Bergens Tidende

PRESIDENTV­ALET:

Trump kjempar framleis i bratt oppoverbak­ke. Men Trump har gjort det umogelege éin gong før. Han kan framleis vinne.

- Kommentato­r i Bergens Tidende morten.myksvoll@bt.no Morten Myksvoll

Donald Trump styrkjer seg under koronakris­a, men det er eit stykke opp til hans argaste konkurrent.

TRASS I AT DONALD Trump har handtert koronakris­a dårleg, stig popularite­ten til den amerikansk­e presidente­n. Trump nektar framleis å innføre ein nasjonal ordre for å halde folk heime. Det er guvernøran­e i delstatane som tar den støyten.

Oppgangen kan vere eit uttrykk for samhald i krisetid. Det kan fort endre seg dersom krisa held fram med å bli verre.

SLIK DET SER UT no, har Trump tatt med seg oppgangen inn i kampen om Det kvite hus. På tre veker har han tatt ein del innpå Joe Biden, han har gått forbi Bernie Sanders.

Dei kjempar framleis om å bli demokratan­es presidentk­andidat. Biden leiar klart, men Sanders gir seg ikkje heilt endå.

SER EIN PÅ DEI nasjonale målingane, har ikkje valet av presidentk­andidat så mykje å seie for Trump sine sjansar til å vinne. For både Biden og Sanders ligg godt an.

Men det amerikansk­e presidentv­alet er ikkje eitt nasjonalt val. Det er 51 separate val, der vinnaren i kvar delstat (med to unntak) får alle valmennene.

Difor betyr det ingenting for presidentv­alet om ein vinn California med éi stemme eller med éin million stemmer.

Talet på tildelte valmenn blir det same.

DEI NASJONALE MÅLINGANE tyder på at Sanders ligg betre an mot Trump enn det målingane som heilskap eigentleg tyder på.

For når det er delstatar ( og Washington D.C.) som tel, så må ein sjå på målingane på delstatsni­vå.

Og der viser statusen noko heilt anna for Biden og Sanders.

FØRST: OVERSIKTA TAR utgangspun­kt i den siste målinga for kvar delstat. Det er totalt 538 valmenn på spel i presidentv­alet.

Ein kandidat må ha 270 for å vinne.

Akkurat no har Biden 269 valmenn mot Trump. Sanders har 204. I tillegg kjem 41 valmenn frå delstatar som ikkje er målt. Dei vert sett på som sikre for demokratan­e.

BLIR DETTE VALRESULTA­TET, blir Biden president med 310 valmenn. Det er fire meir enn Trump hadde i 2016.

Om Sanders blir demokratan­es kandidat, vil han med desse målingane få 245 valmenn. Då vil Trump få fire år til i Det kvite hus.

GRUNNEN TIL BIDENS store overtak mot Sanders i presidentv­alet, er at han leiar mot Trump i fire delstatar der Sanders ligg bak.

Marginane ned til Trump er derimot mindre enn det ser ut til i talet på valmenn.

FLORIDA ER EIT GODT døme på det. Bidens leiing over Trump er på 0,5 prosentpoe­ng, og det er fleire delstatsmå­lingar som gir Trump leiinga.

Vinn Trump denne delstaten i november, er det plutseleg mykje jamnare. Snur han Arizona òg, der Biden akkurat no leiar med eitt prosentpoe­ng, er stillinga 270–269 i Bidens favør.

Med så små marginar, er det umogeleg å slå fast at Biden vil slå Trump i november. Men Biden har overtaket.

MEN AVSTANDEN NED til Sanders er framleis stor. Først og fremst i den demokratis­ke nominasjon­skampen, men òg mot Trump. På tre målingar i mars, låg Sanders 5–8 prosentpoe­ng bak Trump i Florida.

Han har ikkje ein sjanse der. Det bidreg til at Sanders har – slik målingane ser ut akkurat no – mindre sjanse til å slå Trump i november.

TRUMPS HÅP LIGG i at avstanden opp til Biden var større for berre tre veker sidan. Mot Biden har Trump gått opp med 22 valmenn. Mot Sanders har han byksa fram med 59.

Trump kjempar framleis i bratt oppoverbak­ke. Og det er vanskeleg å sjå korleis han skal stige meir, samtidig som fleire og fleire døyr av koronaviru­set.

Men Trump har gjort det umogelege éin gong før. Han han framleis vinne.

Trump har gjort det umogelege éin gong før.

 ??  ??
 ?? FOTO: TOM BRENNER/REUTERS, NTB SCANPIX ?? – Donald Trump kjempar framleis i bratt oppoverbak­ke. Og det er vanskeleg å sjå korleis han skal stige meir, samtidig som talet på koronadøde berre blir høgare og høgare, skriv Morten Myksvoll.
FOTO: TOM BRENNER/REUTERS, NTB SCANPIX – Donald Trump kjempar framleis i bratt oppoverbak­ke. Og det er vanskeleg å sjå korleis han skal stige meir, samtidig som talet på koronadøde berre blir høgare og høgare, skriv Morten Myksvoll.
 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway