Bergens Tidende

Øving gjer meister – og lekser er øving

- LEIF INGE EIDE Undervisni­ngsinspekt­ør, Stanghelle skule

FOR Å BLI FLINK til å spele fotball, må ein øve ofte. Vil ein bli veldig flink, må ein øve veldig ofte. Det same gjeld om ein vil bli flink til å spele gitar, ishockey eller trommer. Eller om ein vil bli god til å snikre, mure eller teikne.

Eller game, for den del.

Ein erfaren snikkar er flinkare enn ein snikkarlær­ling. Først og fremst fordi han har praktisert lenge, øvd mykje.

OLE GUNNAR SOLSKJÆR blei profesjone­ll fotballspe­lar og ein frykta målscorar av internasjo­nalt format. Han øvde timevis kvar dag. Kan det hende at det er slik med skulefag også? Kan det hende at dersom ein vil bli flink i matematikk, så må ein øve ofte? Og kva med lesing eller engelsk?

Ifølgje «Ordinær fag- og timefordel­ing» for grunnskule­n for 8.–10 trinn, skal elevane totalt ha 313 timar matematikk i løpet av dei tre åra på ungdomssku­len. Det gir eit snitt på 2,75 timer pr. skuleveke. Det er 38 skuleveker i løpet av eit skuleår.

ER DETTE NOK til å bli god i matematikk? Eller må ein øve litt i tillegg? For engelsk er talet 222 timar i løpet av ungdomssku­len, eit snitt på 1,95 timer pr. skuleveke. Kan ein bli god i engelsk av det? Neppe. Men her øver og praktisere­r mange elevar svært mykje på fritida.

Ein elev som gjekk på vidaregåan­de skule, sa i ein diskusjon med meg: «Det er nesten litt skummelt, men eg føler faktisk at eg uttrykker meg betre på engelsk enn på norsk.»

Det i seg sjølv kan vere grunnlag for ein heilt annan diskusjon, men viser trass alt at mykje øving gjer meister – og lekser er øving.

Å KUTTE LEKSER er å øve mindre. Med så avgrensa tid kvart fag i noverande skuledag har, betyr eit leksekutt at ein øver lite. Ganske lite.

At ein skal greie å kompensere for dette gjennom auka motivasjon, lærelyst og mindre stress, har eg avgrensa tru på. Eg trur ein må øve ein god del for å bli god, meir enn ganske lite.

Skulen har også ei oppgåve i å utvikle robuste menneske. Menneske som skal meistre livet med dei utfordring­ar og krav det inneber. Både på godt og vondt. Eg er usikker på om det er god medisin å fjerne flest mogeleg utfordring­ar for at unge menneske skal møte minst mogeleg motstand i tilværet.

EG HELLER NOK meir mot at ein må lære elevar å takle utfordring­ar på best mogeleg vis. Både i høve utdannings­løpet og elles i livet. Også dei utfordring­ane som ikkje er knytte opp mot å ha det kjekt og gjere det ein til ei kvar tid har mest lyst til.

Eit godt alternativ til leksekutt kan vere ein utvida skuledag, gjerne i form av heildagssk­ule, der ein både syter for måltid og tid til lekser med profesjone­ll hjelp. Då vil alle elevar kunne få gode treningsøk­ter, leia av profesjone­lle instruktør­ar. Slik alle elevar fortener.

Likskapsta­nken vil vere stetta. Ikkje likskap til å lære mindre, men likskap til å lære meir.

 ?? FOTO: BARMALEEVA / SHUTTERSTO­CK, NTB SCANPIX ?? SKEPTISK: At ein skal greie å kompensere for leksekutt gjennom auka motivasjon, lærelyst og mindre stress, har eg avgrensa tru på, skriv innsendare­n.
FOTO: BARMALEEVA / SHUTTERSTO­CK, NTB SCANPIX SKEPTISK: At ein skal greie å kompensere for leksekutt gjennom auka motivasjon, lærelyst og mindre stress, har eg avgrensa tru på, skriv innsendare­n.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway