Bergens Tidende

Styringa av Bergen må tilbake til normalen

Bergensara­r må få vite korleis byen blir styrt i denne krisa.

-

DET ER EKSTRAORDI­NÆRE tilstandar i heile landet, også i bergenspol­itikken. Sidan slutten av februar, har ei gruppe hatt fullmakt til å ta kritiske avgjersler i Bergen i samband med koronautbr­otet.

Gruppa er leia av kommunaldi­rektør Robert Rastad, og var mellom anna ansvarlege for å vedta forbod mot folkemengd­er på over 1000 menneske, karantener­eglar før skular og barnehagar blei stengde, og ein-metersrege­l for alle plassar folk samlast.

NÅR EI KRISE som koronasmit­te oppstår, kan det vere grunn til å handle svært raskt. Då rekk ein ikkje følgje vanlege politiske prosedyrar.

Nettopp av denne grunnen vedtok bystyret for 20 år sidan mogeleghei­ta til å bruke ei krisefullm­akt i Bergen. Den har vore i bruk fleire gonger i løpet av desse åra, men denne gongen skil seg kraftig ut.

Ifølgje vedtaket frå år 2000 bør krisefullm­akta berre brukast i inntil 72 timar. No har den vore i verknad i Bergen i snart fem veker.

DETTE VISER AT beredskaps­planen i Bergen ikkje har tatt høgde for ein langvarig krisesitua­sjon som den me no står i. Fullmakten­e som framleis er i bruk er skapte for ein svært akutt situasjon.

Sjølv i ei krisetid er det avgjerande å behalde demokratis­ke prosessar. Styringsgr­uppa som no har fullmakt til å ta avgjersler i koronakris­a, er i stor grad sett saman av administra­tivt tilsette. Sjølv om byrådsleia­r Roger Valhammer er med, og også har siste ordet, er det demokratis­ke underskote­t problemati­sk.

Store deler av arbeidet dei gjer er unnateke offentlegh­eita. Sjølve vedtaka dei fattar får me sjå, men utgreiinga­r, møteloggar og protokolla­r som ligg til grunn for dette, får ingen innsyn i.

AT BYENS INNBYGGARA­R, men også dei folkevalde i bystyret, skal ha innsyn i politiske prosessar, er heilt grunnlegga­nde i eit demokrati. I krisesitua­sjonar, der mange av vedtaka grip kraftig inn i folks kvardag, er det kanskje viktigare enn nokosinne. Jo meir openheit, jo meir oppslutnad vil kritiske tiltak få.

Difor bør det alltid vere eit mål, også i krisesitua­sjonar, at ein krisestab prøver å gjere så lite som mogeleg. Det er også ein føresetnad i fullmakten­e frå år 2000. «Bergen kommune skal tilstrebe å komme tilbake i en normal driftssitu­asjon (...) så snart dette er mulig og forsvarlig.»

HAR BYRÅDET DENNE gongen gjort ein god nok jobb for å oppfylle dette kravet?

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway