anna lufttrafik­k.

Fordi lege og redningsma­nnskap må bruke meir tid på transport mellom Haukeland og Flesland vil dei raskare nå maksimal arbeidstid, som pålegg kvile. Då må helikopter­et stå på bakken.

– Er det fare for pasienttry­ggleiken ved flytting av basen til Flesland?

– Det er risiko for auka utrykkings­tid; at det tek lenger tid før pasienten får hjelp og kjem til sjukehus. Vi ser det som svært uheldig for tenesta, seier Humblen.

På tomtejakt

Dermed står Helse Bergen igjen utan gode alternativ til ny helikopter­base.

– Vi er i ein situasjon der vi pr. dags dato ikkje har permanent løysing på baselokali­sering. Vi har difor bedt Bergen kommune om dialog for å undersøkje mogeleghei­tene for anten å bli på Grønneviks­øren eller om det er andre tomtealter­nativ tilgjengel­eg, seier Pedersen.

Det er også landingspl­ass for helikopter på taket til Haukeland universite­tssjukehus, som kan brukast i tilfella der det hastar mest. Støypåverk­nad gjer at dette ikkje kan vere den einaste landingspl­assen.

Dersom Helse Bergen ender opp med base som ligg langt unna Haukeland, vil det bety fleire landingar på sjukehusta­ket framover, seier Pedersen.

Får ikkje bli

Bergen kommune blei nyleg orientert om at Helse Bergen ikkje ser seg tent med Nygårdstan­gen som ny base.

– Vi registrere­r det og ser at det kan bli vanskar med å bygge på tomta som vi har regulert til formålet. Dette er skuffande og overraskan­de. Vi må gå i dialog med Helse Bergen og sjå om det er noko vi kan gjere i regulering­splanen som kan legge til rette for at den likevel kan brukast, seier Bjørn Arne Olsen, spesialråd­gjevar i eigedomsav­delinga i Bergen kommune.

Det er ikkje aktuelt å la basen bli på Grønneviks­øren.

– Vi held på med ein stor regulering­splan for familiebus­tader i området. Det er ikkje forenleg med helikopter i bustadområ­de. Planen er at dei første bebuarane skal flytte inn i 2023, seier Olsen.

– Er det andre tomter som er aktuelle?

– Det må vi vurdere saman med Helse Bergen. Vi skal vere behjelpele­ge, men det blir ikkje lett. Vi har brukt mange år på å regulere Nygårdstan­gen til dette formålet.

Tidsbruken er vesentleg. Dersom ein flytter basen til Flesland vil responstid­a ved utrykking auke, samtidig som det tar lenger tid å frakte pasienten til sjukehuset.

Kyrre Humblen, rådgjevar i Luftambula­nsetjenest­en.

 ?? ARKIVFOTO: RUNE SÆVIG ?? TRENG NY HEIM: Luftambula­nsebasen på Grønneviks­øren i Bergen sentrum må flytte.
ARKIVFOTO: RUNE SÆVIG TRENG NY HEIM: Luftambula­nsebasen på Grønneviks­øren i Bergen sentrum må flytte.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway